Den ekstra dagen – Va dæ vibå æg såg, mon tru?
Den ekstra dagen me får kvart fjerde år er i dag. Ein gong i tida vart eg bedd om å vera telefonsvarar for min ugifte onkel denne dage og helsa og seia at han heller valde dei tolvpar hanskane når damene ringde. Han meinte at det var nok best eg sat på ein stol i gangen ved sida av telefonen denne dagen, for på den tida hadde folk telefonane på gangen. Då eg gjorde meg klar til ein interessant liten jobb for eit sørskulebarn, fekk eg beskjed av bestemor at eg ikkje måtte høyra på det vaset, og onkelen min lo godt og lenge. Han gifta seg forøvrig aldri. Kor mange par hanskar det kosta han, veit eg ikkje…
I dag trefte det seg slik at eg hadde fri denne dagen mellom vinter og vår. Kjekt besøk hadde eg og. Eva Mari har vore hos meg i helga, og reiste først nå i ettermiddag. Me fekk oss ein tur langs stranda. Det var kaldare langs sjøen i dag enn i går, men det gjer godt å kjenna litt motvind mot ansiktet. Det gjer og godt å sjå dei store linjene mellon himmelen og havet og det store lyset. Eit menneskeliv kjem i eit større perspektiv der nede.
Havet hadde skore skarpe stykke av marehalmfeltet på Refsnes, og det var skylt i land lange rekkjer av små, glatte, svarte steinar. Dei låg der som ei knapperad langs blondekanten av havsskum som kom inn mot land med kvart einaste bølgjeslag.
Og på straumkiosken var det kome strøk av moderne bykultur, ein grafittisjøfugl. Då me kjørde mot Orre, syntest eg så tydeleg at eg såg ein flokk viper på ei tjelve. Kunne det stemma, mon tru? Eg kom ikkje nære nok til å bli heilt sikker på at det verkeleg var viper. I så fall er det rett og slett våren som er her «heilt på skikkeleg». Det har vore lite viper dei siste åra, eg håpar verkeleg ikkje at dei forsvinn heilt for oss. Viper er for meg ein viktig del av Jæren og av våren.
Den blå himmelen frå helga var borte, men det opna seg hol av lys over oss.
Me fekk og tid til lunsj på Kjøkkenet i lag med May Brit. Plutseleg var me ein heil gjeng som delte privilegiet å kunna kombinera skotorsdagen med ein frimåndag. Nå får eg bruka det som er att av skrivedagen min til å rett og slett skriva litt. Kanskje blir det fleire blogginnlegg og? Eg har mykje eg ikkje har fått tid til å skriva om.
Viper eller ikkje…
God vår alle saman.
Heidi