Skip to content

2. juledag med tid til ro og tankar

desember 27, 2015

image

Denne boka fekk eg av Leif til jul. Eg begynte dagen med å lesa ein tredjedel i eitt strekk, og då eg fann ho fram att i kveld, klarte eg ikkje å leggja ho vekk før eg hadde lese alt. Takk til Peter Svalheim for ei viktig  og veldig interessant bok.  Det stod mykje eg visste der, men og mange ting eg ikkje visste, til dels vonde og såre ting. Eg las om personar eg kjenner til frå ulike samanhangar. Forfattaren skriv  mykje om Guds Fred, der han sjølv har vore med, og dersom forfattaren er den eg trur, så trur eg faktisk eg har møtt han ein gong. I juni 1980 var eg sjølv på eit tredagars besøk på Fredens bolig i Krokskogen i lag med to venninner for å besøkja storesyster til den eine vennniia som budde der på den tida. Me budde på firemannsrom i lag med ei svensk jente som og var på besøk og var med på husandaktar og i arbeidet på garden. Eg var med på luking og på å dela opp kokte kaninar som var oppalte og slakta på staden. Eg sugde inn atmosfæren med alle sansar og misunde dei som fekk bu der og vera ein del av det heile.

Både eg og Leif var ungdomar medan Jesusvekkelsen stod sterkt i Norge. Eg likte den litt rufsete hippiestilen og elska visesongen, gitarspelet, det kompromisslause engasjementet og den sosialetiske profilen som Jesusvekkelsen stod for. Samtidig syntest eg det var litt skummelt på ytterste karismatiske fløy, så eg skygga litt unna akkurat det. Samtidig var det befriande å både høyra til i kyrkje og bedehus og samtidig kunna gå med jakkemerke med «Kvinnenes fellesaksjon mot pornografi» og «Nei til atomvåpen». Eit tiår tidlegare er det ikkje sikkert det hadde vore så stovereint med jakkemerke og hippieklær i kyrkja. Eg abbonnerte på «Ny tid» og «Folkevett» og skreiv brev gjennom «Amnesty International.» Leif var kanskje endå meir insidar enn meg i Jesusbevegelsen. Han har i si tid jobba for «Operasjon Mobilisering» og vore på team med «Ungdom i oppdrag». Då eg møtte han var han aktiv i «Navigatørene».

Boka til Peter Svalheim talar både om det livskraftige i bevegelsen som har sett varige spor og etterkvart blitt teke opp i Den Norske Kyrkja, mellom anna via «Korsveibevegelsen». Korsveibevegelsen har eg takka Gud for mange gonger, for meg har både Korsveifestivalane og anna med utspring i Korsveirørsla, som tidsskriftet «Korsvei» og magasinet «Strek»  vore veldig viktige impulsar i livet mitt som menneske og som eit medlem av kyrkja.  Korsveirørsla har vore eit ankerfeste for veldig mange av dei verdiane som er viktige for meg. Eg er og veldig glad for at barna mine har fått med seg erfaringar med korleis kristentru kan fungera gjennom alle dei fargerike festivalane me har teke dei med på. På mange måter har eg og som vaksen identifisert meg med Jesusbevegelsen. Når eg les boka så forstår eg betre korfor mange «vaksne og etablerte kyrkjefolk» var skeptiske til ein del av det nye. Karismatiske vindar er i sitt vesen vanskelege å temma, og ungdom med sterk overbevisning er i eigenskap av å vera akkurat det, ikkje alltid like reflekterte i møte med idear og impulsar. Eg trur Jesusbevegelsen var nyskapande, forfriskande og nødvendig på mange måtar i ei kyrkje som alltid står i fare for å stivna i det etablerte og besteborgarlege. Likevel ser eg at det nok sit att ein del «brende barn» med erfaringar dei i ettertid gjerne skulle ha vore utan. Alt som stikk verkeleg djupt i menneskesinnet kan vera både fantastisk og farleg, og mi personlege tru og erfaring tilseier at religiøs overbevisning er noko som verkeleg loddar djupa i det å vera menneske. I all tillitsfull og uorganisert tru ligg det og ein fare for maktmsibruk. Den som hevdar å ha Gud og alle gode andsmaktar i ryggen blir ikkje så lett å motseia. I dette ligg noko av det sårbare i det å vera menneske. Me ber kvarandre sine liv i hendene, måtte me gjera det med klokskap, ikkje minst når det handlar om tru. Sjølv er eg av den overbevisning at tillit og tru er viktigare enn nokon gong i ei verd som i alt for stor grad er styrd av egoisme og marknadskrefter. På same tida trengst det store mengder klokskap og sjølvinnsikt hos dei som har ansvar for kyrkja. For å seia det slik så trur eg at me alle må vera lyttande, varme og villige til å ta ansvar enten det gjeld å oppdra og undervisa ungar, driva kyrkje eller rett og slett vera medmenneske.image

Etter nokre travle dagar med juleførebuingar og julefeiring med mange rundt bordet, var det avslappande og befriande å kunna finna sofaen, boka eg hadde lyst til å lesa og eit varmt pledd…

image

Med kvar vår bok, kvar vår sofa, kvar sin kopp med kaffi og ein kjælen katt på deling, så hadde me ein god føremiddag, Sunniva og eg.

image

Utpå dagen vart veret ganske bra, og me måtte koma oss ut ein tur. Sidan det framleis er på det aller mørkaste, så gjeld det å koma seg ut før sola går ned.

image

Det var fantastisk fint nede på stranda. Havet gjekk uvanleg høgt opp og lyset i skumringa var heilt fantastisk. Det same var fargespelet i havoverflata med sjøsprøyt, brytande bølgjer og kvitt skum. Havet ligg der og dunkar som eit stort hjarte, nede ved havet finn eg ei eiga ro og ser betre kva som er stort og kva som er lite. Kva som er viktig, og kva som rett og slett er ubetydelege bagatellar.

image

I ettermiddag låg temperaturane ca på nullpunktet og det var vindstille. Nå bles det kraftig ute, og utover natta er det meld full storm. Me får håpa at dei som er ute i natt kjem seg trygt i hus.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: