Skip to content

For alt som er utan ord

oktober 19, 2015

Me lar orda vera ord,
Det finst då andre språk i verda.
Språk som folk kan ha meir bruk for.

Heidi

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Biletet over har eg lånt av Sissel Ruud. Då eg besøkte henne for å snakka om utstillinga ho skal ha på Fotland mølle frå komande sundag av, fortalde ho at ho ville la bileta snakka eit anna språk enn ord-språket.

Dette er noko eg har tenkt ganske mykje på sjølv og gjennom åra. Kanskje dette er litt ironisk sidan orda absolutt er eit av mine hjartespråk, og truleg og ein av mine styrker.
Likevel er eg alltid på jakt etter å tolka andre former for språk. Det kan vera biletspråk, tonespråk, kroppsspråk eller stemningsspråk. Ikkje minst kan det vera trua sitt språk, det religiøse språket som ofte grip fast tak i meg heilt utan ord. For meg har det vore ei spennande utfordring for meg å prøva å fanga orda som kan tolka dei andre språka om til tala eller skrive språk.

image

Det blir ofte tala om å setja ord på ting, få ting fram i lyset, seia det som det er.
Då spør eg meg, er det mogleg å seia ting som dei er, sjølvsagt er det ikkje det. For det aller meste saknar me presise og treffande ord. Alle veit at svaret «Takk bare bra,» på spørsmålet «Korleis har du det?», kan vera heilt sant og veldig usant på same tida.

Ofte tenkjer eg at det å vera «dønn ærleg», kan det vera noko veldig ubarmhjertig ved. Eg er fascinert over Carl Ove Knausgård sitt prosjekt i «Min kamp». Han prøver verkeleg å vera ærleg, og det gjer at verda sett gjennom desse bøkene kanskje blir noko av det næraste me kjem å betrakta livet usensurert gjennom andre sitt blikk. Dette er eit prosjekt med høg pris, og samtidig ein kabal som aldri vil gå heilt opp fordi i den augneblinken me tenkjer ein tanke og tek i mot ei kjensle kan kjenska eller tanken vri seg litt og i neste sekund vera annleis. Det er ei fare i å vera ærleg som eg synest er godt formulert i ein songtekst: «… but there´s no tenderness beneath your honesty.» Den ømheita eller varheita som me kan omsetja ordet «tenderness» med, treng me alle saman.»

Måndag er skrivedagen min, og i føremiddag har eg prøvd å laga dikt av nokre tankar eg skribla ned sist veke i Spania. Eg er framleis veldig i tvil om kor vidt det å leggja ut halvferdige dikt her er lurt eller ikkje… Det kjennest i alle fall på eit eller anna vis ærleg, og så liker eg at dette kan vera ein kanal for førstereaksjonar og gode råd…

image

Du og eg går barbeinte
gjennom sommaren
ved hanegal.

Forsiktig trør me på doggdropane
i det kjølege graset
før me set oss
tause
og fulle av ordlaust språk
på nattkalde murar av stein.

Du veit at eg har funne blikket ditt,
eg gjorde det den gongen
for meir enn lenge sidan,
då det framleis
spegla det hemmelege i sjela di.

Me vet at me har fått nåde
til å ikkje bruka ord
på alt me veit
til ikkje å vera ukjærleg vitande

Ømt vitande
pakkar eg dette ordlause
rundt deg som varme mjuke teppe,
så kyssar eg deg lett på panna
for å forsegla
alt som aldri skal få ord.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: