Det har blitt november
Nokre gonger skjer sånn omtrent alt på ein gong. Sist veke skjedde det noko kvar kveld og i helga fortsette livet å koma med hendingar i lange rekkjer. Morgonane er lysare att etter at me skrudde klokka tilbake, og det har vore mange flotte soloppgangar. Ein morgon i sist veke såg det ut som ein stor fugl kom flygande med morgonelden. På laurdag var det tida for ei ny forestilling om elefanten Babar. Denne gongen var det på Sandnes bibliotek. Det er spennande og litt nervepirrande å opptre på denne måten. Den største utfordringa er kanskje å få samspelet mellom meg og musikarane til å fungera godt fordi det frå mi sida krev god timing og rett grad av intensitet når eg for eksempel skal vera ein elefant som tek morgongymnastikken sin medan dei spelar vakker musikk. Då eg fortalde mor at eg var både gråtande og løpande elefant og fornem gammal fransk dame medan eg fortalde, var replikken hennar «Det har du i alle fall ikkje etter meg…» Det kan ho ha rett i. Sidan Babar tek med seg dei rymte syskenbarna sine på fint konditori når dei kjem til byen, så er eg nesten nødt til å eta ein kokosbolle og medan dei spelar litt tivoliaktig musikk. Det er rart kva ein rolle kan krevja… Alt for kunsten…
Slik ser det ut når forteljarbordet er dekka for Babar og gjengen. Etter forestillinga, som eg trur gjekk fint, reiste me innom mor og far på koseleg lunsjbesøk. Etterpå slokna eg på sofaen og vakna ti minutt før me skulle ut igjen fordi alarmen hadde svikta meg… Me var inviterte ut med Arne og Hilde, og me hadde spora opp ein etiopisk restaurant i Stavanger. Maten var utruleg god.
Me bestilte injera, store afrikanske pannekaker til fire personar. Dei kom på eit stort fat med ulike typar fyll og sausar oppå. I tillegg fekk me kvar vår skål med kyllingkjøt i sterk saus og eit kokt egg. Ein et maten ved å brekka av små bitar av pannekaka, leggja fyll oppå og eta med fingrane. Eg har fått ein liknande rett tidlegare laga av Mehret frå Eritrea, men då var det bare med ein type kjøtsaus.
Etter maten fekk me krutsterk etiopisk kaffi som smakte intenst av nellik. Det var veldig godt det og.
På vegen gjennom byen såg me mange heil- og halvhjarta utkledde menneske som feira halloween med spøkelseskappar og kanindrakter. Eg har ikkje vore nokon stor halloweenfeirar, men trådde til med nokre saftige spøkelseshistoriar på skrivekurset etter ynskje frå elevane. Me fann oss eit mørkt rom og hadde bare med lysestake med brennande lys. Kvar gong eg fortel spøkelseshistoriar får eg litt dårleg samvit etterpå med tanken på at eg kan ha klart å skremma nattesøvnen frå elevane mine. Eg lever meg sånn inn i det at eg nesten blir fælen sjølv… Kanskje eg skal kosta på meg ei forteljarmaske til neste gong…
På sundag måtte eg tidleg opp for å leggja siste hand på sundagsskuleandakten. Eg pleier å vera tidlegare ute, men sidan eg hadde hatt det så travelt fekk eg litt tidsproblem. Eg satsa på gammaldags flanellograf for ein gongs skuld, og fekk nesten litt panikk då eg ikkje fann alle Betty Lukens figurane der dei brude vera. Det ordna seg til slutt.
På ettermiddagen sykla me til Fotland for å sjå Sissel si utstilling. Det var veldig kjekt å sjå bileta ferdig opphengde på veggen etter å ha hjelpt til litt på førehand. Eg skulle gjerne kjøpt eit av bileta, men det er etterkvart smått med veggplass i heimen. Eg fekk med meg kalendar og fine postkort i sykkelkorga som eg kan gleda meg til å få bruk for etterkvart. Om kvelden reiste eg og Hilde på forestillinga «Kvinner i bibelen» i Orstad- Frøyland- kyrkja. Det var ei fin oppleving. Det var ei forteljarforestilling med flinke musikarar og songarar i tillegg til forteljinga. Songarane song så fint at eg fekk frysningar på ryggen. Eg fekk i grunnen veldig lyst til å laga ei liknande forestilling sjølv.
I går kveld var me så vane med at det skjedde ting heile tida, så då inviterte me oss på kveldskaffi hos Torhild og Per Magne. Plutseleg var det alt for lenge sidan sist.
I ettermiddag har eg rett og slett brukt nokre timar på å slappa av i sofaen. Eg lurde på korfor i all verda eg var så trøytt, men når eg sit og skriv om den siste veka så er det kanskje i grunnen ikkje så rart. Eg fekk store mengder drueklasar med små og ganske sure druer av far då me var oppe på hos dei i helga. I kveld har eg prøvd meg på druesyltetøy kokt på druer og frosne blåbær. Det vart veldig flytande, men smakte godt.
Framleis har eg blomar i verandapottene mine og små rosa roser på den eine busken. Haustfargane er fine i år. Eg har ein følelse av at året er litt forskjøve… Sommaren kom i midten av august og hausten varer til jul? Me seier ikkje nei takk til fine dagar enten kalendaren seier det eine eller andre. Me er ikkje vanskelege slik. På fredag kjem Sunniva for å vera heime i helga. Det gler eg meg til. Boka vår har seld så godt at eg lurer på om me bør trykkja opp fleire slik at me har nok viss folk vil kjøpa julegåver hos oss. Det er alltid vanskeleg å berekna, men veldig kjekt både med sal og gilde tilbakemeldingar. Nå gler eg meg til å skriva meir.
Heidi