Skip to content

Sjette dag jul- Det regnar og det blæs

desember 30, 2015

image

I dag må eg rett og slett innrømma at eg ikkje har vore utanfor døra. Veret er relativt avskrekkande, men det skuldast vel mest at eg sette meg til for å jobba litt med songane til tiandeklasseforestillinga, og så kom eg så godt på gli at eg har blitt sitjande stort sett heile dagen.

Nå har eg laga  versjonar som passar inn i historien vår på songane «Rompa mi,» «Four- five seconds», «Come together» og «Rehab». Så gjenstår det å sjå om songarar og musikarar vil akseptera tekstane mine. Det har hend at ungdomane hardnakka har insistert på å bruka originalteksten på ein låt. På ein måte kan eg forstå det, men eg håpar dei og opplever at ein tekst som handlar om eit gammalt epletre passar betre enn «Lemontree» når handlinga foregår på Jæren. Stort sett så finn me ut av det, og eg gler meg veldig til å sjå resultatet, for me har veldig flinke elevar i kulturskulen, og ikkje minst tek eg hatten av for dei syjtige kollegene mine som er musikarar, songarar og dansarar eller som driv med kunstfag. Du all verda kva me kan få til når me legg ferdigheitane våre inntil kvarandre og ein viss porsjon felles entusiasme ved sida av.

Det var planen at eg og Sunniva skulle på konsert i kveld og, men det vart litt endring på planane på grunn av køyrekapasitet, verforhold og batterinivå. Det ende med at ho fekk plass i bilen i lag med nokre andre og at eg sa at det var heilt greitt for meg å vera heime… Eigentleg vil eg jo ha med meg alt, men nokre gonger må ein klara seg med litt mindre…

Eg sørgjer litt over at ein juleferie går så fort og at om to dagar er ungdomane mine på veg tilbake til Oslo. Det som er sikkert er at det er kjekt å ha dei heime så lenge det varer.

I dag har eg lese i boka «Englepappa» skrive om faren til Ylva som døydde av kreft sju år gammal og som mange fulgte på facebok. Det er ei vakker bok om å ha barn og om liv og død. På same tid forstår eg debatten om kva som eignar seg på sosiale medier og ikkje. Eg er takknemleg for at han deler og tenkjer som alle foreldre, sjølv om mine barn er vaksne og som det står i songen:
«Stormen raser tung og hvit, sorg og død kom ikke hit,

For familien min har 2015 vore eit godt år. Det tristaste eg opplevde var å mista farmor. Så lenge ho var nesten hundre år gammal og hadde hatt eit langt og friskt liv, så er det likevel ikkje så vanskeleg å akseptera det som livets gang. Eg er umåteleg takknemleg for dei timane eg fekk i lag med henne bare dagar før ho døydde.

Både nasjonalt og internasjonalt har 2015 vore eit utfordrande år. Mi bøn er at me må få klokskap og nestekjærleik nok til å takla utfordringane me tek med oss inn i 2016 på ein god måte.

Ha ein god avslutning på 2015, alle saman.

 

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: