Andre dagen i det nye året
Det vart så veldig tomt heime hos oss, og plutseleg stod me her med ein heil dag utan planar. Me fann ut at me rett og slett ville ta oss ein bytur. Me gjekk inn i Stavanger domkyrkje for å vera der litt og for å fotografera. Lysa i lysgloben skal få stå der som bøner for året som skal koma. Eg kjenner at i meg bur det veldig mange bøner, nokre av dei kjennest veldig sterke. Det er godt å kunna symbolisera dei med levande lys slik at dei kjennest endå meir handfaste.
Og musiske innslag trengst og om det nye året skal bli godt.
Heilt frå eg var barn har eg blitt veldig fascinert av Epifani- tavler. Det er vel treskjererkunsten rundt som blir sett på som stor kunst, men det som har tiltrekt seg mi merksemd erfamiliane på biletet, velståande folk som har betalt for å få ei slik tavle i kyrkja. Dersom eg tolkar denne tavla rett så hadde denne mannen atten barn, kor av to døydde som spebarn og litt med blomekransar og heilt kvite ansikt i forgrunnen. Spesielt gutane er malde ulike med ulike ansiktstrekk og hår. Stod dei mogsell, eller er det bare far sjølv som er portrettert med rett antal søner og døtre der kunstnaren har fått bestemma resten? Eg kunne sikkert funne det ut om eg hadde forska litt…
Denne skulpturen er ein del av preikestolen. Eg veit ikkje om det er tenkt å vera erkeengelen Michael og dragen, men skulpturen vekte tankar i meg om det å vera menneske. Det er ein del av det å leva å «møta dragar» som ein kjemper i mot, enten det er eigne eller andre sine dragar ein må møta. Nokre av dei kan bekjempast ein gong for alle, andre dukkar opp med jamne mellomrom, og den verste typen er alltid på banen. Eg synest slike gamle kyrkjerom fortel mange historiar om levd menneskeliv som blir fletta saman med historiar om levd trusliv.
I bygatene svever det og historiar over alt. Dette biletet tek eg med som ein kuriositet. Gamle erverdige husfliden hadde utstilt ei «prismelysekrone» der lysestakane var gamle porselenskoppar og prismene var deler av knuste tefat og asjettar. Denne kunne du ta med deg heim for 8000 kroner, trur eg det var. Ideen er morsom, men ikkje heilt det eg forbind med husfliden sine trauste og tradisjonelle kunsthandverk.
Byen var framleis pynta med juletre og raude hjarte over gatene, og det bles iskald vind. Me sette oss på konditoriet rett ved kulturhuset som nå heiter «Godt brød» og drakk kaffi og te medan me kikka på folkelivet ute på torget. Ungar kravla på skulpturane, forelska par i varme luer leidde kvarandre forbi, nokon sat og tigga og han med sykkel og vinduspussar utstyr song på «Money, money, money, must be funny in a rich man´s world» Han hadde klar og gjennomtrengande stemme. Nokre kråker og ei skjor spankulerte viktige forbi, og på hustaka sat det gigantiske måkar. Eg lurer på om det er fiskemåkar eller om dei rett og slett heiter stormåkar.
Etter ei veke med julemat, så smakte det utruleg godt med muslibolle med ost og krydderte. Brunosten fekk vera med, det er trass alt jul…
Etter litt byvandring i forblåste gater havna me på kulturhuset der me las aviser og skreiv litt før me gjekk på kino. For emg er det verkelege luksus å gå på kino midt på dagen, det gjer eg i praksis aldri. Me såg filmen «45 år» om eit eldre ektepar som skal feira førtifemårs bryllaupsdag med eit stort selskap. Same veka får mannen i forholdet eit brev som set han femti år tilbake i tid. Eg likte filmen veldig godt og syntest at menneska var skildra på ein veldig varm og rørande måte. I tillegg var det vakker filming og mykje fin natur. At det blir vist kjærleikscener det aktørane er godt vaksne, synest eg er flott. Om ein bare hadde livserfaring gjennom Hollywoodfilmer kunne ein ha blitt lurt til å tru at alle som er kjærastar har ansikt og kroppar som ser ut som om dei er maks tretti år gamle. Eg anbefalar filmen, Leif var litt meir ambivalent. Dersom nokon vil gå på kino og stoler meir på han enn på meg, kan de velgja «En mann ved navn Ove». Den såg me i lag med ungane på måndag og den likte alle. Nå ser det ut som om kino for oss fleire gonger i veka er dagleg kost, og det må de godt få lov å tru…
Heidi
Åh, nu blev jag sugen på mesost! Ska nog skriva upp det på min handlingslista till imorgon 🙂