Theodora og meg
Som nokre av de som les veit, så er eg med jamne mellomrom medansvarleg for å arrangera jungelgjeng under sundagssgudstenesta. Då har eg alltid med meg handdokka mi, Theodora. Jungelgjeng er eit litt meir fancy ord for den gode gamle sundagsskulen, og frammøtekorta med epler og gullfisk er bytta ut med ei løve som kjem inn på ein gitt stad i gudstenesten for å ta med seg barna til barneopplegget nede i kjellaren. Før bar eg alltid med meg eit «hemmeleg skrin», ei skoøskje trukken med silke, gulltråd og perler. Eg bar det som ein kostbar skatt i hendene gjennom kyrkjeromet for at barna skulle bli nyssgjerrige på kva som var oppi. Nå har me fått ei stor skattkiste frå sundagsskuleforbundet. Det er den som kan skimtast ved sidan av Theodora på biletet over. Skattekista er perfekt til sitt bruk, men for stor til å bera med seg. I dag var det dåpsgudsteneste, og eg fekk i siste liten det innfallet at Theodora skulle få vera med meg opp i kyrkjeromet under første del av gudstenesta. I dag var det dåpsgudsteneste. Det betyr som regel at det er ein del barn i kyrkja som ikkje kjenner til jungelgjengen, og eg tenkte at det at dei fekk sjå Theodora kunne kanskje motivera dei til å vera med på det som i beste fall ville vera ei god oppleving; barnesamling i kjellaren med teater, song, leik og formingsaktivitet.
Først då eg sat i kyrkjebenken med ei nyssgjerrig handdokke i fanget, slo det meg kor sært dette kanskje måtte sjå ut for dei som ikkje kjenner meg. Det ville vera meg uendeleg fjernt å la Theodora liggja livlaus på sida av meg, og for meg var det sjølvsagt at ho vinka ivrig til barn og vaksne ho kjende, smilte til barn ho ikkje kjende og strauk dei forsiktig over håret, la hodet sitt inntil skuldera mi når ho kjeda seg litt og stod i fanget mitt for å sjå betre under dåpen. Plutseleg tenkte eg at dette er det glade vannvit… Ei middelaldrande einsleg dame som sit der med ei handdokke på fanget under gudstenesta… Sæle er dei med sjølvironi, for dei har alltid noko å le av heiter det i ordtaket, og visst kan ein trenga noko å le av…
Eg har alltid vore djupt fascinert av dokker og spesielt av teaterdokker. Då eg for ein del år sidan fekk meg sommarjobb som barnearbeidar på Solgården, gjorde eg noko eg hadde hatt lyst til lenge… Eg utvida familien med ei heilt ny handdokke, ho hadde med seg eigen bagasje til Spania, beståande av avlagde barneklede i storleik eitt år. På marknaden i Villa Joyosa fekk ho seg både oransje crocs, eit rosa sandsett og rosa joggesko. Ho lærte spansk saman med barna på Solgården, og samtidig som ho vart kjend med barna vart eg kjend med henne. Det er nemleg slik at ein treng litt tid til å bli kjend med ei handdokke, akkurat som det tek tid å bli kjend med eit menneske. Nå har eg vore så mykje saman med Theodora at eg kjenner henne godt. Eg veit at ho er nyssgjerrig, entusiastisk, tøysete og spontan. Faktisk kan ho koma opp i mange ubehagelege situasjonar fordi ho alt for ofte ikkje tenkjer seg om før ho snakkar og handlar. Ho kan vera småfrekk, og slit fælt med å sitja stille og med å ikkje snakka heile tida. Likevel veit eg godt at ho har eit hjarte av gull, og at ho er den første til å angra når noko har gått frykteleg gale. Av og til kan ho og bli veldig sjenert når ho plutseleg oppdagar at alle ser på henne. Det at eg kjenner henne gjer at eg sjeldan blir overraska over reaksjonane hennar. Me veit korleis me skal handtera kvarandre eg og ho.
Det finst dei som trur at ho kan skifta identitet når det trengst, men slik er det ikkje. Ho kan ikkje plutseleg opptre med ein heilt annan personlegdom. Eg rettar og straks på alle som kallar henne Leonora, fordi eg kjenner på meg at ho intenst mislikar at folk ikkje hugsar kven ho er. Eg har lurt litt på om ho burde få seg ein bror som kan fylla ut litt, ein som er veslevaksen, tenkjande, filosofisk og forsiktig. Til nå har det bare blitt med tanken… Før henne har eg hatt handdokker av det enklare slaget, for eksempel den heimestrikka handdokka Happy som bare forstår engelsk. Theodora er den første kjøpte dokka av det litt finare slaget. Eg har prøvd meg eit par gonger med å kjøpa billige marionettedokker i utlandet, men det er noko med snorsystemet deira som eg til nå ikkje har fått til å harmonera med mine fingerferdigheiter og finmotorikk. Det har end med ulykke og klipping av samansnurla livstrådar kvar gong, men ein vakker dag finn eg kanskje ei fantastisk marionettetredokke i ein liten utanlandsk kunstbutikk, ei som er i stand til å spela på lag med meg?
Theodora har ikkje bare vore med meg på sundagsskule og på Spaniaturar, ho er og innom skulen med jamne mellomrom, og får litt hjelp av elevane til å finna ut korleis det er lurt å oppføra seg på skuletimar eller i leik med andre barn. Det å venta på tur og det å ikkje la temperamentet ta heilt overhand er noko ho har slite ein del med, men det går betre og betre. Ho må og finna seg i å få litt konkurranse både frå matematikklovnar og andre vesen.
Etterkvart har eg lært meg at det ikkje alltid er like lurt å la Theodora dukka opp uanmeld på heimefronten. Ein gong skulle eg og ho på dokketeaterkurs, og på veg ut lot eg henne snakka litt med dei som var i stova. Akkurat den gongen hadde me besøk av ein relativt framand ungdom, som forresten nokså nyleg var blitt kjærast med ein av ungdomane i huset.. Etterpå fekk eg høyra frå eit samstemd dommarpanel beståande av barna mine at «Slikt gjer du aldri meir!» «Du forstår viss ikkje kor spesielt det virkar at mor i huset kjem inn med ei handdokke,» sa ein av dei. «Det er rett og slett skikkeleg weird, mor.» Eg vil jo nødig skremma vekk gjestene våre, så eg måtte ta ein prat med Thodora på tomansshand for å fortelja at det nok ikkje bestandig passa at ho dukka opp. Eg hadde vel litt problem sjølv med å sjå problemet, men som tenåringsmor må ein av og til rett og slett innsjå at det ikkje er alt ein forstår… Då Halvard for 3 år sidan overraska heile familien med ei julegavebok om sin oppvekst i familien Harboe, var dette ein av dei situasjonane han hadde refleksjonar rundt…
Her er eg og Theodora i Halvard sin strek henta frå boka…
Kanskje dette innlegget ber preg av at eg dei siste dagane har ferdigstilt tre biletbokmanus som eg har send inn til ein stor konkurranse… Eg har send inn historia om den litt sjalu, men alltid beskyttande storesystera Eva, historia om Dankert og Dunkert og Florian Blom, mennene som dagleg sit på ein benk på torget, og som svært overraskande blir inviterte i seksårsdagen til vesle Mina, og til slutt historia om Morfar og storkereiret som eg har skrive om her før. Innleveringsfristen går ut i morgon, og det kan henda at eg og kastar inn eit manus eg har liggjande om Magnus som skal begynna på skulen og oppdagar at det ikkje er så lett som han trudde. Problemet er at det er begrensningar på kor langt eit slikt manus kan vera i fylgje konkurransereglane, og dersom det skal ned må det forkortast til bare litt over ein tredjedel av originalen… Me får sjå om det let seg gjera. Eg reknar med det blir hard konkurranse om å ha skrive dei tre vinnarmanusa, og har vel ikkje alt for høge forventningar om å gå heilt til topps. Likevel er det litt spennande å prøva. Det å få gitt ut ei biletbok i lag med ein persom som verkeleg kan teikna er ein av draumane mine.
Eg har jo ein og annan teiknar i familien og, sidan eg ikkje har spurt om lov til å visa bileta av Mina og Florian Blom på bloggen min, så lar eg vera å fortelja kven kunstnaren er…
Etter å ha lese dette innlegget, ser eg ikkje vekk i frå at nokon vil konkludera med at «De gærne har det godt…»
Heidi
From → Barna mine, Bøker, Draumar, kyrkja
Gullgod fortelling om deg og Theodora! Så bra at du ikke dytter Theodora under benken når dere er «ferdig med jobben». Når du først har gitt henne liv, og hun har gitt deg liv, så kan du definitivt ikke avlive henne.
Jeg må nok følge med på dine skriverier. Du har en herlig penn.
Takk for gode ord. Eg ser me er hjartans einige om behandling av levande handdokker 🙂
Heidi
Etter mange år som dirigent for Hinna barnegospel, kjenner jeg meg igjen. Barn skal alltid ha det beste, så da får de som ikke forstår klø seg i hodet. Det kan jo bli krøller av det en dag…