Skip to content

Dagen for å leika forfattar

november 23, 2015

image

Eg er oppteken av lys og av fargar.  Eg blir ikkje einig med meg sjølv om biletet over reint fargemessig kunne ha vore teke i juni bortsett frå rimen i marehalmen i framgrunnen… Eg forbind slike lyse lette pastellfargar meir med forsommar enn seinhaust. Likevel er det eit eller anna på biletet som ikkje heilt seier sommar, er det gulfargen, mon tru?
Fint var det i alle fall. I dag har veret vore gråare, og det passa meg i grunnen godt, for nå har eg så mykje som må skrivast. Eg har lova å halda tale på julemessefesten på laurdag som kjem, og det vil eg gjerne gjera skikkeleg. På skapande skriving har me skrive bok om julenissen som hadde fått seg ny mobil med instagram og facebook på, som oppdaga at han var lei av å vera ein kjedeleg julenisse, nå ville han ha six-pack, kule klær og ny sveis… Det gjekk fort å skriva boka saman med elevane, og meir tid til å reinskriva det i dag… Men nå er det gjort, nå skal me laga fine bilete slik at det kan bli ei julegavebiletbok. Det eg nå må gjera er å jobba med manuset til tiandeklasseforestillinga før påske, for det har eg lova å ha sånn nokonlunde ferdig til jul. Det er veldig kjekt, men ganske arbeidskrevjande å skriva i lag med ei gruppe ungdomar. Det pleier å bli bra til slutt.

image

Nå har eg hatt besøk av ein journalist frå Gjesdalbuen. Eg spurde om dei hadde lyst til å skriva om boka vår, og så kom dei og laga eit intervju. Det er alltid litt spennande. Det å vera sitt eige PR-byrå er ikkje den enklaste delen av det å driva forlag. Eg vil jo gjerne at folk skal vita om boka, men det å driva utadretta reklame for seg sjølv er ikkje så veldig enkelt, kjenner eg. Nå kan boka kjøpast på Vivo bokhandel på Bryne, men det er framleis billigare å kjøpa direkte frå oss. Eg er i tvil om kor mykje arbeid me skal leggja ned i å prøva å distribuera ho ut til andre bokhaldlar. Heldigvis er ikkje dette noko me tenkjer me skal leva av. Det er vel snarare ein hobby som det er kjekt å driva på med. Til nå har den delen av livet mitt gått av seg sjølv. Eg skriv blogg fordi eg har glede av å gjera det, og eg har blitt spurt akkurat passe ofte om å lesa opp, fortelja og underhalda rundt forbi. Det er bra slik.

image

Morgonane kjem og går og nokre dagar ser soloppgangane omtrent slik ut frå innsida av lærarlivet. Så heldig eg er som får bruka heile tida mi på å halda på med ting eg liker å gjera. Før helga fekk me vita at vår veldig fredelege og kjekke leigebuar i kjellaren har kjøpt seg ein eigen plass å bu. Nå er me spente på kven som etterkvart skal flytta inn til oss. Det er alltid spennande med forandringar, og me veit aldri kva dører som skal bli opna. Eg hadde bare lyst til å leggja att eit livsteikn sidan det er skrivedagen min. Då pleier eg å unna meg ein times tid med blogging…

Eg les ein Leonard Cohen- biografi eg har halde på med lenge. Det er inspirerande. Så les eg aviser og høyrer på nyheiter. Dei siste vekene har det vore vanskelege ting ute i den store verda som me blir utfordra til å ta stilling til. Eg gjer meg mange tankar. Tittelen på boka mi blir rettare og rettare. Ta heller med deg hjartet ditt, seier eg til meg sjølv og verda. Eg må innrømma at som pasifist frå ungdomstida av så har eg litt vanskeleg for å tru at flatbombing er ein god måte å løysa verdsproblem på. Det er hjarteskjerande å sjå syrarar leita etter familiemedlemmar i ruinhaugar etter vestleg bombing. Eg diskuterer med meg sjølv om eg er naiv eller ikkje, men eg tenkjer at det er viktig å hugsa at alle liv er like mykje verd. Det er sikkert ikkje mange som er ueinige i at alle uskuldege menneske har rett til å sleppa å bli offer for både flybombing og terror… Og kven har me plass til her i landet? Det er og eit vanskeleg spørsmål, men eg synest det er nyttig å ha i bakhovudet at det faktisk er heilt tilfeldig og ufortent at me trakk det store loddet i livslotteriet og vunne den store premien å få bu trygt og godt i Norge utan at nokon vurderer å kasta oss ut.

«Gud gje oss visdom i hjarta våre.» Det er ei bøn det er godt å klamra seg til.

Heidi

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: