Bak luke femten er det ein song eg hadde gløymt.
På gebursdagsfesten til Anne Kristine var det mykje song og musikk. Ho hadde laga eit fint songhefte. Der fann eg til mi overrasking ein song eg hadde skrive for ti år sidan og som ho hadde sett melodi til. Eg hadde rett og slett gløymt at eg hadde laga han, så det var verkeleg som å opna ei luke i advenkalendaren. Eg tenkte at den teksten kunne eg dela med dokke i dag før eg gløymer han att…
Ei vise til glede
Når desembermørket pakkar seg kring alle du er nær,
og når junihimmelen velsignar dagen,
ja, når vatna frys, og vinden bles, og livet blir til snø,
og når løvetenner dansar gult i hagen,
skal du opna gløymde dører inn til alle dine rom,
samla gledene som finnest djupt der inne,
dei som sprett i mot deg straks, fordi dei hender nettopp nå,
og alle dei som bur i gamle, skjøre minne.
Ja, la sola varma tankane og orda,
hent di glede fram, og strø ho over jorda.
Kvar gong dagen strammar grepet sitt med alt det som du må,
kvar gong dagen ler, og alle rundt deg smiler,
kvar gong tankane blir trøytte, og musikken tonest ned,
når di tru er sterk og kvar gong som du tviler,
skal du kjenna at du lever, at du finnest og er til,
skal du opna gleda, den som bur lengst inne,
henta form alt det som gler deg, alt du ser og alt du har,
finn musikken i eit gammalt bleikna minne.
Ja, la sola varma tankane og orda,
hent di glede fram og strø ho over jorda.
Opna alle gamle songar, la ditt liv bli til musikk,
dansa trassig gleda gjennom år og dagar,
same kva som skjer og hender deg, og kor du enn seg snur,
er du midt i livet og alt livet lagar,
våg å rekkja hender ut og vera levande og nær,
me er saman, me er her, og me skal leva.
Gud som skapte oss til glede, han som var og han som er,
han skal bera oss frå her og inn i æva-
Ja, la sola varma tankane og orda,
hent di glede fram og strø ho over jorda.
Heidi