Skip to content

Om å forsova seg og om hurtigarbeidande julesongarbeid og litt sånn…

november 16, 2015

image

Om ein ser bort i frå det som har skjedd i den store verda i helga, så har mi eiga, private fredelege vesle helg vore kjempefin. Eg har vore «aleine heime» og hatt god tid. Eg har mellom anna henfalle til ein gammal lidenskap, å skriva gammaldagse papirbrev, dei som får brev av meg er ekstra heldige fordi breva delvis er skrivne på Sissel sine fine kunstkort.

image

Odd Christian og eg hadde tenkt å støtta den nye bibliotekskafeen med eit besøk, men så viste det seg å vera stappfullt av folk der. Så vart det lunsj på pasta-pasta i staden. Dei treng sikkert å bli støtta dei og, og maten var veldig god…

image

På sundag var det først sundagsskule og så heim i full fart for å baka til sundagskaffien eg hadde invitert foreldre, barn og sysken til Eg følte nesten eg sanka litt husmorpoeng gjennom å baka to kringler, bollar, kanelbollar og eplekake i løpet av tre timar. Det hender eg glimtar til, men for å vera heilt ærleg så er det ikkje så frykteleg ofte det skjer. Det var ein koseleg ettermiddag å samla folk på, mørkt, kaldt, vått og blåsande, trur eg i alle fall. Eg rakk ikkje å koma meg ut meir den dagen.
I dag opplevde eg ein ufrivillig pangstart. Leif vekte meg frå mine djupaste draumar og spurde om eg visste at klokka var halv åtte. Eg prøvde å overbevisa både han og meg sjølv om at han bare tulla, men så gjekk det opp for meg at vekkjerklokkealarmen på mobilen min ikkje er innstild på å ringa på måndagar fordi eg som oftast har skrivedagen min då… Eg hadde gløymt å korrigera i går kveld… Heldigvis var ikkje klokka meir enn ti på halv åtte, men det var ein time seinare enn eg pleier å bli vekt og ein halvtime før eg burde vera på plass i klasseromet. Eg hadde tre «vikartimar» med matematikk i dag, og eg hadde tenkt å bruka litt tid på tilretteleggjing… Eg heiv meg i bilen, og oppdaga at det var på den tida av morgonen når alle barn på Bryne skal  kryssa alle gangfelt for å koma til dei forskjellige skulane sine. Det var veldig mørkt og barn i mørke regnklede utan refleks var skremmande usynlege. Eg minde meg sjølv om at eg måtte minna folk om å bruka refleks, så nå gjer eg det her og…

Arbeidsdagen vart god sjølv om han ende i eit svalestup inn i kvardagslivet. Eg hadde mykje å gjera og vart sitjande heilt til dagen tok ein tidleg kveld. Dette er litt av utsikta frå arbeidsplassen min.

 

image

 

Vel heime har eg hatt ein hurtigarbeidande innsats med ein ny julesong. Eg skulle ynskja eg kunne dela han med dokke, for nå trur eg snart me er i mål. Eg håpar eg kan gjera det litt nærmare jul. Det er spennande.
Heidi

From → Barna mine, haust, veret

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: