Skip to content

Stein på stein

februar 21, 2016

image

Det er slik livet er, slo det meg akkurat. Dagane, minutta og sekunda legg seg oppå kvarandre og dannar noko som til slutt blir eit liv. Dersom me stoppar opp og ser betre på detaljane så ser me mykje vakkert som me vanlegvis ikkje ser. I dag hadde det nettopp regna då eg tok dette biletet, og i sollyset kom fargane og detaljane fram.
Slik er det med epokar i livet og, for eksempel ein vinterferie. Det blir lagt stein på stein og så er han ferdig.

image

I stova er det blitt vår. Med alle dei fine tulipanane frå Amsterdam, så var det på tide å finna fram den fargerike løparen er har spart til våren og.

image

Sidan min reisande venn kom heim frå langtur midt i veka, så har me halde oss rundt telta denne veka. Med ein ferierande mops er det blitt ein del turar uta, men ein dag tok me ein hundefri tur inn til Stavanger. Programmet var tilpassa middelaldrande nerdar med ei innlagd økt på biiblioteket til skriving og lesing.

image

Kino vart det og. I luksussalen faktisk. Det er den romslegaste kinosalen eg har vore inne i. Ein kunne strekkja seg fritt og uhemma i alle retningar og det vart servert gratis kaffi, te og twiat. Filmen me såg, Brooklyn, var nydeleg. Han handla om ei irsk ungjente som valde å reisa aleine til USA fordi nokon kunne hjelpa henne til å få ein jobb der. Filmen handlar om det å vera framand og ny, om heimlengt og om kjærleik. Det som var litt sjeldant var at det så og seia ikkje var ein einaste skurk i filmen. Alle var høgst menneskelege menneske som gjorde så godt dei kunne for at livet skulle vera godt for dei sjølve og for andre. Biletet over er forresten frå ein av reklamefilmane og har ingenting med «Brooklyn» å gjera.

image

Plutseleg møtte me på ei syster på gata. Det passa fint for me var akkurat på veg til å eta lunsj. Me klarte å lokka henne med oss og havna på ostehuset. Her er ho i ein engasjert samtale, og der gjekk mobilbatteriet mitt… Eg sa, og eg som ville ha deg med på bloggen min, nå fekk eg ikkje tatt eit fint bilete. «Drid i, brug dæ du he,» sa ho, og slikt set me pris på…

image

Same kvelden fekk me vera med og feira Hanne Lise som fylde år. Gunnar hadde bakt ei fantastisk nøttekake til henne med heile hassselnøter på toppen. Den skal eg prøva meg på ein gong eg treng ei skikkeleg festkake.

 

image

I dag var det flott ute på Håtangen.  Det var eit merkeleg og dramatisk lys. Halve himmelen var svart av regnversskyer og den andre halvparten var lys. Det skifta mellom sol og regn, og lys og mørke.

imageOg havet gjekk høgt og skummande.

image

Plutseleg såg eg ein sjøfugl som sat på ei  stein og skalv. Det måtte vera noko gale med han. Eg nærma meg forsiktig og fuglen sat heilt stille og kraftig skjelvande der i vinden. Plutseleg spg eg at han hadde ei jernstong inn i ryggen, Eg vart heilt kvalm, noko av det verste eg veit er å sjå fyr som openbart lir. Tankane for gjennom hovudet mitt. Kunne me få han til dyrlegen? Burde me gjera noko, eller skulle me bare sjå på og lata som ingenting.

Forsiktig gjekk eg heilt bort til han. Då oppdaga eg til mi lette at fuglen ikkje var levande. Det var rett og slett nokon som hadde laga han og sett han der. Eg faktisk heilt inntil for å vera sikker på at eg såg rett. Kva som er meininga med å ha han der veit eg ikkje. Skal han lokka noko til seg? Er han til pynt? Kanskje nokon veit… ?

 

image

 

image

image

Dette biletet er ikkje skarpt, men det viser korleis lyset var. Eit fascinerande syn. Eg forstår malarar og fotografar som blir heilt hekta på dette med lys.

image
Og småsteinane på stien er jammen ganske flotte dei og når dei får lyset på seg.

image

image

I dag fekk det bli ei samling usensurerte bilete. Om dei ikkje på nokon måte er stpr fotokunst, så får dei vera ein dokumentasjon av nokre synsinntrykk frå dei siste dagane. Kasnkje eg ombestemmer meg og rydder i dei etter kvart. Nå må eg begynna å organisera meg for å bli klar til å rigga til kveldsgudeteneste om ein liten time. Ha ein fin sundagskveld.

Eg gleder meg til å få tid til å lesa vidare i ei nydeleg bok eg begynte på i dagmorges.
«Svattrosten synger i skumringen» av Linda Olsson. Eg anbefalar ho med dette til alle som liker vakre og stilferdige romanar. Nå gler eg meg forresten til å høyra svarttrasten synga vårsongane sine om ikkje for lenge

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: