Da vi sang om kjærlighet og fred…
I dag sette eg meg ned med ei avis eg ikkje fekk lese i helga, og då eg såg dette biletet, breidde det seg ei bølgje av nostalgi, glede og vemod i kroppen min. Denne plakaten hang på rommet mitt på slutten av 70- talet, og var viktig for meg og alt eg trudde på. Akkurat dette Jesus-ansiktet hadde folk på skuleranslane sine, på jakkemerke og teikna med svart tusj på fillete dongerijakkar over vovne busserullar og bestefarsskjorter frå Fretex. Plakaten kjem frå Guds fred, ein bevegelse som var viktigfor mange på denne tida. Biletet i avisa fann eg i ein fin artikkel om Jesus-bevegelsen. Det var eit privilegium å vera ungdom i kjølvatnet av Jesus-bevegelsen. Det var noko ungt, friskt, radikalt og hippie-aktig ved det som var ein fin kontrast og eit meiningsfullt tilskot til den kristne ungdomskulturen som fantest frå før i baptistkyrkja på Ålgård, på bedehuset og i kyrkja der eg song i ungdomskor. Sjølv har eg alltid følt meg litt som hippie, noko som har eit lite element av protest i seg, og som sikkert er veldig sunt for «snille flinke piker». Eg gjekk i lilla aplikerte lange skjørt og store sjal og hadde langt flagrande hår. I kristenrusskoret song me: «Vi er søsken og sammen skal vi slåss, vi vil kjempe mot hat og løgn og lunkenhet som hersker mellom oss…» Eg fekk til og med oppleva å vera på besøk på «Fredens bolig», Guds fred sitt kollektiv i Krokskogen, den Henriette, syster til Anne Mette budde ein periode. Me vart tekne inn i arbeid og trusliv, og eg vart sett til å reinska kokte, heimeavla kaniner til kaninfrikaséen dei skulle ha til middag. Eg hadde ei viss dragning mot det litt ekstreme, samtidig som eg alltid har vore litt pysete av meg. I jakten på nådegavar bad eg til Gud om å få kjærleikens nådegave fordi denne høyrdest langt mindre skummel ut enn tungetale og åndeutdriving. Dessutan tenkte eg vel at kjærleikens nådegave måtte vera noko verda verkeleg trong. Framleis appellerer det litt hippieaktige sterkt til meg. Det slår meg at denne rørsla hadde mykje til felles med det Halvdan Sivertsen syng om i ein av sine tekstar.
Alle har sitt eget 69
Der vi står mens tia går forbi
Og æ syn’s det e litt trist
Når du si takk førr sist
Det går greit, det går bra
Men ingenting e som da
Da vi sang om kjærlighet og fred
Om ei felles jord, der vi sku rive muran ned.
Halvdan Sivertsen.
Heldigvis har eg korsveirørsla og korsveifestivalane som eg kan lena idealismen min og trua mi i mot. Eg kjenner nemleg på mykje av det same framleis. Eg vil gjerne vera med på å forandra verda. Det svart/kvite har fått fleire nyansar, men framleis synest eg at verda er ein plass som treng kjærleik og fred og riving av murar. Eg kjenner meg priviligert som fekk vera ungdom på akkurat den tida då eg vaks opp. Det var ei tid, i alle fall for mitt vedkomande, då mitt eige bilete i spegelen var heilt underordna det å forandra verda. Framleis dusja me saman etter gymtimane utan å tenkja over at kroppane våre ikkje tolde å visast fram, nå er dette så vidt eg forstår ein stor barriere for unge jenter fordi me meir enn nokon gong blir fortalde at me ikkje er gode nok slik me er skapte. Me gjekk med jakkemerka side om side på loppemarknadskåpene: «Kvinnenes fellesaksjon mot pornografi», «Jesus lever», «Atomkraft, nei takk», og «Viss kvinnene fikk styre jorden». Og me trudde på det alt saman…
Nå kan det tenkjast at eg idylliserer litt. Det har me vel ein tendens til å gjera me som har fylt femti. Eg synest desse tankane er viktige å tenkja likevel… Takk til Vårt Land som henta plakaten min fram frå det nesten gløymde. I dag går eg rundt og nynnar på: «Vi er søsken, og sammen skal vi slåss». Eg ville i grunnen ha unna barna mine å ha opplevd det same som meg. Samtidig veit eg at dei har andre opplevingar som er viktige for dei og som formar dei som menneske. Det eg vil fram til er vel kanskje at eg sjølv fekk med meg mykje som eg er takknemleg for å ha fått oppleva.
Heidi