Det er ein tråd av sorg i alle ting
Det er ikkje så ofte eg vaknar om morgonen med ein setning svivande tydeleg rundt og rundt i hovudet. Det gjorde eg i dag, og den setningen har fått stå som overskrift hos meg i dag. Klokka var ikkje halv seks ein gong, og setningen ville ikkje forlata meg. Eg var nok litt redd for å forsova meg første dagen med vekkjarklokke for normalt vaknar eg aldri av meg sjølv på den tida. Eg vart liggjande og filosofera på kva ord setningen ville ha fylgje med, og då eg stod opp skribla eg ned litt på ein gul lapp som eg la ein hemmeleg stad. Som eit stunt vil eg skriva diktet ferdig og leggja det ut her. Det kjem til å bli eit dikt ein gong, kanskje slik som dette, kanskje heilt annleis. Eg må innrømma at setningen ikkje fortonar seg like magisk som han gjorde før dagen demra, men eg klarer ikkje å sleppa han heilt heller…
***
Det er ein tråd av sorg i alle ting,
mørk og glødande
glir han gjennom dagane dine,
tøyer han seg utan ord
frå akilleshælen
gjennom magen og hjartet,
gjennom strupen og tårekanalane,
heilt opp til eit ukjend rom
bak blikket ditt ein stad.
Sjølv gleda har eit mollmjørkt djup,
og fridomen røter i jorda.
Det er ein tråd av sorg i alle ting
for den som er døypt med namnet menneske.
Heidi
I grunnen er dette eit vitlaust prosjekt. Ord burde sikkert vegast på gullvekter før ein slepp dei ut i verda med merkelappen lyrikk, men slik vart det i dag.
Heidi
VAKKERT OG SANT!
TAKK AT DU VÅGAR HIVE DET UT PÅ VERDSVEVEN 🙂
Tusen takk 🙂