Gå til innhald

Mor på langtur

oktober 22, 2015

imageFor slike som meg som trivest godt med bare sånn passe skumle utfordringar, som er glad i å reisa langt, men som helst unngår å fly, så må dette vera det perfekte prosjektet. Eg er nå på toget som så smått nærmar seg Egersund, retning Oslo. Det er første etappe på turprosjektet att og fram til Mosjøen med tog i løpet av ei langhelg…

Eg har foreløpig sitjeplass på nattog-etappane og, og med miniprisbillettar så er det rett og slett ganske billig synest eg… Eg hadde bestemt meg for å kosta på meg sovekupe mellom Trondheim og Oslo natt til sundag, men då eg ville kjøpa i dag, var det rett og slett ingen ledige… Det var tre kupear reserverte for rullestolbrukarar, og viss ingen med spesielle behov bestilde dei så vart dei lagt ut førtiåtte timar før avgang. Det vil visa seg om eg trekk det heldige loddet… Det går bra uansett…

Dette har eg gleda meg til lenge, for tog er favorittreisemåten min. Det er roleg torsdadgsstemning på toget folk les i bøker og kikkar ut vinduet. Haustfargar har kome seint i år, men nå er markene gylne og trea er blitt gule og oransje. Dersom toget er i rute har eg eit par timar ved togbyte på Oslo S. Viss alt klaffar blir det eit lite treff med Halvard og Sunniva 🙂

Heidi

From → haust, Reiser

2 kommentarar
  1. God tur! Håpar du får seng! Eg har vore i Nepal netopp, og ei natt på ein liggjestol på flyplassen i Dubai er ikkje noko å trakta etter – for folk i vår alder. Det går, og billetten var veldig billig – men seng er betre. 🙂 Ha det kjekt på turen i alle tilfelle!

  2. Takk, det vart faktisk seng på meg til slutt 🙂 Herleg det…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: