Les feulles mortes
Me er meir enn tretti år tilbake i tid. Eg sit i klasseromet og har fransk med lektor Meling. Ute er det blitt haust. Han står der og tar i mot oss med ei bunke ark. Han vil gjera ein vri på undevisninga, i dag skal me synga. Overskrifta på arket er «Les feulles mortes». Han fortel oss at «le føye mårte» betyr haustblad, og spør kor mange av oss som kan songen eller i det minste melodien. Me ser lett forvirra på kvarandre, eg ristar og på hovudet. Eg kan aldri hugsa eg har høyrt melodien før. Fransklæraren seier at han kan begynna å synga, så kan me falla inn etterkvart.
Av ein eller annan grunn hugsar eg dette og fylgjande heilt glasklart. Han blir ståande framme ved tavla og synga. Han syng fint. Få eller ingen hektar seg på undervegs, men med eit vennleg, bestemt og litt sjenert smil syng han songen om dei døde blada som fell om hausten. Eg blir rørt, og prøver å skjula det fordi eg ikkje heilt veit korfor eg opplever det så sterkt.
Mange år seinare oppdaga eg den amerikanske varianten av den same songen «Autumn leaves». På denne årstida har det hend fleire gonger at eg vel denne musikken som velkomen-song når elevane kjem om morgonen, og det hender eg let tankane gå til lektor Meling si forestilling i fransktimen. Nå sit eg her på toget og reiser gjennom landskap med gule blad. Eg kjenner på vemodet ved å vera i denne årstida att, og eg kjenner at dei gule blada berører meg. Eg tenkjer at eg kanskje er i ferd med å utvikla meg til å bli skikkeleg sentimental. Koss skal dette enda… ?
Heldigvis er det fleire enn meg som opplever årstidene som rom i livet der me går ut og inn. Det har større lyrikarar enn meg sett ord på. Stein Mehren skriv: » For den som elsker er årstidene åpne dører, og du skal gå inn».
Så vrir livet seg vidare i det store tilveret etter spiralprinsippet. Skrua har gått ein runde til, det er haust att.
Nå sit eg i restaurantvogna og drikk sterk kaffi frå pappbeger. Folk småprater med togvertinna: » Mi har bare ostepølser igjen…» «Ja, ja, mat er mat…» » Det er ikke alle som lier ostepølser, så æ må nesten si i fra…» » Å, ja, nei det kan vel være det…» Det er beroligande. Eg liker å høyra lyden av menneske. Utanfor er det eit utruleg vakkert overlys gjennom mørke skyer ned på åsar med gule blad. Klokka passerer fem.Eger framleis glad for at eg har langt igjen å reisa.