Skip to content

Krig og fred

februar 15, 2016

image

Livet er ikkje alltid for pyser. Me som har levd ei stund, veit at verda fram til nå har vakla vidare på sitt eige skeive vis etter dei fleste kriser og dødsdomar. Då eg vaks opp var verda, i alle fall mi vesle verd i vårt eige hjørde ein stad på sørvestlandet prega av den kalde krigen. Me høyrde om dette på skulen, høyrde vaksne snakka om det, og med jamne mellomrom kom det opp saker i massemedia som fekk det til å gå kaldt nedover ryggen min. Eg hugsar me stod under ei gatelykt ein gjeng med unge tenåringar bortanfor huset til Morten og diskuterte om me kom til å bli vaksne før verda gjekk i lufta. Det var i alle fall Else, Einar, Morten og eg som stod der, men eg trur me var fleire, Eg fann ei viss trøyst i at Einar sa klart i frå om at me andre var overdrive hysteriske, men me andre gira kvarandre  heller opp.
Eg hugsar at eg hadde klare forestillingar om at Bresjnev og den amerikanske presidenten sat på kvart sitt kontor med eit lite låsbart skap på veggen. På eit eller anna tåpeleg innfall av panikk eller stormannsgalskap, kunne dei bare strekkja ut handa, opna skapet og trykka på knappen, og så ville Ragnarok vera laus. I ettertid har eg fått vit nok til å forstå at fullt så enkelt som eg trudde det var å trykka å knappen var det nok ikkje. Uttrykket «å trykka på knappen,» var forresten noko alle visste kva betydde på den tida. Far prøvde å overbevisa meg om at det gav tryggleik at maktballansen var der for ingen menneske vil djupast sett utsletta jorda, og med den alt det dei sjølve er og eig, men eg lot meg ikkje heilt beroliga.

Med fasit i hand, så veit eg at me rakk å bli vaksne alle saman, nokon av oss har til og med rukke å bli besteforeldre. Det hadde nok lite samanhang med at eg då eg begynte på vidaregåande skule skaffa meg jakkemerke med «Nei til atomvåpen» og «Viss kvinnene fikk styre verden.» Eit av barna mine lurte på eit tidspunkt på korleis me kunne leva våre vanlege liv i ein så spent verdssituasjon. Eg svarte at folk til ei kvar tid lever vanlege liv under dei mest forferdelege truslar, og at me gjekk jo ikkje rundt og tenkte på det heile tida.

Eg må innrømma at eg kjende ein antydning til ei kald iling nedover ryggen då den russiske statsministeren Dmitrij Medvedev uttalte at vesten hadde drive verda inn i ein ny kald krig. Erna Solberg var raskt ute og sa til det norske folk at ho ikkje var skremd av uttalinga. Den som tek pulsen på verda må stadig skjelva, og dei av oss som vaknar til ein alldeles nydeleg februarmorgon heime på Jæren med høg blå himmel, sol og vindstille er i ein fullstendig annan situasjon enn dei i Syria som me høyrer om på radioen som ser eit sjukehus drive av leger utan grenser bli bomba.

Eg har fulgt med på TV- serien «Krig og fred» bygd på Leo Tolstoj sin roman, og fekk meir og meir sans for serien undervegs. Allereie i dei første episodane slo det meg kva slags absurd teater krigen vart framstild som i denne serien. Familiar sender stolte sine unge menn til fronten for å drepa og bli drepne. To lag står oppstilde som til ein idrettskamp og så gyv dei laus på kvarandre med sverd og skytevåpen eller rir mot kvarandre på hestar og stikk kvarandre ned. Det er og hjarteskjerande å sjå unge menn, nokre av dei nesten bare barn som henrykte gler seg til å koma til fronten for å kjempa for fedrelandet og kanskje venda heim som heltar. Den vanvitige krigslogikken, som vel ingen menneske djupast sett kan meina er oppbyggeleg, kom godt fram.  For meg låg spørsmålet og dirra i lufta heile tida: «Kva slags meiningslaus galskap er det me menneske er i stand til å driva på med?» Det som gjorde det ekstra absurd var at den russiske hæren veksla på å vera for og mot Napoleon.

Eg forstår at ulike folkegrupper har ulike interesser og ulike synspunkt på korleis det heile heng saman. Så pass skjøner eg. Eg skjøner og at ikkje alle krigerske grupper er klare til å forhandla over ein kopp kaffi og eit fat druer. Likevel klarer eg ikkje å for alvor tru at krig og mannedrap er løysinga på noko som helst. Eg innser likevel at Karin Boje kan ha eit poeng når ho seier i eit dikt:» Det goda er varnlöst, det goda behöver inte segra.»
Mennesket er eit komplisert vesen. Det at mennesket er eit utprega flokkvesen gjer ikkje saka mindre komplisert. For rett og slett å sitera meg sjølv og det eg trur er det kortaste diktet i den siste diktsamlinga mi:

Det er farleg
lett å ropa for høgt
så lenge
ein har mange å ropa saman med.

Saman i grupper skapar me oss ein rett og ein agenda. Det menneske meiner dei har rett på går ikkje alltid i hop. Me i vår del av verda er eit kroneksempel på det. Fordi me er fødde til eit liv i det rikaste landet i verda, så trur me at me og våre har rett til å byggja eit gjerde rundt det me meiner er vår del av rikdomen for å sikra at me og barna våre kan reisa på dyre feriar og eta marsipankake kvar dag resten livet. I denne veka hadde eg den rare opplevinga av å bli oppringd av eit ukjend nummer då eg sat i møte. Eg slo mobilen på lydlaust. Etterpå kunne eg lesa tekstemeldinga: «Vårt Land prøver å få tak i deg, vær så snill å ringe meg på…» Eg vart litt satt ut. Kva ville avisa meg? Skriva om diktninga mi? Nei, så sterkt viste det seg ikkje å vera, dei ville eg skulle lesa ein artikkel i magasinet «Strek» om korvidt salmetekstar kunne vera skadelege, og så skille eg bli oppringdt av ein journalist for å uttala meg.

Då fekk eg mellom anna sagt noko eg  har tenkt heilt sidan eg var barn at fylgjande linje i nasjonalsongen fann eg betekjeleg:

«Har den Herre stille lempet, så vi vant vår rett…» (Eg har altså ikkje som mange eg kjenner fortvila over den foregåande linja «Alt hva fedrene har kjempet, mødrene har grett», det passerer heilt greitt i mitt hovud. Heller tårer enn krig…)

Kva gamle Bjørnstjerne meinte med den linja er så sin sak, men om me som bur i dette landet begynner å tru at me har ein gudegitt rett til å grafsa til oss av alle goder utan tanke på å ha ansvar for resten av verda, så synest eg det gjer grobunn for eit meir enn betenkjeleg verdssyn…

Eg kjenner til familiar der menneske har brote all kontakt etter eit arveoppgjer. Eg kjenner til relasjonar der menneske som kunne ha vore gode vener ikkje lenger har noko med kvarandre å gjera etter at ord som vart sagde i ein gitt situasjon har lege der og gnagd som djupt krenkjande. Det er så lett å koma på kant med kvarandre. Det er så lett å skapa skiljer.

Denne veka skjedde det meir i det store verdsbiletet. Det fann stad eit historisk møte mellom to greiner i den verdsvide kyrkja som ikkje har vore på talefot på veldig lenge. Pave Frans møtte Patriark Kirill i den Russisk ortodokse kyrkja. Det har vore ein isfront mellom dei to kyrkjene som gejnsidig har underkjend kvarandre etter ein dogmatisk konflikt for svært lenge sidan. Nå møttest dei etter initiativ frå pave Frns som uttalte at han ønska å omfavna  sin ortodokse bror. Dei møttest til samtalar om dei kristne sin vanskelege situasjon mellom anna i Syria. I seg sjølv må kunna sjjåast på som eit stort paradoks at dette skismaet mellom den katoske og den ortodokse kyrkja i det heile tatt har funne stad, men at dei nå møtest og at paven kjende på eit sterkt ynskje om det, rører meg som eit streif av det gode. Det er håp for verda.

Ein annan, nesten litt bagatellmessig framlagt sak på radioen gledde meg og stort. Det vert rapportert om at det nå er meir bier i verda enn det har vore dei siste tjue åra, og at det kan sjå ut som om den store skremmande biedødsepidimien er i ferd med å brenna ut.

Det er håp for verda, men det er me som må bera håpet fram. Det er lett å tru at nokon andre må koma og ordna opp i galskapen, men det er faktisk me som er dei vaksne.
La oss vera romslege med kvarandre og prøva å gjera verda til ein god plass å vera. Me er utfordra både i verdssamanhang og samfunnsamanhang. Nokon svelt i hel på grunn av matmangel, nokon bur i land der det er farleg og nesten umogleg å bu, nokon er overmanna av å prestera livet sitt i eit land der det burde vera lett å ha det bra. Me veit alle at livet kan gjera vondt sjølv under dei beste ytre føresetnadar til å ha det bra.

Sannsynlegvis skal du ut og møta menneske i dag. Gjer det på ein varm og skikkeleg måte enten dei er gamle naboar eller kjem langvegs frå. Eg prøver å gå ut med to ordtak i hendene. «Den som har sjølvironi har alltid noko å le av,» og «Den som vil gje det gode meir plass har alltid noko positivt å gjera.»

Heidi

 

 

 

 

 

 

 

 

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: