Skip to content

Om Ronja, Pippi og haustmorgonar i skulen

november 5, 2015

image

På torsdagar har eg ei fast rute som medvandrar med elevar. Fredag er symjedagen vår. Symjelærarane våre går ned med den første klassen og blir i bassenget. Eg går ned med klasse nummer to og opp att med klasse nummer ein, medan Marius går ned med klasse nummer tre og opp med klasse nummer to, før symjelærarane går opp att med den siste gruppa. Dette fordrar ein gjennomtenkt logistikk. Først tenkte eg at det var nesten litt misbruk av tid at lærarane var så mykje på vandring, men eg har ombestemt meg. Eg har oppdaga at ein blir godt kjend med ungane på denne måten. Det er nesten litt rørande at dei aller fleste, både gutar og jenter, gjerne vil leia læraren på vegen. Derfor må dette godet gå på rundgang. Det er koseleg å vandra gjennom haust og morgon ned til Sivdammen medan ein småpratar med dei ungane ein leier denne aktuelle morgonen. At det er ein del av det heile å stagga dei raskaste, masa på dei som går seinast og ordna opp i småkranglar undervegs, får ein ta med på kjøpet. I dag måtte me stansa litt på veg ned fordi ein av gutane meinte han såg vandrefalken, eller er det jaktfalken, stupa frå platået sitt på høghuset, og det måtte me sjå nærare på. Ei av jentene hadde oppdaga at ho kjende luktene betre viss ho lukka augene, så ho gjekk delvis i blinde. Ho kunne melda at det lukta av kulde og av døde blad på bakken.

Før me går ned, har eg klart å smiska meg til å få litt høgtlesingstid med gruppa som snart skal på symjing. Me er nå ferdige med to Pippi Langstrømpe- bøker og har lese dei første tjuefem sidene i Ronja Røvardotter. Eg les for dei to gonger i veka medan dei et, og elles når eg klarer å sjp mitt snitt til det. Eg har alltid elska «Mio min Mio» og «Emil i Lønneberget». I vaksen alder har eg fått ein ny favoritt i «Ronja Røvardotter». Denne boka kom først på åttitalet, så eg måtte oppdaga ho som vaksen medan ein del av dei andre Astrid Lindgren- bøkene høyrde til barndomen min. Eg er djupt begeistra for dei sterke og sjølvstendige jenteskikkelsane til Astrid Lindgren. Me treng dei kanskje meir enn nokonsinne. Eg har djup respekt for samfunnsrefsaren og skulerefsaren i Pippi Langstrømpe. Av og til kan eg dela hennar synspunkt på at ungar kan leva opp utan å vita når Karl den tovte døydde og kor mange kinntenner ein hest har, og kanskje til og med utan å kunna plutifikasjonstabellen på rams når frøken Rosenblom kjem for å sjekka ut kunnskapsnivået i skulen.

Historien om Ronja har og truffe meg midt i hjartet. Denne varianten av «Romeo og Julie for barn», har i seg den same djupe respekten for barn og for barnelivet som eg liker så godt hos Astrid Lindgren. Sitatet hennar om å gje barna kjærleik, kjærleik og meir kjærleik, så blir det nok folk av dei, er eit av mine grunnsyn på det å oppdra og undervisa ungar. Samtidig får ho på ein genial måte vist oss noko om det å veksa opp og sjå foreldra sine med eit nytt blikk etterkvart som ho blir i stand til å reflektera sjølv. Oppdaginga av at far hennar og den snille røvarflokken hans eigentleg lever av å plyndra andre går opp for henne som både sjokkarta og traumatisk. Me har vel alle fått vaksenlivet litt i fleisen på same måten ved på eit stadium å oppdaga at foreldra våre faktisk er feilbarlege menneske som ein ikkje kan einast med i eitt og alt, og ikkje minst at samfunnet me er ein del av faktisk har sine svin på skogen. Då det på eit eller anna punkt gjekk opp for meg at me er ein del av eit system som har drive med både kolonialisering, slavehandel og direkte undertrykking og utnytting av andre delar av verda fekk eg nok og ei slags Ronja-oppleving. Midt i det heile står Lovis, mor til Ronja med ein så klippefast og varm kvinnevisdom at ein tilgir henne på flekken at ho faktisk er gift med ein røvar og dermed del av eit system som i seg sjølv er ganske så uetisk.

Mest av alt er eg glad for at Ronja, kanskje meir enn Pippi,som nærast er eit overjordisk vesen, kan gje jentene våre litt motvekt til den rosa kulturen dei blir serverte på alle andre frontar. Då eg vaks opp var faktisk jenter og gutar mykje likare enn nå. Nå blir jentebabyar kledde heilt annleis enn gutebabyar, og leikebutikkane har ein avdeling med jenteleiker og ein avdeling med guteleiker. Eg har til og med høyrt argumentet frå klesprodusentar at guteklede må vera litt vidare og meir komfortable sidan gutane skal springa, klatra og slåst… Då eg såg ein lokal bokhandel ha to bøker ved sida av einannan i bokhandelen: «Bibelen for jenter» og «Bibelen for gutar», hadde eg nesten lyst til å gå inn og spørja kva i all verda som var forskjellen. Eg håpar det var bare fargen på omslaget og at ikkje gutebibelen hadde fokus på Daniel og jentebibelen på Ruth, slik me song då eg sjølv gjekk på sundagsskulen. «Og jeg vil ligne Daniel, og jeg vil ligne Ruth. For Ruth hun var så god og sann, og Daniel var modig han…»

I garderobane ser eg til at alle dusjar og får på seg badeklede. Eg fortel gutane at eg må innom av og til for å sjå at alt går bra, og at nakne gutar er eg vant med fordi eg er ei mor. Det godtek dei rimeleg greitt. Eg held meg likevel mest inne hos jentene. Før dei går i bassenget, legg eg våte hestehalar og parisefletter dobbelt og hjelper dei å ta på badehettene over runde nakkar og smale aksler. Det finst ting som plutseleg kan røra meg slik at tårene nesten stig opp i auga mine, kattepotar, varme smil og jentenakkar under ei badehette. Eg kryssar fingrane for at åra som kjem må vera dei vennlege og at dei ikkje skal spegla seg så lenge i dei ubarmhjertige skjønnheitsideala at nakkane blir bøygde og blikka triste. Eg las bloggen til ei jente på atten år nettopp. Ho fortalde at ho hadde fått operert silikon inn i brysta, og at ho var kjempefornøgd. Dei fleste kommentarane ho fekk gjekk ut på at ho var kjempemodig som fortalde dette, og at dei støtta henne fullt ut dersom det fekk henne til å føla seg betre. Nokre av dei som kommenterte fortalde at dei drøymde om å gjera det same og lurde på kor mykje det kosta… I innlegget festa eg meg med fylgjande setning. «Nå er det jo nesten vanligere med silikon enn uten silikon.» Eg greip meg i å håpa at akkurat det aldri kom til å bli sant. For det må då vera deilig for dei fleste av oss å sleppa å bli neddopa for å bli skorne i… Eller er det bare meg som tenkjer slik?

Eg er ikkje her på min høge hest for å fordømma plastisk kirurgi eller folk sitt ynskje om å føla seg fin nok og for å føla seg vel. Eg synest bare det er litt trist at me bur i eit samfunn der det kjennest nødvendig å leggja seg på eit operasjonsbord for å kunna føla seg fornøgd med eigen kropp. Me har alle behov for å føla oss levande og føla oss fine og beundra. Eg skulle bare ynskja at det skulle vera ein sjølvsagt ting for jenter både på tolv, atten og femti å kunne gjera det utan å ta kniven til hjelp. Eg skulle ynskja at me alle med same frimodige sjølvkjensle som Pippi kunne gå inn på parfymeriet og svara på spørsmålet frå plakaten ute på gata: «Nei, eg lider ikkje av fregner». Eg kom på ein song eg må læra elevane mine: «Jeg liker dine store ører, og nesa di har nydelig profil. Jeg liker dine mange tusen fregner, og jeg elsker ditt gode smil.»

Til slutt kan det vel passa å presentera litt barnekunst. Elevane har lært om Abraham som såg på stjernehimmelen og fekk løfte om ei stor slekt. I dag har elevane laga gruppebilete av hendinga. To av klassane vart ferdige med oppdraget.

image

image

Heidi

From → barn, Bøker, haust

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: