Gå til innhald

Så opnar eg døra til eit nytt rom, trekkjer pusten og går inn.

januar 6, 2016

image

Eg har alltid trivdest godt i mitt eige selskap. Samtidig er eg ein av dei mest sosiale personane eg veit om. Eg liker lyden av menneske, synet av menneske, liker å observera kva andre driv på med og lytta til kva andre snakkar om. Eg takkar Gud for at eg ikkje har ein arbeidsplass der det er naturleg at nokon tenkjer at for å jobba godt og ta ut mitt beste, så må eg ha eit strot skrivebord i eit stort rom der eg må lukka døra og vera heilt aleine for å ta ut mitt arbeidspotensiale på ein god måte. På jobb har eg alltid hatt ungar rundt meg eller sitte i eit arbeidsrom saman med mange andre som jobbar der saman med meg. Det siste er eg nesten like takknemleg for som at eg har ein jobb der ingen har idear om at eg må gå kledd i uniform.

Då eg studerte, budde eg i store hus i lag med mange andre studentar, og då eg flytta til Oslo budde eg i kollektiv med to gode venninner. Sidan har eg budd i ein først sterkt veksande familie med ungar og kjærastar, besøksbarn og hybel med tilsyn, med undulatar, kaninar, gullfisk, hamstarar, kattar og ein mops, som sidan avtok att og ende med å bestå av meg og mannen og ein katt.  Nå skal eg for første gongen vera aleine heime over lengre tid, bare meg og katten… Mannen eg deler liv med er ein rastlaus eventyrar som alltid har lyst til å reisa til nye stadar medan eg er ein person som i stor grad klarer meg med dei eventyra som kjem i min vet kvar einaste dag, på jobben, på toget, langs stranda eller der eg til ei kvar tid måtte vera. Eg har aldri sett nokon god grunn til å byta den jobben eg har hatt i snart tretti år, det seier vel ein del bare det… Eg liker å reisa, men går ikkje rundt med ein uroleg draum om snart å få leggja i veg til Langtvekkistan.  Eg ville langt heller dradd til Hønefoss for å besøkja ei god venninnne enn å dra aleine til Argentina.

Det er derimot akkurat det mannen i mitt liv har gjort. Han har pakka ryggsekken med nokså få ting, og har lagt i veg, som ein annan Fritjof Andersson, med store forventningar til seks vekers forfattarpermisjon i Buenos Aires , og kor nå elles vegen og livet måtte føra han. Eg unnar han det. Han har reist før og, og alltid kome heim i god behald. Forskjellen er at tidlegare hadde eg enten huset fullt av ungar eller i det minste eit par ungdomar buande heime. Eg har alltid likt å bu med barn og ungdomar, men nå bur dei ikkje her lenger. Nå er det meg og katten… For å avdramatisera det litt så har eg leigebuar, gode naboar, to vaksne ungar og ein svigerson nokre få kilometer her i frå, masse venner nær og nokså nær og sysken og foreldre i mindre enn ein halvtimes avstand for dei av oss som køyrer bil. Om eg ville ha bytta med han som nå sit på flyet mellom Amsterdam og Argentina og ikkje kjenner eit menneske der han skal opphalda seg i seks veker? Nei, ikkje om eg fekk tre millionar. Det er nok ein av forskjellane mellom oss.

Så nå i ein alder av godt over femti skal eg oppdaga korleis livet er når ein bur aleine. Det skal bli … interessant. Kanskje får eg uante moglegheiter til å vera kreativ? Kanskje oppdagar eg meir enn nokon gong kor takknemleg eg må vera for å til vanleg dela livet med eit menneske eg liker veldig godt å dela livet med? Kanskje vil albueromet kjennast heilt fantastisk når eg bare får vent meg til det? Mest sannsynleg så vil eg kanskje oppdaga at livet blir omtrent som før. Timeplanen min  er omtrent like velfylt som han pleier å vera, og eg har tenkt at nå har eg jo ein gyllen anledning til å invitera heim masse folk som eg bare har lyst til å vera i lag med… Men eg har lova meg sjølv å kjenna litt på det å vera aleine. Eg trur at me djupast sett er flokkdyr og at dei fleste menneske trivst best der det er andre menneske. Likevel har me sannsynlegvis veldig godt av å av og til stoppa opp og kjenna kven me er når me er aleine. Det er heller ikkje dumt å av og til bli stille nok til å lytta, lytta slik at me kan finn ut kor me skal gå hen med oss sjølv.

Heidi

One Comment
  1. Her kjente jeg meg igjen! Bortsett fra at det ganske ofte er meg og dyrene her. Slik blir det med offshoremann og voksne barn! Men det er faktisk en kvalitet det og, å kunne kose seg i sitt eget selskap. Nå er nok mannen din kommet hjem, tenker jeg, men håper du hadde noen fine uker!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: