Skip to content

Januarbøker

februar 2, 2016

image

I januar har eg hatt god tid til å lesa bøker. Desse tre bøkene har eg hatt stor glede av å lesa, og eg kan anbefala dei til andre bokelskarar. Alle desse tre aktiverte viktige tankar og var vanskelege å leggja i frå seg.

» De urolige» er Linn Ullmann sin sjølvbiografiske oppvekstroman. Det er ei vakker bok om det å vera barn av to kunstnarar som på kvar sin måte gjorde oppveksten hennar lite A-4 prega. Det er og ei til dels hjarteskjerande historie kor vanskeleg det til tider kan vera å vera barn. Boka traff meg både som ein historie som fekk meg til å hugsa korleis det var å vera lita, som ein historie om kunstnaren Ingmar Bergmann og som ein historie som er viktig for meg som framleis får lov å vera ei brikke i barn sin oppvekst.

image

Merete Lindstrøm sin roman » Fra vinterarkivene» ber med seg noko av den same vakre, vare og vemodige tonen om det å leva i ein komplisert verden. Forfattaren seier at boka i stor grad er sjølvbiografisk. Ho handlar mellom anna om det å vera ein del av ein familie der fleire av hovudpersonane er ekstra sårbare for kreftene i livet. Ho beskriv det å ha ein partnar som slit med både depresjonar og rus og det å ha både foreldre og svigerforeldre som og strever med livet. Boka handlar og om det å leva som kunstnar og det å vera mor. For meg fortel begge desse bøkene viktige ting om det å vera menneske og det sårbare  i det å vera barn prisgitt mange faktorar i liva til vaksne som omsorgspersoner. Eg vil påstå at begge desse bøkene er bøker til å bli klokare av.

image

Den tredje boka er så vidt eg har forstått skriven av ein norsk debutant, Maja Lunde. Her går tre historiar parallelt med fellesnemnaren bier. Dei er frå tre ulike tidsepokar. Den eine tråden handlar om ein amerikansk birøktar som ynskjer å leva som han alltid har gjort og som er i opposisjon til sonen som helst vil studera, er vegetarianar og som er skeptisk til kor økologisk forsvarleg faren sin måte å tenkja og jobba på er. Faren får ei svært ubehageleg overrasking då kubene hans blir ramma av noko som ubehageleg nok for lesaren er eit aukande problem i den verkelege verda; plutseleg bredd der heile kuber og koloniar døyr ut.

I ein av dei andre historiane blir me dregne inn i ein dystopi, ein forferdeleg skildring av ei framtid i ei verd der den moderne sivilisasjonen har spelt falitt. For å kunna overleva er store deler av befolkninga i Kina, der historien utspinn seg, tvungne til å jobba med handbestøvning av frukt- tre for å kunna overleva i ei verd utan humler og bier. Skulegang for barna sine kan dei gløyma, barn trengs som arbeidskraft for å skaffa mat.

Ein av dei eg har sett skriva om boka «Bienes historie» skriv at ho aldri meir kjem til å drepa ei bie. Eg forstår kva ho meiner…

I tillegg til lesinga så har eg strikka tre par ullsokkane og eit par vottar, sett fine program på TV, møtt kjekke folk på kafé og hatt mange trivelege gjester. Det er på tide å ta seg sjølv i nakken og koma seg ut på lange turar. Det gode turveret bør ein ikkje vera alt for oppteken av i vårt hjørne av verda…

Heidi

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: