Skip to content

Sundagsrangel og tysdagstankar

februar 9, 2016

image

På sundag hadde me eit rituale å gjennomføra. Ja, det kjendest nesten slik, sjølv om mange livsstilsprofetar truleg vil grøssa over formuleringa. I heile mitt liv har eg ete, eller i det minste vore i nærleiken av fastelavnsbollar på fastelavnssundag, og kvart år har ungane mine fått det servert i heimen den same sundagen. For at det ikkje skulle bli heilt feil dette året, innkalde eg dei av barna mine som var tilgjengelege til å eta bollar på sundag klokka eitt. Resten av dagen hadde eg nemleg program… Dei to dukka opp sjølv om svigersonen var forhindra, og det var kjempekoseleg å servera dei bollar med krem og melisdryss. Her hadde eg tenkt å ha eit bilete av hendinga, men eg fekk nettopp beskjed frå bloggoperatøren om at eg har brukt opp min opplastningskvote og at eg må betala 99 dollar for å få lasta opp fleire bilete… Truleg er det akkurat det eg kjem til å gjera, men eg vart litt betenkt og gjerrig… Er det verd det? Ja, det er det sikkert… Blogg vil eg jo ha, og bilete vil eg gjerne leggja ut og… Men inntil vidare får lesarane nøya seg med bilete som allereie er lasta opp… Ei kvit lilje er vel aldri feil…

Etter at den første runden med bollar var avslutta, så bar det rett vidare til Vodlavegen og feiring av svigerinne Bjørg sin gebursdag. Der var det fullt hus og stormande jubel og verdens søtaste tvillingpar som var høgt og lågt. Sjølvsagt var det bollar på bordet der og.

Den mest eksotiske avtalen eg hadde denne sundagen var hos Inger og Arme. For ganske mange år sidan starta eg og Inger «Interesseforeninga til fremme av døgnets forlengelse:» Det kan diskuterast kor langt me har nådd fram med fanesaka vår. Rasjonelle sjeler i våre næraste familiar hevdar at me ville vore like langt med lengre døgn, me hadde bare kome til å tøya strikken tilsvarande lenger med hensyn til leggetider… Det at me ikkje direkte har klart å oppnå målet vårt, vil ikkje seia at me ikkje kan samlast for å markera den gode saka. Me fann det naturleg og formålstenleg å leggja ein sundagsrangel inn i almanakken. Ingen av oss hadde tidlege avtalar dagen etter, så alt var duka for ein lang kveld. Me starta med koseleg kveldsmat og så var det strikking, snakking, frukt, snacks, og god drikke, i dette tilfellet farris og lettbrus som stod på timeplanen.

Ved midnatt toppa det seg ytterlegare. Då kom det ei dame til for å vera med på resten av kvelden. Eit veldig ungt menneske, forøvrig. Det yngste barnebarnet til Inger som er ca seks veker gammal ankom i pyjamas med eit teppe rundt seg. Betre kan det ikkje bli. Ho hadde ikkje tenkt å sova, men var meir i humør til å bli boren rundt i stova. Det passa meg utmerka, for å bera omkring på små nyfødde barn er noko av det aller finaste eg veit. Klokka to om natta fann me ut at det kanskje var på tide, til og med for oss å gå inn for landing, og den yngste gjesten vart boren heim til foreldra sine i nabohuset. Glad og fornøgd avslutta eg dagen med å lesa litt på senga og stilla vekkerklokka på halv ti i staden for ti på halv sju. Det å vera på besøk hos nokon du liker å vera i lag med til langt på natt sundag kveld kan anbefalast. Det kjendest herleg frigjerande, sjølv om eg ofte er omtrent like sein når eg er aleine på mitt lønnkammer ein dag eg ikkje skal tidleg opp. Dersom du har lyst til å bruka ideen bør du kanskje for ordens skuld sjekka ut at vert eller vertinne deler di oppfatning av ein vellukka sundagskveld…

image

Nå i kveld har eg brukt tid på å førebu meg på «Litterær lunsj» på Time bibliotek på torsdag klokka eitt. «Foredraget mitt» heiter «Ta heller med deg hjartet ditt,» eg vil fortelja litt om å skriva, men bruka mest tid på å lesa opp tekstar eg har skrive, hovudsakleg dikt. Nå blir det hard prioritering på å finna ut kva eg skal ta med og ikkje, for eg kan snakka på både innpust og utpust i nesten det uendelege dersom det skulle vera det det står på, men eg trur at både eg og lyttarane er tente med litt tidsdisiplin. Slike arrangement er alltid litt skumle i forkant, men samtidig så syneste eg at eg er heldig som får lov til å gjera slike ting. Det er ein fantastisk anledning til å løfta fram ting som eg synest er viktige, og det er i grunnen ganske mykje som eg synest er viktig når eg først tenkjer etter…

Her siterer eg Kumbel etter minnet:

Det meste er uvigtigt, ærlig talt,
og ærlig talt er kun det minste viktigt.
Gør derfor tillidsfullt det meste galt,
men gør af all din kraft det minste rigtig.
Kumbel

Eg prøvde utan hell å googla dette gruket, men fann det ikkje. Eg tok meg rett og slett ikkje tid til å leita i diktbøker, men dersom nokon ser kva som er feil i tredjelinja, så vil eg gjerne vita det…

Ha ein fin tysdagskveld.

Heidi

 

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: