Luke 12 Dei store festreisene
Nokre dagar skjer det mykje på ein gong. Dei siste 31 timane har vore som ein samanhangande fest. I går var det julebord, og då eg hadde foretatt ein litt sein oppstandelse, var det i grunnen på tide å gjera seg klar til neste runde. Litteraturgruppa mi skulle møtast på Sandnestil sjampanjelunsj klokka eitt.
Eg fekk skyss med Leif og Odd Christian og på vegen såg me ein av dei mest fantastiske regnbogane eg har sett i mitt liv. Han gjell heil over himmelen, og det meste av vegen var han dobbel. Me måtte rett og slett stansa på ein busstopp på Ganddalen slik at eg fekk prøva å fotografera. Lyset var heilt utruleg, dette opplyste mørket som oppstår når det er sterkt regnver og skarpt sollys på same tida.
Eigentleg hadde eg tenkt å handla litt julegavar medan eg først var på Sandnes, men tida strakk ikkje til. Eg nådde bare ein rask tur gjennom Langgata der eit nisseorkester spelte julesongar i regnet.
Lunsjen hos «Charles og de» smakte fortreffeleg. Det var ein fast tapasmeny og eg trur me fekk åtte små rettar. Det var forresten uproblematisk å gjera det om til ein farris og eplemostlunsj for mitt vedkomande dersom nokon måtte lura på om det går an. Eg har så fine venninner i liveit mitt, det er så fint å bruka ein tretimars tid midt på blanke dagen til å sitja rundt eit bord og eta god mat og snakka, snakka og snakka.
Men festreisene var ikkje over med dette. Nå var det bare å skunda seg heim med toget og stryka kjolen til neste fest. Inger og eg har lagt oss til ein veldig god vane at ho hentar meg med bil om kveldane og så finn me oss ein fest. I dag gjekk turen til Njågarden der me feira flotte Anne Kristine som fyller sytti år omtrent på denne tida. Det vart ein heilt fantastisk kveld som eg kanskje kan fortelja meir om når det skal opnast nye luker…
Eit lite glimt inn i ei av stovene i festlokalet kan me unna oss avslutningsvis…
Heidi