Gå til innhald

Musikken av orda dine

oktober 26, 2015

image

Eg sit her på toget og smuglyttar til ein telefonsamtale. Smuglyttar er kanskje ikkje det rette ordet, for eg forstår bokstaveleg talt ikkje eit ord av det du seier.Du snakkar på eit språk eg ikkje klarer å identifisera, men det er fullt av musikk, og stryk meg ømt over  tankane.

Stemmen din vekslar mellom glad entusiasme og lått til det triste, sårbare, klagande og kviskrande. På eit plan forstår eg heilt kva du meiner, samtidig har eg ikkje sjanse til å forstå noko som helst.

Om du snakkar norsk og, anar eg ikkje. Høgst sannsynleg så snakkar du ikkje vårt språk med same sjølvsagte presisjonen som eg høyrer du gjer når  snakkar med ein som bruker det same språket. Orda dine kjem i lange rekkjer med smil, humor, glede og klage. Sjølv om eg ikkje veit det, så høyrest det ut som om du spelar små dialogar med ulikt stemmeleie  og med lått og kommentarar innimellom.

Eg håpar du har det godt her i det nye landet ditt. Eg håpar du har blitt kjend med varme og inkluderande menneske  og at du kjenner det er bruk  for deg  her og at me set pris på det du har å tilføra oss.

Utan å forstå eit ord av det du seier, har musikken i orda dine fortald meg om eit menneske med mykje humor og varme, om eit menneske med skodespelartalent og mange og sterke kjensler. Eg har i grunnen fått litt lyst til å bli kjend med deg, men me nordmenn er ikkje alltid så flinke til å vita korleis me skal få til slikt. Eg håpar ingen har begynt å senda deg strenge blikk som fortel at du forstyrrar tausheten som kviler over togturen vår…

Heidi

image

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Steinar Hobberstad Fjeld permalink

    Takk for bloggen din og den vedunderlege boka di, Heidi. Ordet fangar. Inspirert skreiv eg:

    musikken i orda dine
    kling i øyra mine
    som fargespel av ljod og ljos
    musikken i orda dine
    syng i oss
    boblar over
    kor me enn snur oss

    musikken i orda dine
    seier mangt
    ein treng veta
    for å finna fram
    i ei verd av lengt og tårer,
    tårer og lengt

    ei musisk verd av nåde og song,
    song og nåde
    drøymer eg om
    med silkemjuke tonar
    som spring over tangentane
    på fjørlette kattepotar
    musikken i orda dine
    fangar meg inn
    som villast´ fløytelåt i sommarvind

    musikken i ord og tanke
    gjev den som flyktar i natta
    von om ein notefull morgondag
    musikken i orda dine
    døyr visst aldri ut
    kling no, ord og tonar
    spel og kim frå hav og hei
    så ein kjenner strenger dirra
    frå hjarte til hjarte
    og anar ljos i skoddelei

    jarfeld 30102015

  2. Så veldig kjekt at eg kan inspirera nokon til å laga fine ting 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: