Gå til innhald

Eg og katten, Theodora, HC og Ingmar

januar 10, 2016

24150234755_b8f73e3c8c_o

I grunnen reknar eg meg ikkje heilt som bloggar. Ikkje når eg høyrer om «bloggarar» i massemedier og i folk sine samtalar. Det blir nesten som med dette «Kristenfolket» dei ofte skriv om i Dagbladet og VG som eg i grunnen aldri har kjend meg att i.

Eg les om unge jenter som har blogging som jobb, og som seier at dei tener meir enn dei reknar med å gjera nokon gong seinare i livet. Eg registrerer dette med ei viss forundring, og tenkjer at både eg og mange andre har nok i seg dette at me ser på andre sine liv med ein viss interesse. Korleis er det å vera ein annan person, mon tru… At desse unge jentene nok må jobba hardt for å utvikla eit slags berekraftig forretningskonsept høyrest nokså slitsamt ut. For meg er bloggen ei rableblokk, eit strikketøy og ein personleg variant av «Speakers corner». For meg er det det som gjer at eg har lyst til å blogga, rein skaparglede og eit til tider påtrengjande formidlingsbehov.

HC Andersen skjøna nok noko då han skreiv i eventyret om Svinedrengen at prinsessa fekk tak i ei gryte som var slik at når ho og hoffdamene sat rundt gryta kunne dei kjenna lukta av kva alle hadde til middag. Henrykte ropte dei til kvarandre: «Nå veit me kven som skal ha pannekaker!» «Nå veit me kven som skal ha graut». Det vart framstild som narraktig å gjerne ville vita det, men nå når me har fått facebook ser me at det på ein måte framleis må liggja ein viss menneskeleg fascinasjon i dette…

Eg høyrde forresten ein HC Andersen biograf snakka på radioen i dag. Han framstilde HC Andersen som ein veldig narcisistisk posør som heile livet var desperat oppteken av å bli sett. Dette såg han på som heilt naturleg ut i frå ein svært vanskeleg barndom med fattigdom, alkoholmisbruk og psykisk sjukdom i familien. Han var rett og slett eit barn som aldri heilt hadde fått lov til å bli sett og tatt vare på, og derfor vart behovet aldri dekka då han var vaksen heller. Eg og Jan Ivar fekk jo eit svært tett forhold til HC då me laga ei forestilling om han som me viste i mange sesongar gjennom den kulturelle skulesekken. Det einaste som var heilt nytt for meg var at bestemor hans skal ha vore prostituert.

Denne biografen meinte at HC Andersen nok ville ha elska sosiale media og brukt dei for det dei var verd…

TIlbake frå denne avsporinga; Eg vart spurd av nokon om eg valde reklamane som av og til kjem opp saman med bloggeinnlegga. Svaret er eit rungande nei. Eg veit nesten ikkje at det er reklame der, for eg kan ikkje sjå det sjølv, men eg vart varsla om at dei som administrerer wordpress kan velgja å leggja ut reklame utan å varsla meg. Eg grøssar ved tanken på at eg utan å vita det kan sjå ut til å reklamera for mange produkt eg på ingen måte står inne for… Det er prisen for å få lov til å blogga gratis, det einaste eg må betala litt for er å få lov til å leggja ut ubegrensa med foto.

Her vil nokon kunna spora ein tendens til «toing av hender», og eit litt barnsleg behov for å seia at dersom nokon skulle tru det, så tener eg ikkje pengar på å reklamera for noko som helst…

Derimot får eg mange koselege tilbakemeldingar frå folk som les bloggen. Dei siste dagane har eg fått omsorgsfulle spørsmål om korleis det går å vera aleine etter at eg mellom linjene nok hadde formidla at det var litt vel stille i heimen etter at alle andre enn katten hadde funne det for godt å reisa. Heldigvis reknar eg med at ein av dei kjem heim sånn etterkvart…
Og det varmar at folk bryr seg. Det har forresten vore ei veldig travel helg, og nå ser eg at planen om ein tidleg kveld er i ferd med å ryka…

image

På fredag klarte eg å kapra meg ein spontantime hos frisør. Det var deilig. Dei som planlegg liva sine litt betre enn meg hadde sjølvsagt hatt timane sine før jul og nyttår. Det var deilig å vera der, forresten

Så har eg vore i ein kjempekoseleg gebursdagsfest med mange kjekke folk, sang, lått, god mat og dans til seint på natta. Eg hadde lova å ha med kake og koste meg med å pynta ho til trengsel.

image

Men eg og Theodora måtte koma oss opp i dag morges likevel, for i dag skulle me halda liv i sundagsskulebransjen.

image

Me laga spontanteater av historia om Peters fiskefangst. Det er rett og slett kjekt å vera med å ha sundagsskule. Den einaste ulempa er at det jo helst bør førebuast på ein skikkeleg måte, og det tek litt tid. Men eg har tru på saka og trivest med å gjera ting i lag med ungar, så eg opplever alt i alt at innsatsen går i pluss… Me er forresten glade for å få med fleire vaksne om nokon måtte kjenna at det har dei verkeleg lyst til…

Dei som legg seg før tolv får lov å lesa ei stund på senga, så nå skal eg med stor glede lesa vidare i Linn Ullmann si bok om seg og Ingmar. Ingmar Bergmann, altså, far hennar… Ho framstiller han med stor varme, men likevel som eit menneske som måtte ha verda rundt seg akkurat slik han bestemte at det skulle vera, om han skulle trivast.

Heidi

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: