Gå til innhald

Om glansroser og storkar

januar 13, 2016

image

I går fall eg for freistinga å kjøpa ei bok for halv pris. Boka heiter «Med glans i hjertet», og handlar rett og slett om glansbilete. Den eine forfattaren, Åslaug Ravndal Gilje, kjem frå Ålgård, og det må jo vera bonus i handelen å støtta lokale forfattarar…

Boka handlar rett og slett om glansbilete og om å samla på glansbilete, og er i fylgje forfattarane laga for å skapa gode minne. Det var det eg fall for i butikken i går. Eg kikka litt i boka og det dukka straks opp minne.

Eg hugsa plutseleg korleis eit nyopna brett med glans lukta, ei svak lukt av lakk og lim, og eg hugsa kriblinga over å få eit brett nye glans og det skrivebokliknande albumet med stifter i ryggen og fint bilete utanpå som eg klistra dei inn i.

Minna tek meg tilbake til kjøkkenet hos bestemor og morfar der eg og bestemor skulle lima inn glansrosene som me kalla dei. Glansroser var ikkje spesielt bilete av roser og andre blomar på glansbileta. Det var rett og slett bare glansbilete. Eg hugsar at bestemor kalla biletbøker for «rosebøge» og teikneseriar for «roseblad», så i denne samanhangen må roser rett og slett vera eit gammalt ord for bilete med fargar på.

image

Eg lurer på om eg er den einaste i min generasjon som er oppvaksen med kveitemjølsklister? Som liten hadde eg eit veldig tett forhold til bestemor mi, og brukte masse tid i lag med henne. Ho var ikkje van med å bruka pengar på fin lim, men laga oss lim av kveitmjøl og vatn. Me laga og bøker av brødpapir, brunt eller kvitt papir som brøda hadde vore pakka inn i, ho sydde dei saman i ryggen og eg teikna og dikterte kva ho skulle skriva i dei.

Å byta glans med nokon var ein del av det heile. Eg hugsar at nokon av dei eg kjende hadde glansbileta sine i telefonkatalogar der dei låg mellom arka. Eg syntest det såg ganske tungvint ut, for telefonkatalogane var store og uhandterlege. Nå når eg har lese boka veit eg at det med å oppbevara glansbilete i telefonkatalogen var noko som oppstod i ei tid då katalogane var mindre og tynnare.

image

Så kan ein jo spørja seg kva slags glansa bilete av det verkelege livet slike bilete fører med seg. Det kan tenkjast å vera betimelege spørsmål, men for meg er glansroser framleis glansroser. Eg kan framleis få lyst til å kjøpa meg eit brett, bruka dei som bokmerke, eller bruka dei til eit eller anna der dei er eit heilt uventa element.

image

Dette glansbiletet hugsar eg at eg hadde, og at eg syntest det var heilt nydeleg.

I kveld har eg sett eit tankevekkjande TV-program som på ein måte er relatert til dette med glansbilete. Eg tenkjer på det første programmet i dokumentarserien «Sykt perfekt». Her møter me unge jenter som stressar så hardt med å bli perfekte at det går på alvorleg akkord med helse og livsglede. Eg har vore oppteken av denne problemstillinga lenge og ein av tankane som et sit att med er «Kva i all verda er det me driv på med?» For me er vel ein del av det alle saman, det er ikkje lett å melda seg ut. Me blir indoktrinerte med alt me skal fiksa og prestera, og blir så fokuserte på alt vårt eige at me knapt nok er i stand til å skimta livet bortanfor vår eigen nasetipp. At ungdomane våre stressar seg sjuke og aldri trur dei har grunn til å vera fornøgde, gir oss alle grunn til å stoppa opp og tenkja oss om.
Kva er det me mødrer signaliserer til døtrene våre, og til sønene våre og for den saka si skuld.

Som ei motvekt til glansbileta så hadde eg tenkt å bla om i boka om morfar og storkereiret. Det får bli ei lita dose i dag og.

***

Morfar har eit namn han eig mest heilt aleine.
Det er fordi oldefaren hans kom frå eit anna land ein ging for lenge sidan.
Sjølv heiter eg bare Live.

***

Då me fletta greiner inn mellom tindane i det store metallhjulet, begynte folk å snakka saman. Me fylde det med store mengdar halm. Då morfar sette det på stonga som var åtte
meter lang begynte folk å snakka saman og å ringja til kvarandre med mobilane sine.

***

Ein dag skreiv dei om det i den velse avisa her i frå, så kom dei på besøk frå avisa inne i den store byen. Så kom morfar på fjernsyn, først på lokalen og så på eit program som vart vist i heile landet. Eg kom på fjernsyn eg og. Eg er jenta som plutseleg står der med raude gummistøvlar og himmelblå lue og peikar opp på storkereiret.

***
Morfar snakkar med alle med mange og rare ord. Han snakkar om klimaendringar og magnetisme, om ultralyd og om fugletrekk, om livssyklusar og biotopar og om endringspotensiale hos levande organismar, han snakkar om våtmarker og froskar, om vadedammar og kyststripe. Eg forstår ikkje halvparten av det han seier. Eg bare veit at han er min morfar og at eg veit akkurat korleis det høyrest ut når han ler eller når han pustar veldig høgt fordi han held på med noko vanskeleg.

***
Så ler dei av morfar. Dei ler seg skakke. Dei ler så dei skrik. Eg ler ikkje, eg skrik ikkje,
og eg har ikkje det minste lyst til å le. Morfar ler. Han seier at han ler av alle som ler.
Far ristar på hovudet og skundar seg veldig kvar gong han skal til butikken for å handla.

***

Så får ingen vita meir i dag.

Heidi

 

 

 

 

 

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: