Skip to content

3. januar 2016

januar 3, 2016

23523223554_fc85de3192_o

Ikkje mykje er så flott som jærhavet i ein skikkeleg januarstorm. Korleis det ser ut kjem forresten mykje an på vindretninga. I dag var det frålandsvind, og det er noko av det mest spektakulære eg veit fordi bøgjene som bryt innover då vil møta sterk vind som kastar skumsprøyten voldsomt utover. Då får me den formasjonen som Arne Garborg ganske treffande kallar «brimhestar», hestar av skum. Akkurat slik ser det ut som travhestar eller galopphestar som kjem i rasande fart mot stranda med flagrande man.

24150234755_b8f73e3c8c_o

Heldigvis hadde eg med meg fotografen min, for eg har ikkje utstyr til å ta sånne bilete som dette, men visst er det flott? Me kjørde ned til Ogna camping og parkerte bilen der for å gå grusvegen sørover, me gjekk og ned på ei strand der vinden piska sanden utover og bølgjene kasta sjøsprøyt framover. Det er jærsk vinter nesten på det villaste og flottaste. Det var minusgrader og iskald vind, men med ullgensar og den gamle gode skianorakken eg kjøpte på sal i Oslo under Lillehammer OL og vottane frå i sommar i Jurmala haldt meg ganske varm.

23528376254_56889f17f1_o

Etterpå var det koseleg å fyra i peisen og sitja i den oransje lenestolen med beina på peiskanten og lesa.  Dei siste dagane har eg lese Elena Ferrante si bok «Historien om det nye namnet», oppfylgjaren av «Mi briljante venninne», som eg las i vår. Boka trollbind meg. Eg har ikkje lyst til å leggja ho frå meg. Eg har bare hundre sider att, å kanskje eg les ho ut i natt. I kveldinga hadde me besøk av «Dei gjenverande barna», det vil seia dei på 26+… Me drakk ut jula med varm sjokolade i Mummikrus og åt opp resten av focacciabrødet Sunniva bakte til første juledag, og som har hatt eit mellomopphald i frysaren. Julepynten i stova skal få stå til neste helg, eg får unna meg litt etterjul… Eg har hatt vanskeleg for å gje mentalt slepp på juleferien, men nå er eg klar.

Det blir ein mjuk start i morgon med litt planlegging før tannhjula rullar for fullt frå tysdag av. Eg håpar eg får tid og inspirasjon til å gå daglege turar sjølv om dagane går inn i normalmodus, for det har vore veldig fint. Litt av problemet er jo at det stort sett bare er dagslys mens me er på jobb. God oppstart att, alle saman, for dei fleste har vel hatt helg til nå.

Heidi

One Comment
  1. Så nydelege bilete.
    Jæren er flott.
    Hadde Odd Dubland til lærar på Fjellhaug i gamle dagar.
    Så til 50 års dagen min hadde husbonden kjøpt Dubland bilete til meg.
    Jæren er flott på kysten, men også innlandet er vakkert.
    Om tre veker reiser eg til Holmavatn. Herleg å gå turar innimellom hektisk møteaktivitet.

    God oppstart til deg også!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: