Gå til innhald

Eit lys for jorda og for oss

januar 1, 2016

image

Så er det jammen januar igjen, og eit heilt nytt år er opna med dagen i dag. Eg har skrive det før her, og skriv det igjen, for meg er ikkje livet noko som går i ei rett linje. Tida er ein spiral som tek oss gjennom årstider, høgtider og stemningar. For kvar varv i spiralen, så er me på omtrent akkurat same staden som me var for eit år sidan, og er gått eit umerkeleg år vidare i alder, og i beste fall i visdom. Når eg les tekstar skrivne av meg sjølv  for eitt og to og tre år sidan, så kjenner eg meg veldig att. Det er ei slags trøyst i å vita at så lenge livet kjem til oss, så vil me fortsetja å vandra gjennom roma våre og årstidene våre og koma inn att i dei roma me må gå ut av for å koma vidare. Eg er eit slikt menneske som eigentleg aldri vil at ting skal ta slutt, eg vil gjerne ha meir av det eg til ei kvar tid står i, og liker ikkje å lukka døra for tilstandar og tider. Medan reisekameraten min gleder seg til nye reiser og etter ei veke undervegs gleder seg til å koma heim att, så vil eg ofte ha meir tid til å vera akkurat der eg er.

image

I går var me på kjempefin nyttårsfest hos Gunnar og Hanne Lise. Dei hadde så høgt og fint juletre at eg måtte ta fleire bilete av det.

imageOg Hanne Lise hadde så fine nyttårssko.

image

Eg gjorde eit slags forsøk på å fotografera fyrverkeriet, men det var ikkje så lett å få det til. Me vart sitjande nokre timar inn i januar etter å ha klemd kvarandre og ynskja kvarandre alt godt.

imageDen første dagen i året viste seg å vera den finaste dagen på lenge, og me måtte  ut ein tur for å nyta sola. Me fekk eit par timar saman med Halvard og Sunniva før dei måtte reisa tilbake til Oslo omtrent samtidig, den eine med tog og den andre med fly.

image

Det er eit nytt år, nye vegar å gå og nye utfordringar å møta. I teorien kan det jo tenkjast at eg vil seia at i 2016, då forstod eg korleis livet skulle levast og begynte heilt på nytt, men eigentleg håpar eg at ting skal halda fram med å vera omtrent slik dei har vore til nå.

image

image

image

Etter hå ha send ungdomane i veg, og hatt korte besøk av dei andre barna våre, har me hatt ein roleg kveld her. Nå sit eg og lyttar til eit program med Carl Petter Opsahl, som eg tidlegare har samarbeida litt med. Eg kjenner han og litt frå korsvegsamanhang. Eg trur eg delvis har høyrt programmet før, men det er fint å høyra det ein gong til.

image

Eg og katten synest det vart litt tomt og rart i huset då Halvard og Sunniva reiste. Cleopatra har fotfulgt Sunniva i heile dag, det virka nesten som om katten forstod at ho pakka kofferten. Heldigvis er Leif her enn så lenge, men om ikkje lenge skal han ut og reisa han og.  Det blir faktisk første gongen i livet mitt at eg skal bu aleine over litt tid. Det er godt at eg har ein katt og ein leigebuar i huset.

image

Framleis er det ferie. God helg alle saman og godt år.
Måtte me gå inn i det nye året med varme hjarte og vona om at gode ting kan skje.

Heidi

 

From → Barna mine, jul, Kattar, påske

One Comment
  1. Sötnos! Du är fin i läppstift ju.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: