Gå til innhald

Nyttårsaftan 2015

desember 31, 2015

image

Om mindre enn ein halvtime må me gå her i frå for å nå fram til nyttårsfesten i tide. Sunniva har fått låna bilen vår til hyttetur. Dei yngste ungdomane, som er vaksne dei og når eg tenkjer meg om har forlate åstaden fornøgde og glade og styla for kvelden. Sunniva har bakt kake og Halvard har fått hjelp av far sin til å knyta slipset. Sunniva nynna på badet og spelte Simon og Garfunke, «Brigde over troubled water.»

I morgon reiser dei begge to, og når eg kjenner etter så sørgjer  eg over det. Men det er vel bra at det er slik, kanskje, at eg framleis har stor glede av å ha dei i huset, og at dei har andre planar enn å bli verande her.

Det er ein fin skikk å gå ut av året saman med venner og familie Eg håpar at alle får ein fin kveld og at ikkje spriket mellom det me trur er forventa av glede og feststemning og det som faktisk blir ikkje er for stort for nokon av dei som skal ut og vera glade i dag. Eg håpar at ingen skadar fingrar og auge i nyttårsrakettar, og at ingen ungdomar blir alkoholforgifta eller skadar seg på nokon måte.

Dette ser ut til å vera skrive av ein gammal festbrems, og det er det kanskje. Personleg har eg god tru på ei veldig koseleg feiring. Likevel må eg innrømma at akkurat i kveld er eg litt glad for å ha vaksne barn. Nyttårsaftan er vel den dagen eg har vore aller mest redd for tenåringane mine, bare fordi eg veit og føler kva forventningar som det blir spent opp til akkurat denne kvelden. Heldigvis er det slik at veldig mykje av det eg har frykta på mange plan aldri har skjedd. Det er ikkje noko i vegen  fantasien, for å seia det slik.

Ha ein veldig fin kveld alle som les dette før klokka slår tolv i natt. Eg håpar året har vore deg vennleg og at du med glede er klar til å ta i mot eit nytt. Dei store og eventuelt filosofiske tankane får koma i morgon eller ein annan dag. Alt godt til alle.

Ynskjer Heidi

 

 

From → Uncategorized

One Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: