Bak luke seksten bur det ein nisse….B
Så gjør vi så når det snart skal bli jul…
Nå har eg feira førjul med syster og foreldre som skal ut og reisa i jula, eg har pakka inn litt pakkar og servert litt julegavar. Nå blir det tidleg kveld sjølv om det ikkje er tidleg kveld lenger.
Eg skal ha sundagsskule på sundag, og er på halvdesperat jakt etter ei løve, eg kunne ha vore det i alle fall… Sei i frå om nokon som les dette er klare til å hoppa i løvedrakta på sundag klokka elleve. I dag var me på skulegudsteneste, det var ein forsmak på jula det og, elevane var flinke både til å koma med bidraga sine og til å sitja stille.
Elles så har eg sagt ja til å koma til Idas julemarked på sundag og selja bøkene mine. Tjue prosent av eventuelle inntekter går til hjelpefondet. Enten det blir sal eller ikkje, så høyrest det koseleg ut å vera med.
Denne nissekona kjem frå svigerforeldra til Ingrid. Ingrid fotograferte ho fordi ho var så lik meg. Eg brukte det som profilbilete i fjor, og folk trudde eg hadde fått spesiallaga ein nisse etter modell av meg sjølv. Komisk…
Det ende med at eg fekk nissen i presang frå husfolket på Vig, det var nemleg der han budde. Koseleg tanke… Nå er det snart på tide å finna ho fram…
Heidi