Vinterferie på Jæren
For dei av oss som ikkje reiser mot snøen så er vinterferien nesten som ein port mot våren. Det er kome eit drag i lufta som har våren med seg sjølv om det framleis er is på vasspyttane og markene framleis har den vinterfarga gulbrune fargen. For her på Jæren er ikkje vinteren først og fremst kvit. Han er gulbrun og grå, jordfarga og gulbleik med kvitt bølgeskum ytst mot himmelen.
For oss som er fødde og oppvaksne her er det noko heimsleg med stein og frostsvidd gras frå i fjor. Og måkeskrik er lyden av både sommar og vinter. Det raraste av alt er kanskje at me ærleg og oppriktig synest at det er vakkert og i grunnen ikkje vil byta det vekk med metervis med snø og høge brøytekantar.
På turen min i går fekk eg forresten med meg ein veldig særeigen form for musikk. Store deler av Tjødna var dekt av små isflak. I den kraftige vinden klirra dei mot kvarandre i bølgene og nokre stadar høyrdest det høgt og tydeleg tonar som minde om englespel, klokkespel eller vindharpe og då eg gjekk langs vegen var det djupe fløytetonar frå dei nye lyktestolpane. Eg prøvde å laga eit opptak på mobilen av ismusikken, men dessverre vart lyden av vinden alt for dominerande.
Ei meir konkret helsing frå våren kom Leif heim med i form av tulipanar direkte flyborne med han frå Amsterdam. Nok til å fylla to vasar. Og eg og ungane venta her heime med velkomstkaka.
Nå fekk eg besøk av ein son som må få kaffi, eg er snart tilbake.
Heidi