Gå til innhald

Luke tretten- Å få kvarandre sine blikk til å gløda

desember 13, 2015

image

Mørket skal vike snart
fra våre saler,
slik hun et underbart
ord til oss taler,
dagen skal atter ny
stige av røde sky…

Eg elsker Lucia-legendene og har fortalt dei til mange klassar på mange ulike måtar. For lenge sidan, då me var mindre redde for levande lys, har eg til og med latt elevar stå med levande lys i Luciakrona og synga for blankøygde foreldre. Det er noko med mørke, barn, lys og song som får tårene til å sitja laust. Eg meiner å ha høyrt at dei kristne helgetrasisjonane rundt Lucia- feiringa har røter og i førkristne tradisjonar, og at Lussinatta vart sett på som den lengste natta i året. Då måtte ein tenna lys og eld til vern mot mørkekreftene.

I Dagbladet las eg i går ein fint innlegg om å tenna gløden i auga på kvarandre nå når det er som mørkast. Det kan ein gjera gjennom å ta seg tid til å vera saman, henta fram trasisjonane me har å stø oss på nå i mørketida. Me er flokkdyr som hentar lys og varme hos kvarandre. I dag vart det kveldsmat med  barn busette på Jæren, og nysteikte lussekattar. Det er første gongen eg prøvde å laga lussekattar med ekte safran. Dei smakte kjempegodt, men heva så mykje at dei vart mykje større enn eg hadde sett for meg. Eg henta fram ein av tradisjonane frå barndomsheimen med å koka kakao til kveldsmaten på sundagar. Eg gjorde til og med det siste på bestemormåten. Ho kokte alltid kakao, eller «sokkerlade», som ho kalla det med kokesjokolade i staden for kakaopulvar. Det er ikkje tvil i mi sjel om at det smakar endå betre då.

image

Luciadagen er blitt ein spesiell dag på endå ein måte i familien vår. I dag er det nøyaktig tre år sidan svigerfar døydde. Det var den same dagen som me vakna heilt nedsnødde her på Jæren og måtte vassa i snø som rakk oss til livet for å klara å koma fram til jobb. Om ettermiddagen fekk me telefon om at svigerfar var død. Det merkelege er at me mista bestemor og akkurat ved Lucia, det var enten natta før Luciadagen eller natta etter, deg er ikkje sikker lenger. Det er nå tjueto år sidan ho reiste frå oss. Både ho og svigerfar fekk oppleva å koma opp i høg alder, men likevel fylgjer det alltid sorg med å mista noko.

I føremiddag reiste me til kyrkja for å vera med på «Fest i Guds hus». Det er ei veldig vakker adventmesse skriven av Eyvind Skeie, som vert framførd med barnekor, vaksenkor, piano og trompetar. Det er med barnekor, vaksenkor, dansarar og solistar i rollar som Elisabeth, Sakarja, Johannes og Maria. Denne konseten handlar og om å tenna lys i mørket og ha forventningar til Guds gode kraft i vanskelege tider. Eg vart overrumpla over at eg skulle bli så emosjonelt rørt ved.  Eg stort sett heile messa med tårer i auga som av og til rann over slik at eg måtte opp med jakke-ermet og tørka dei vekk.

image

Heilt på slutten flytta eg meg fram til første benk fordi eg hadde så lyst til å fotografera. Det viste seg å ikkje vera lett å fanga dansarar, to kor og ei handfull songsolistar med mobilkamera, men eg gjorde eit forsiktig forsøk-

image

Oddny dirigerte med stødige hender. Eg prøvde å ta bilete av Åse og Kristine som stod på galleriet med trompetane sine, men dei var rett og slett litt for langt borte.

image

Etterkvart som føremiddagssola vart sterkare der ute, så vart glasmaleriet opplyst av eit heilt fantastisk lys som gjorde veggen til den flottaste bakgrunnskulissen som tenkjast kan.

image

På desse bileta kjem ein del av dei tusen små sprekkene og krakeleringane ein kan sjå i glasbitane når det er rett lys, godt fram. Det er då det er freistande å sitera Leonard Cohen: «There is a crack in everything, that´s how the light comes in.» Elller noko liknande. Kanskje eg skal slutta med tredje verset av adventsalmen min, dersom eg hugsar det då…

Tre lys er tend for gode ting,
For kjærleik, glede, fred,
mens verda dansar villt i ring
og me må fylgja med.
For alt det gode som me fekk,
for alt det gode me skal få,
står lysa som ein takk til Gud,
og bøn om alt me håpar på.

Nå går me inn i dei aller mørkaste vekene i året. La oss hugsa å ta oss tid til å tenna gløden i kvarandre sine auge.

 

Heidi

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

From → advent

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: