Skip to content

Nokon å kjenna seg trygg i lag med, og nokon å le saman med

februar 7, 2016

image

Overskrifta er eit sitat frå «Mesternes mester», som eg har kikka på i kveld. Då Jan Åge Fjørtoft vart slått ut av konkurransen, sa han noko om kva som er viktig for å ha det bra i lag med andre menneske. Han formulerte seg slik at det viktigste for å trivast i ei gruppe med andre menneske er at ein kjenner seg trygg i lag med dei og kan le i lag med dei. Det slo meg at dette er eg veldig einig i. Det gjeld både i familien, nabolaget, skuleklassen og kollegiet. Dersom ein kjenner seg trygg og har nokon å le i saman med, så ligg veldig mykje til rette for å ha det bra. Eg er eit velsigna menneske. Eg har utruleg mange eg kjenner meg trygg i lag med, og utruleg mange eg kan le i lag med.

I føremiddag gjekk turen først med buss for tog til Sandnes, der eg vandra rundt i sentrum, og kjende til mi overrasking at nå er det faktisk eit streif av vår i lufta.  Eg såg klosterklokker i eit bed og var inne på ein blomsterbutikk og kjøpte tulipanar. I lag med gode venninner var eg buden til fin lunsj hos Sigrid på Smeaheia. Mi indre pyse hadde ikkje lyst til å kjøra dit med bil, delvis fordi eg aldri finn fram på stadar der eg ikkje er lommekjend, og delvis fordi eg i grunnen aldri har spesielt lyst til å kjøra, bil i alle fall ikkje utanfor mi komfortsone som strekkjer seg sånn omtrent ei mil frå huset mitt i dei ulike himmelretningane. Eg var så heldig å få haik frå Sandnes og så fekk eg lokka Odd Christian til å koma å henta meg utpå ettermiddagen.

Noko av det eg verkeleg set pris på i livet, er gode samtalar med gode venner, og dagen vart veldig fin. Vel heime har eg ferdigstild det store manuset eg har halde på med, og så har eg strikka sokkar, ete heimebakte grove scones, klappa katten og drukke kaffi. Etter ein sosial dag kjendest det som ein fantastisk lørdagskveld.

image

I morgon har eg tre sosiale hendingar på tapetet, så eg skal ikkje koma til å kjenna meg einsam då heller. Den første hendinga foregår i stova mi, og inneber servering av fastelavnsbollar. I den anledningen har eg kikka på eit gammalt klipp frå nett TV der Ingrid Espelid demonstrerte baking av krembollar. Det slo meg kor kvardagsleg og heilt utan fiksfakserier dette programmet var i forhold til nye kokkeprogram. Ho kommenterte stadig vekk seg sjølv med «Dei bollane vart kanskje litt vel brune, denne her bollen vart ikkje så fin, men det får våge seg», og «Der var det kome snerk på mjølka, men det er vel ikkje så farleg…» Så får me sjå i morgon om eg kan klara å koma opp i mot Ingrid sitt resultat…

I barndomen vart «bollesundag» alltid markert heime hos bestemor og morfar med store mengdar kjøpebollar med krem og syltetøy, ein pose rosinbollar og ein pose berlinarbollar. Det var høgtid over det. Eg fekk leggja på kremen med spiseskei og ein klatt syltetøy i midten og leggja dei på eit stort fat for å servera til foreldre, sysken, besteforeldre, onklar og ei grandtante frå Figgen.

Forskjellen på mine to «besteforeldreheimar» var stor. Hos bestemor og morfar på Bryne var det kjøpebrød, kjøpebollar og wienerbrød frå bakaren. Morfar var kokken i familien, og bestemor likte ikkje synet av rå egg og rått kjøtt. Hos farmor og farfar i Vats var alt saman heimebakt. Farmor hadde sjølv mjølka mjølka og henta egga i hønshuset, det var nummeret før ho sjølv slakta kua, som ho eigenhendig malte på kjøtkvern til kjøtkaker…

På veldig mange plan kunne ikkje kulturforskjellane ha vore større, farsfamilien var bønder og kyrkjefolk, farfar sat i det som måtte finnast av styrer, politikk og andre verv. Farmor kunne ha konkurrert med bestemor Duck på dei fleste arenaane, og lot oss utan større skruplar ro aleine på vatnet utan redningsvest. Morsfamilien var arbeidarpartitilhengjarar, og ingen av dei kunne ha drøymt om å ta ordet i eit offentleg rom.

Bestemor var overbevist om at det var farleg å gå over vegen aleine før ein var minst ti år, og at det kunne vera farleg å stupa kråke. Farmor sprang omkring frå ho vakna til ho la seg, medan bestemor sat i ein stol i det same tidsromet. Det skal nevnast at ho var femten år eldre enn farmor og leid av gikt, men sett heilt bort frå det så var dei grunnleggjande forskjellige mennesketypar.

Eg elska alle fire besteforeldra mine høgt, og har lært masse av dei alle saman. Som barn tenkte eg aldri tanken at dei i det heile tatt skulle samanliknast med kvarandre. For meg er det ein god peikepinn på at barn faktisk kan bli berika av å læra at livet kan arta seg heilt ulikt på ulike arenaar, og at vaksne kan vera gode, trygge og fine sjølv om dei er veldig ulike. Eg har aldri heilt trudd på at det er tryggast for barn at alle dei vaksne dei kjenner skal vera mest mogleg like. Det viktige for barna er at dei kjenner seg trygge, at dei blir sett, og at dei for å dra trådane til overskrifta; har nokon å le i saman med.

image

Då Leif reiste tenkte eg at nå ville eg invitera masse gjester og gå masse på besøk. Det har blitt ganske mange sosiale hendingar og, men framleis er det mange av dei flotte menneska eg kjenner som eg gjerne skulle treffa til ein kopp kaffi og ein god samtale. Det er fint å ha noko til gode og. Sist helg hadde eg koseleg besøk av Grete og Gunn ein kveld. Dei hadde med seg ein fantastisk bukett som faktisk framleis står fin etter ei veke. Dei komande dagane bør eg og rekkja å førebu foredraget/ opplesinga eg skal ha på litterær lunsj på biblioteket på torsdag. Eg har tenkt ut gangen i det sånn nokonlunde, men eg er nøydd til å detaljplanleggja litt betre…

Noko av det fine med helg er det å sitja og skriva til langt på natt om ein har lyst… Men nå skal eg takka for i dag, for eg har ei fin bok eg har lyst til å lesa i før det blir natt for alvor.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: