Skip to content

Midt i februar

februar 13, 2016

image

Eg har fått ordna meg så eg kan leggja ut bilete her igjen. Det gjer at eg kan leggja ut ein stemningsrapport frå levd februarliv og visa bilete frå den siste veka. Dette blå vinterlyset er eg så glad i.

image

Eg har framleis ein draum om å få til eit bilete av trea i skulegarden smekkfulle av vinterkråker, men eg treng truleg betre fotoutstyr for å få det heilt til. På det mørkaste letta kråkene i nitida om morgonen og kom tilbake før fire om ettermiddagen. Nå tek dei til vengene ca kvart på åtte, og dei begynner å koma tilbake i halv femtida. På dette biletet er det framleis god plass i treet. På det tettaste sit dei så tett at dei nesten kjem borti kvarandre med fjørene. Det må vera fleire tusen kråker som overnattar i skulegarden vår.

image

I går hadde me det årlege karnevalet på Bryne skule. Skulen var full av små prinsesser, ninjakrigarar, varulvar, gamle damer, hekser, piratar og diverse andre vesen. Det er fascinerande å sjå korleis nokre av barna verkeleg går inn i rollane og er heilt annleis enn dei pleier. Det er alltid ein dag med stigande stemning, så det har fungert greitt at karnevalet blir siste innspurten før vinterferien. Sidan eg sjølvsagt ikkje kan leggja ut bilete av elevane mine på bloggen, så får eg illustrera med eit bilete av meg sjølv i rollen som lille Rødhette i Rødhettekostyme sydd av eit gardin frå Fretex for mange år sidan.

For dei som måtte lura, så kom eg levande og lukkeleg i frå den litterære lunsjen på biblioteket. Det var masse folk i bibliotekskafeen, og sjølv om det alltid er litt skummelt å setja i gang, så må eg nesten ta meg i saman for å avslutta når eg først er på gli. Det å fortelja og lesa opp i ei lyttande forsamling er utruleg fint anten dei lyttande er barn eller vaksne.

I går kom eg heim til vinterferien ganske trøytt etter ei travel veke. Eg hadde planar om å gå ein tur på ein liten time i den fine ettermiddagssola med den firbeinte bjeffande helgegjesten min. Det skulle visa seg at Oscar hadde andre planar. Han ville heller slappa av i den medbrakte reisesenga si og stritta i mot så godt han kunne. Etter tre-fire hundre meter lukkast han i å smøya seg ut av selen sin og sprang tilbake så fort han kunne. Det ende med at eg gjekk aleine, heller det enn å dra med seg ein mops på stive bein, eventuelt å bera han…

I dag var veret like fint, så eg har vore ute mesteparten av dagen. Først gjekk eg ein tur til sentrum, så ein miniatyrtur med ein litt gjenstridig hund, og til slutt ein runde og ein halv runde til rundt Melsvatnet i lag med Gerd. Utanfor blomsterbutikken var det fint pynta til Valentines dag og morsdag. Dei fortalde at i dag hadde dei oppe ekstra lenge utover kvelden fordi dei ivrigaste til å kjøpa Valentinesbukettar er ganske unge menn med kjærastar, og denne gruppa står ikkje tidleg opp i helgene…

image

Nå er det lyst nok til å gå til klokka seks, så lyset er verkeleg på veg tilbake. Det var ein nydeleg tur i fint ettermiddagslys og med nokre få minusgrader.

image

image

Ved brua stod ein «stygg andunge» som var i ferd med å utvikla seg til svane og varma hovudet sitt under venga.

image

Både på pyttane og på sjølve vatnet var det eit tynt islag.

image

Og eg håpar fleire enn meg ser den livsglade steinen med skøyarsmil og bustehår midt i dette biletet…

image

I vinterbedet mitt spirer det vårblomar. Mine hageferdigheiter er så pass begrensa at det kjennest som eit heilt ekte under kvar gong noko kjem opp i det heile tatt.

Nå gleder eg meg til ein roleg laurdagskveld med TV og strikketøy.  I morgon er det meir program og i beste fall meir fint ver som ventar.

Heidi

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: