Luke 11 Lys i mørket
I dag skal du få vera med på ei reise gjennom dagen med bilete. Me startar i eit ekte førsteklasserom der englane boltrar seg mellom lysgirlander mot mørke morgonruter.
Der spegelbiletet visar ein lærar som organiserer morgonen slik at alt står klar når barna kjem. I dag er det hjarte nummer elleve som skal tast ned.
Og på lystavla rullar allereie teksten på Luciasongen. Snart skal det syngast i dei mange klasseroma, og andreklassingane sine lussekattar skal settjast i steikeomnen og få det til å lukta nybakt i gangane. Snart skal administrasjonen kledd i konfirmantkappar med glitter i håret og lys i hendene gå i Luciatog, syngjande gjennom klasseroma, der overraskelse og store smil blir å lesa i ansikta til både lærarar og elevar.
Når kvelden stundar til er det tid for julebord med kolleger frå kulturskulen i Undheimssmia med nydeleg dekka bord i gamle koselege lokale.
Juleborda i kulturskulen skiljer seg frå andre julebord eg har vore på gjennom at folk syng julesongane spontant fleirstemt, og at heile festen får element av jam- session gjennom at det i tillegg til instrumenta som er der av naturlege orsakar blir spelt på rytmeinstrument, munnspel, munnharpe, bjeller og stetteglas. Nokon deler bare ut munnspel og munnharpe på borda, og så begynner folk å prøva seg fram.
Maten, tapas og medbrakte dessertar smakte usannsynleg godt i selskap med flotte folk. Eg er utruleg heldig som høyrer til i to kollegeier og stortrivest begge plassane.
Eg kunne skrive mykje meir, men det har vore ei intens og krevjande veke, og klokka er allereie meir enn ein time inn i det nye døgeret. Nå må eg sova før morgonen, heldigvis ein av slaget utan vekkjarklokke, kjem for å opne nye luker.
Heidi