Skip to content

Dette blå januarlyset

januar 7, 2016

image

Visst er mørket ein stor del av januar, men det er lyset og. Kanskje det skuldast at eg som ikkje er eit typisk soloppgangsmenneske får med meg alle soloppgangane… Det er vakkert om morgonen når himmelen utanfor klasseromet begynner å gløda i gull og rosa, og det er vakkert når lyset blir blått ein gong i firetida, før det blir ny runde med glødande himmel denne gongen i vest. I dag har det i tillegg til å vera blått vore iskaldt med ganske mange kuldegrader som kjennest mykje kaldare her enn i austlegare strok fordi lufta er rå og fuktig og vindane nesten alltid bles.

Eg har kome heim til einebuarhuset etter ein tolvtimars arbeidsdag med skule og kulturskule, og blitt varmt motteken av ein veldig kosesjuk katt som i rein kjærleik har brukt klørne sine og drege ut trådar frå den oransje strikkegensaren eg kjøpte på salg i går, akkompagnert av ekstremt høglydt maling. Nå ligg ho her og mel på skrivebordet mitt, og har allereie sletta dette innlegget tre gonger ved å leggja potane sine kjælent på utvalde tastar, og så får eg begynna på ny. Av og til blir eg fortald at eg er eit tålmodig menneske, og eg er nesten litt overraska over at eg faktisk ikkje mistar tålmodet med det malande dyret og kastar ho på dør. Det må vera tanken på at ho har vore aleine heime i heile dag og bare vil vera der eg er og gjera det eg gjer som gjer meg mjuk…

Då eg kom heim sette eg meg til å sjå andre episoden i serien om Harald og Sonja.Eg var for sein til førstevisinga, men klarte å finna det på nettet. Episoden i dag handla om dagen då Kong Olav døydde,  og då eg såg det vart eg overraska over kor klare minne eg hadde om den dagen for 25 år sidan… Eg hugsar at eg var skremd og uroleg over det som skjedde i midtausten, og forferda over at Gulfkrigen hadde brote ut. Fordi me ville vita meir om kva som skjedde i verda sat me framfor fjernsynet inne i stova for å sjå på kveldsnytt.

Eg hugsar at eg hadde på meg ei ganske tåpeleg rosa bomullsbukse med små figurar på som eg hadde kjøpt på Spar-kjøp, og som eg hadde brukt på ein treningstime, rett og slett ein slags variant av det gamle gode husmortrimkonseptet, som eg faktisk deltok på i ein periode i lag med Gerd. Det foregjekk  i gymsalen på Bryne skule, og eg brukte buksa fordi ho var av den litt vide typen med strikk i livet som det var behageleg å bevega seg i. Utstyrshysteri i samband med trening hadde heilt tydeleg ikkje nådd oss i heimen…

Eg jugsar at eg syntest at reportaren på Kveldsnytt vart så rar på sluttenav sendinga denne dagen. Eg registrerte det med ei viss uro, og håpa at det ikkje hadde skjedd noko endå meir forferdeleg på krigsfronten. Dei hadde sagt at Kong Olav var død, og eg hugsar at det var veldig trist å tenkja på at me kunne mista han. Eg hadde nesten gløymt kor glade folk i Norge var i Kong Olav, men eg hugsa det då eg såg TV-programmet i dag. I det Kveldsnytt ebba ut og reportaren kom med avslutningsorda vart me fasa inn i ei slags ekstrasending og eg hugsar at Leif sa «Jøss, det må vera kongen som er død!» Eg hadde tenkt det same heilt samtidig. Så kom kunngjeringa i lag med ei oppfordring om å venta på ei ekstrasending som snart skulle koma.

I programmet i dag fekk me vita at reportaren midt i sendinga fekk ein lapp på bordet om at kongen var død, men at han var heilt forvirra på korleis han skulle forhalda seg til det. Det var nemleg ein plan i Dagsrevyen om kva personar som kunne koma med denne meldinga, det var bare to- tre stykker som var klarerte for oppdraget. I tillegg skulle vedkomande ha svart dress og svart slips, og det skulle vera sølvkandelabrar, mørke draperier og sørgjemusikk. Slik er det vel ofte. Me trur me er førebudde på det meste, og når det ein dag skjer så var ikkje alt som *Me hadde planlagd at det skulle vera… »

Eg hadde to små barn på den tida. Ingrid var halvanna år, og eg var klasseforstandar som det heitte då i tredje klasse i lag med Tove. Dagen etter var det fredag, og eg lurer på om eg ikkje hadde fri på fredagar fordi eg me to små barn jobba litt redusert. Likevel har eg eit nokså levande minne om at me fekk beskjed i frå høgare hald om å gje elevane fri. Eg trur dei kom til ei kort markering på skulen og så vart sende heim fordi skulane skulle vera stengde. I dag høyrest det ganske merkeleg ut at me utan vidare kunne stengja ein skule og senda hundrevis av elevar, nokre av dei ganske små, heim. Likevel trur eg det var det me gjorde. Eg hugsar at eg utpå føremiddagen pakka barna i bilen, i alle fall Ingrid, og kjørde opp til foreldra mine fordi eg gjerne ville ha nokon å vera i lag med. Eg lurer på om far og kom frå jobb litt tidleg.

Eg gav utrrykk for å vera både trist og ensteleg for verdssituasjonen. Med sin vanlege optimisme sa far at nå måtte eg bare roa meg ned for verda hadde stått i mykje verre kriser enn dette før. Eg trur eg fann ei viss trøyst i det. Så hugsar eg tydeleg bileta frå slottsplassen med alle dei tende lysa. Eg hugsar og bilete av den døde kongen i open kiste, dei var framandarta og merkeleg. Så lurer eg på om det verkeleg kan vera rett at folk stod i kø i Oslo og fekk lov til å paradera forbi kongen si kiste som stod i slottskapellet og at svigerfar sjølvsagt hadde gjort det.

Under gravferda sende me og elevane tidlegare  heim enn vanleg. Det var blitt oss fortald at det var best for barn å sjå gravferda i lag med foreldre. Var det verkeleg slik at alle barn hadde foreldre som kunne gå frå jobb i anledning gravferda. Det var slik at barn som ikkje hadde nokon som kunne sjå med dei heime hadde tilbod om tilsyn på skulen, men eg trur det var bare ein elev som benytta seg av dette. Me lærarar kunne sikkert gått heim, men eg hugsar at me samla oss på lærraromet for å sjå i lag, i alle fall dei fleste av oss. Nokon hadde henta fjernsynsapparatet på hjul som me kunne bestilla viss me ville sjå program på skulefjernsynet.

Skulefjernsynssendingar var det kvar veke i skuletida, trur eg. Der var det opplysningsprogram om ulike tema i ulike fag i læreplanane. Dette var eit avansert tilskot til biletbanda som vart oppbevarte i små blå plastboksar og som me drog gjennom ein framvisar ved å spola bandet frå ein spole til ein annan. På det første biletet var det alltid eit bilete med trekantar i ulike fargar samla i eit brennpunkt på midten. Dette hadde påskrifta «Still skarpt», og skulle brukast til å fokusera linsa mest mogleg. Først for ti års td gjekk det opp for meg at desse biletbanda var heilt passé. Eg har brukt dei sjølv og dradd gjennom bileta medan eg las/ fortalde om bileta ved hjelp av eit tilhøyrande hefte.

Eg hugsar at då eg sjølv gjekk på skulen var det ei viss høgtid over desse banda. Eg lurer til og med på om det var eit biletband frå Trygg trafikk der læraren delvis skulle synga kommentarane frå heftet på melodien «Kjerringa med staven». «Kjelken eller sparken tar vi med i parken, ikke til et sted der aking er forbudt…» Dersom mi eiga «gamle» barneskulefrøken, Gerd Signy les dette, som eg veit ho gjer av og til, så kan ho kanskje bekrefta eller avkrefta dette kanskje litt usannsynlege minnet om eit biletband der læraren var forventa å synga den tilhøyrande teksten… Det må vel ha vore ein verdig forløpar til å slå på ein filmsnutt frå Youtube slik me gjer nå.

Men tilbake til kong Olav si graferd. Eg ser føre meg at me hadde sunge kongesangen, i mitt tilfelle trygt forsunge av Tove i lag med elevane, og så send dei heim. Nå sat me høgtidsstemde med klump i halsen på det romet me den gongen kalla lærarromet og såg på sendinga. Det var ein eigen atmosfære som frå forgangne tider over opptoget der Sonja, Martha Louise, dronning Margrethe og fleire gjekk gjennom gatene med lange svarte kjolar og lange svarte slør framfor ansiktet. Det vart diskutert om det var vakkert og høveleg eller ikkje at kongen si kiste vart frakta på eit skags militærkjøretøy.

Dei fleste av oss syntest vel at hest og vogn ville ha vore vakrare, men det vart konkludert med at det var nok ei markering av at kongen var øvste leiar av det norske forsvaret. Så sat me der med kaffikoppar, tårer i auga og klump i halsen. Eg meiner at det stod wienerbrød på borda i anlednng dagen.  Som ei trøyst til oss alle sa plutseleg Kirsten Bekkeheien: «Men sjå så flotte kronprins me he fått!» Og me såg og var einige. Prins Haakon Magnus var plutseleg ein nesten vaksen mann, og visst tok han seg bra ut.

Åra i skulen har gått rasande fort, men når eg tenkjer tilbake slik som dette så har det faktisk gått nokre år både på den eine og den andre måten… Eg fekk plutseleg nesten ei kjensle av å fortelja frå gamle dagar… Nokre hendingar sit nok som sprikra fast i hovuda hos ganske mange av oss, og dette er ein av dei. Dei fleste av oss kjem sikkert alltid til å hugsa kor me var den dagen flya traff tvillingtårna ellevte september, og kor me var den 22. juli i 2011. Eg hugsar til og med kor eg var då Oddvar Brå brakk staven…

Måtte det nye året me nettopp har begynt på bli oss vennleg.

Heidi

 

 

 

2 kommentarar
  1. Kor var du då Oddvar Brå brakk staven? Eg blei berre forviten. 🙂 Veldig kjekt å lesa om minna dine, om då kongen fôr og om gamle dagar i skulen.

    • Eg var på Sandnes med ei venninne. Me stod utanfor ein elektrisk butikk der dei viste stafetten i eit fjernsyn i vinduet. Me gjekk inn i butikken for å sjå betre og stod der inne då han brakk staven 🙂 Du då?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: