Våga sjå og våga høyra
I dag har me hatt planleggingskveld på skulen og lært nye måtar å bruka i-paden på i undervisninga. Det var spennande, og var lagt opp som ei slags læreløype der me var ein halv time på kvar plass. Det var ikkje på alle stasjonane meistringsfølelsen var like sterk, men på eit par av dei fekk eg verkeleg meirsmak på å utforska meir. Eg trur kanskje eg fekk den same opplevinga som mange av elevane får når me driv «hyppige situasjonsskifte» i læringsøktene, noko som på mange måtar skal vera pedagogisk bra. Fleire gonger hadde eg endeleg begynt å få taket på det, og hadde absolutt ikkje lyst til å leggja arbeidet i frå meg. Eg hugsar ein av elevane i klassen eg jobba i for nokre år sidan. Ein periode dreiv me med stasjonsundervisning ein gong i veka. Denne eleven sa fortvila: «Heidi eg klarer jo aldri å bli ferdig med noko før me må gå vidare.» Det skal og nemnast at ganske mange elevar elskar denne måten å jobba på.
I dag fekk eg ei melding frå ei venninne som skreiv omtrent som fylgjande «Nå ser eg på dagsrevyen, men det følest som om eg ser på skrekkfilm.» Eg forstår kva ho meiner. I går såg eg ein reportasje på fjernsynet som viste avmagra flyktingar frå ein beleira by i Syria. Eg kjende at eg ikkje var i stand til å sjå sendinga ferdig fordi det gjorde så vondt å sjå på. Det betyr ikkje at eg ikkje vil vita, eg kjenner bare at eg av og til må skåna meg frå dei sterkaste visuelle inntrykka. Eg synest akkurat det blir verre og verre… Er det fordi eg blir eldre, eller er det fordi fjernsynet sender stadig sterkare synsinntrykk? Eg veit ikkje. Det eg kjenner intenst er at denne verda treng varme og klokskap. I ei av salmene som eg har fått med i salmeboka skriv eg » Lat meg leva sterkt og nakent, våga sjå og våga høyra, våga leva midt i livet, våga trå på heilag grunn. » Det er framleis bøna mi, men i går måtte eg altså melda pass.
Eg har fått overraskande mange og positive reaksjonar på innlegget mitt i går, der eg delte litt av teksten til den biletboka eg held på å skriva. Noko av det mest overraskande var at eg fekk fine storkebilete i posten frå Jannicke, kusina til Leif som er ambassadør i det eg trur er eit storkeland. Det gav meg lyst til å dela eit par sider til, for mange har sagt at dei gjerne vil vita korleis det går… Eg held fram der eg slapp i går…
***
«Det er viktig å ikkje tenkja for trongt og smått,» seier morfar. «Kven veit kva som kunne ha skjedd dersom me aldri vågar å finna det ut.»
***
«Kanskje vipene veit?» seier eg. Vipene og måkane, kråkene i treet og skjora på taket. Eg seier ingen ting om storkar, ikkje nå. Alt det svevande fuglepratet får morfar til å le. Morfar sin lått smittar meg. Snart så ler me begge to.
***
Morfar er berømt. Han har tenkt tankar som ingen har tenkt før. Han har tenkt ting om pyramidar og vannymfer, om fugletrekk og magnetfelt i store ørkenar. Han har skrive bøker nesten ingen kjøper og det er bilete av han i bøker nesten ingen les.
***
Så langt kom me i dag. Kanskje det kjem meir seinare…
Heidi