Skip to content

Bak luke fjorten er det ei julenissebok, delvis vellukka peparkaker og mange kjekke folk…

desember 14, 2015

image

Eg har framleis ikkje brukt opp draumen om perfekte peparkaker. I fleire år har eg planlagd å få til å baka dei, og kvart år me har end opp med deig frå Ikea, så tenkjer eg at det bare er ei foreløpig løysing før eg skal trø til med det perfekte… Eg veit akkurat korleis eg ser dei for meg, sprø utanpå, litt mjuke inni og med kraftig kryddersmak, nesten litt som tyske og nederlansdske lebkuchen.

I sist veke gjekk eg til verket med ei svensk oppskrift eg fann på nettet, eg har tru på at svenskane er ekspertane og sit på kunnskapen om det eg vil få til. Midt i bakinga så lurde eg på om brun farin er det same som brunt sukker… Eg vart usikker på om farin er noko anna på svensk enn på norsk, men sidan brunt sukker allereie var helt i røra, så var det ingen veg tilbake. Eg valde ut frå logiske vurderingar at «en matsked» måtte vera det same som ei barneskei sidan nokre av kryddera skulle hast i med tesked og andre med matsked. Ein trør vel ikkje til med ei halv spiseskei med kardemomme i ein relativt liten deig? Kakene vart heilt annleis enn eg trudde, ikkje det at dei ikkje smakte godt, men konsistenden minde meir om sirupssnippar enn om peparkaker. I går var eg i gang igjen med ei ny svensk oppskrift. Mengden av krydder gjorde meg optimistisk. Eg var på apoteket og kjøpte stjerneanis, og i tillegg til det skulle det vera både kardemomme, kanel, ingefær og rein pepar oppi. Dette måtte vel bli gode greier? Denne deigen var lettare å kjevla ut, men vart dei for tynne vart dei ujamnt steikte. Til slutt fann eg ut at det som fungerte best var å laga dei omtrent like tjukke som kvite kakemenn. Dei fekk omtrent same konsistensen som det og, og vart lysebrune, men slik som eg hadde tenkt meg at dei skulle smaka smakte dei definitivt ikkje. Det fine med det er at eg framleis ikkje har brukt opp draumen om å laga dei perfekte peparkakene… Ikkje kom med nye oppskrifter til meg, for nå er huset metta med peparkaker i lange tider, dei som kjem innom dørene her i frå nå av kjem til å bli serverte peparkaker og kanskje ingenting anna…

Det eg derimot til slutt fekk nesten til i dag var å overføra dei applikerte bileta eg har laga med jentene på skapande skriving frå i-paden til ein datamaskin og så til ein fargeprintar. Eg er stolt over å ha fått det til, for det hadde eit sterkt element av learning by doing. Eg er framleis ikkje i mål med boka, men håpar på å bli det i morgon. Fordelen med å vera uhelbredeleg tidsoptiminst er at ein set i gang med dei meste elleville prosjekta utan å ana kor lang tid det eigentleg vil ta å få det ferdig. Det er meir enn eit prosjekt som ville ha blitt stansa i starten om eg hadde forstått kor mykje arbeid det kom til å innebera. Det er kanskje grunn til å prisa seg lukkeleg for å ha fått tidsoptimismens gave, for då blir det mykje gjort ( og lite sove…)

Nisse med mobil

Boka handlar om ein nisse som får seg ny mobil og dermed tilgang til internett. Han oppdagar at ekte mannfolk har sixpack-musklar og kule klær. Dei går ikkje i tåpelege pelskledde raude kåper, har ikkje stor mage og på ingen måte langt kvitt skjegg.

FullSizeRender

Julenissen tek grautskeia i den andre handa. Han begynner på treningsstudio og droppar grauten til fordel for salatmix. Han barberer vekk skjegget og kjøper seg skinnbukser, tatoveringar og rastafletter. Han drøymer og om å forandra stakkars nissemor til ei dame som liknar litt meir på ho på biletet over.

 

trist treningsnisse

Nissen har ikkje fått trimma reinsdyra sine, så han må ta motorsykkelen når han skal ut med julepresangane. Han har ikkje fått tid til å kjøpa gavar, og pengane har han brukt på nye klær, så det blir tikroners boksar med peparkaker i staden. Nissen møter stengde dører og føler seg trist misforstått og avvist. Meir kan eg ikkje røpa her, i tilfelle nokon av dei som les skulle koma til å finna boka under juletreet, det kunne jo tenkjast at nokon er heldige nok til å kjenna ein av forfattarane.

Når me har fri kjenner me oss litt som skomaker Andersen i Skomakergata. Her har det jammen meg droppa inn venner og kjende mest kvar einaste dag. Eit av ærenda til ganske mange er å kjøpa med seg ei diktbok eller to for å gi i julegave til nokon dei kjenner. Slikt kan me lika. Ikkje minst liker me praten og kaffikoppen. Det kunne ha vore noko å bare leika skomaker i nokre veker, men i likskap med Skomaker Andersen som me vel bare unntaksvis kan observera i konsentrert arbeid over tid, så er det ikkje sikkert eg hadde fått gjort så mykje heller…

I dag dukka det opp ein heilt spesiell gjest. Eg hadde ikkje sett Torun på sikkert eit halvt år, så då var det utruleg koseleg at ho ringde og sa at ho var på besøk heime på Kverneland. Det vart eit par koselege timar med gjenoppleving av barndommens julesmakar, denne gongen representert gjennom fingerkremkjeks.
I dag morges fekk eg melding om at det var fint intervju med meg i Jærbladet. Det var absolutt ei overrasking sidan eg ikkje har blitt intervjua av Jærbladet. Det viser seg at Jærbladet og Gjasdalbuen deler litt på stoff, og denne gongen vart det meg… Endeleg fekk eg lese intervjuet, for Gjesdalbuen har eg ikkje sett endå. Eg synest at Kristine har gjort ein god jobb. Ho fekk med seg det eg sa og tenkte var viktig. Det er alltid litt rart å sjå seg sjølv i avisa. Der er ikkje kvar gong eg kjenner meg like mykje igjen i den personen som blir framstilt, men når det er sagt, så er me jo forskåna frå å måtta observera oss sjølve frå utsida, så det kan vera mykje me ikkje ser sjølv. Men den personen som dukka opp i Jærbladet i dag kan eg stå for…

Eg er litt engsteleg for å bli ein slik person som skal prakka produkta sine på andre så snart eg får ein anledning. Når eg skriv om sal av boka her, så føler eg meg litt som ein eldre mann busett på Nærlandheimen i si tid, som var ein svært iverig loddselgjar. Eg skal ikkje bruka namns nemning, men det er sikkert fleire enn meg som har hatt mange besøk av den sympatiske karen i lusekofte. Etter å ha ringt på døra gjekk han eit steg tilbake og sa sjenert: «Dokke ska ikkje ha lodder her, nei? Det er for Saniteten…»

Nå skal eg gå og sjå om peparkakene er kalde nok til å leggjast i boks.

Heidi

 

From → advent

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: