Gå til innhald

Storkereiret, morfar og meg

januar 11, 2016

image

Me hadde venta lenge på denne dagen.
Dagen då utstyret skulle koma.
Morfar hekta tilhengaren bak den gamle bilen sin.
Det var ein stor pakke me skulle henta.
Me visste at hjulet var stort.

***

Me hadde lese om storkar heile vintaren.
Me hadde bore heim tunge bøker frå biblioteket.
Me hadde leita fram og tilbake på internett.Nå visste me alt som var verd å vita.
«Stor kar denne storken,» sa morfar og lo.

***
Kvar dag etter skulen sat me saman på kjøkkenet.
Der sat me morfar og eg. Eg teikna og morfar las høgt.
Han las frå storkebøkene. Eg teikna storkar,
storkar med lange bein i oransje, raudt og gult,
storkar med lange spisse nebb.

***

Til slutt var det storkar overalt.
Det var storkar på veggene til morfar,
storkar i rutene i reknebøkene mine,
storkar på oppslagstavla på do,
og storkar i fantasien min og draumane mine.

***

N68B0921

Dei seier at morfar er rar. Morfar er rar, men han er rar på ein koseleg måte med det lange kvite skjegget sitt, med dei oransje høghalsa genserane, den eldgamle bilen og dei lange stripete skjerfa.

***
«Det er mange blomar i Guds hage,» seier pappa. «Morfar får vera som han er.» Det er mange storkar under Guds himmel,» seier eg. Då ser dei rart på meg.

***

Kven skulle elles ha lært meg det eg veit? Kven andre enn morfar kunne ha gjort det. Den kvelden han fant det hemmelege på internett glitra det stjerner i begge auga hans. «Morfar,» sa eg, «Du veit at dette ikkje kjem til å gå…

***

Nå er det sikkert nokon som lurer på kva i all verda dette er for noko… Dette er dei første sidene i det eg har tenkt skal bli ei biletbok. Om dei blir akkurat slik veit eg ikkje heilt sikkert, men eg har tenkt å prøva meg med dette og med nokre andre biletbokmanus eg har liggjande her heime i ein skandinavisk biletbok-konkurranse. Innleveringsfristen er nå snart, så eg kan ikkje venta for lenge… Om eg har nokon sjanse til å vinna er nok meir enn usikkert, men det er spennande å prøva seg på nye ting. Barnebøker er ein sjanger eg har hatt lyst til å prøva meg på veldig lenge.

Ein gong var eg faktisk veldig nære på å få gitt ut ei barnebokpå Samlaget. Etter å ha jobba intenst med det sende eg det inn, eg fekk tilbakemelding om at dei såg for seg at dette kunne koma til å bli bok. Eg måtte bare jobba litt meir med ein del punkt eg fekk på ei liste. Akkurat då hadde eg så mange andre prosjekt eg dreiv på med, og det er alltid kjekkast å skriva nye ting. Det ende med at eg skauv arbeidet framfor meg, og det ende med at eg aldri fekk send det inn att… Kanskje det framleis er håp etter femten år…

Dersom nokon har tips eller tankar til forbetring etter å ha lese desse avsnitta, så tek eg gjerne i mot dei. Korleis det går med jenta som fortel og morfaren hennar? Kanskje eg fortel det ein annan gong…

Heidi

 

 

 

 

 

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Men ÅH vad fint Heidi! Nu måste jag läsa en gång till.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: