Gå til innhald

Stjerne i november

november 22, 2015

22821405929_63ec7c03cc_o

Dette nydelege biletet tok Leif i kyrkja i går på glaskunstfesten. Det me her snart skal få sjå er at Sonja gir hjartet sitt til engelen og får den heilage julestjerna i byte. Det er ein heil liten andakt innebygd i det. Det var fint å ha med seg teatertroppen frå Fantefylgje, eg trur rett og slett eg må gå og sjå på forestillinga deira i Storstova nå i begynnelsen av desember.

22893573170_ac34c33319_o

Om eg skal våga å seia det som eit medlem av komiteen, så vart arrangementet veldig vellukka. Me hadde tenkt oss fram til at mesteparten av arrangementet måtte vera inne i kyrkja fordi det sikkert kom til å regna og blåsa i november. Det viste seg at det skulle bli stjerneklart og vindstille og at festen var opptakten til den første frostnatta. Det var fint å sjå glasmaleriet bli offisielt belyst for første gongen til trompetfanfarar frå kyrkjetårnet etter at varaordføraren, smykka med ordførarkjede hadde sett støypselet i kontakten frå sin posisjon i liften.

22795235017_6ffcee1aa9_oOg sånn ser den nyopplyste glaskunsten ut sett frå mørket utanfor.

På fredag hadde me vandrekonsert i kulturskulen, og skrivekurselevane bidrog med sjølvskrivne dikt der dei prøvde å beskriva korleis dei trudde det var å vera på flukt. Her trykkjer eg to små dikt, men sidan eg ikkje har spurt om lov, så lar eg dei stå med anomym forfattar:

 

Båten kom nærmere,
Jeg gråt.
Båten la til kai.
Jeg gråt.
Vi gikk om  bord.
Båten begynte å seile.
Vi kom på land.
Alt var annerledes.
Vi gråt.

*

Bestemor, bror min,
mor og eg,
heilt aleine.
Husa er ruinar,
me er heilt aleine.
Ei dokke midt på vegen,
dekka av støv.
Eg plukkar ho opp.
Eg vil ikkje at ho skal liggja slik,
heilt aleine.

***

Vandrekonserten var organisert slik at det var konsertar i tre bygg. Kvar av dei varte ein halv time. Folk vart guide mellom lokala slik at alle fekk med seg alt. Det vil seia at alle forestillingane vart spelte tre gonger. Eg var i lag med mine elevar og fekk bare sett den eine forestillinga. Eg hadde bare jobba med eigne elevar og var mektig imponert over det eg fekk sjå. Me har utruleg flinke elevar og eg har utruleg flinke kollegaer i TIme kulturskule. Den kvelden var eg stolt av arbeidsplassen min.

I dag fekk me tid til ei vandring langs havet i strålande solskin, sjølv om deler av dagen gjekk til å førebu og rigga til bønevandring til kveldsgudstenesta i kyrkja. Hovudaktørane  i kveld var ein psykiater og ein bluesmusikar. Eg anbefalar kveldsgudstenestane i Bryne kyrkje. Dei pleier å vera fine.

23163276696_015d70ca4d_o

Som det framgår av teksten, så har eg hatt ei travel helg. Det blir godt å ha skrivedag i morgon, sjølv om eg har tusen ting som den dagen gjerne ville brukast til og. Eg deler tida mi mellom å vera lærar og spesialpedagog, å vera kreativ frilansar og å vera ein ganske engasjert frivillig kyrkjemedarbeidar. Det kan vera ein travel kombinasjon, for alle rollane vil gjerne slå armane ut og breia seg utover timeplanen. Nå er det tida for foreldresamtalar, iop-ar, og snart for adventaktivitetar i skulen, så det er mykje som skjer. Det gjeld å halda tankane klare. I dag har eg oppdaga at eg har prestert å få til to dobbelbookingar i kalendaren min, eg får ta det som eit teikn på at det er på tide å pusta litt roleg inn og ut.

Eg har forresten fått lov av Leif til å skriva at nå veit eg nesten kor behageleg det kan vera å ha ei kone, noko eg alltid har hatt mistanke om… Han har eit roleg semester der mykje av jobbinga foregår i heimen. Det betyr at han står med middagen småputrande på komfyren og med nybakte brød på benken når eg kjem heim. Eg har nesten ikkje laga mat i heile haust bortsett frå av og til i helgene. I dag har eg forresten bakt ein stor porsjon safranbiscotti som eg tenkte kunne vera greitt å kunna by på til kaffien. For å seia det slik: Dei vart farleg gode. Kanskje det er like godt å halda seg vekke frå baking 😉

Fred over kvelden.

Heidi

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: