Gå til innhald

Flotte bilete og halvkveda tekstar

mars 6, 2016

24919112434_b5b2d9bb03_o

Etter ei fin helg og før ei travel veke, vil eg rett og slett visa desse fine bileta frå ein fotograf som var ute medan eg framleis låg og sov, for å fotografera den fine kvite marsmånaden. Eg vil og setja inn nokre halvferdige tekstar, nokre frå i dag, og nokre frå sist helg. Av og til er det befriande å bare skriva ting inn her som eg eigentleg ikkje tenkjer på som ferdige. Som alltid så er eg glad for alle innspel. Biletet over med sauene på rekkje og rad, er forresten det finaste biletet eg har sett på lenge. Eg fekk lyst til å henga det på veggen eller å bruka det i ei diktbok. Ha ei fin veke, alle saman. Her kjem nokre tekstar frå ei framleis nølande hand.

Eg vil la fiolinane hjelpa meg å finna fram.
Eg vil krypa inn i kontrabassen sitt djupe varme mørke
og gøyma meg i dei mjuke rytmane.
Så kjem eg nok fram att etter kvart,
kanskje om ei veke eller to,
litt sterkare, litt klokare,
litt meir klar for dei store spørjeteikna.

25429010042_52da15bc31_o

Du skal ikkje forakta for tidleg
alt som er for lett,
alt som er lattermildt tåpeleg,
som blondegardiner og blond blåøygd tillit.
Du kan pakka kvardagane dine inn i det,
du kan pynta med mangefarga sukkerstrø
og ein stor kremdott på toppen.

Du skal ikkje bare samla på det som har tyngde.
Du skal ta med deg draumen du nesten klarte å halda fast,
ein lyseblå sommarkjole,
eit gammalt falma glansbilete
eit par kvite sandalar som ein gong passa på føtene dine
og eit perlemorfarga skjell du fann på stranda
ein gong det var juni.

25549514305_3d2a7a3236_o

Vemodig, alltid dansande,
vidare eller tilbake.
Det me veit sikkert
er at me ikkje kjenner vegen.
Likevel ligg han der
tolmodig støttande under føtene våre
medan me langsomt, nesten umerkeleg,
forandrar oss
til dei me skal vera i dag og i morgon
dei me skal vera i tidene som koma skal,
med alt me ikkje får vita
før det store stemplingsuret
erklærar fasiten for skriven.
Enn så lenge skapar me liva våre
i lys og skodde
av flugevenger, marihøneprikkar og kvite fjør.

25430773202_4859213266_o

I den spende bogen mellom nestekjærleik
og heilag bekymringsløyse
skal eg vekselsvis krypa og dansa.
Så lenge han har solide feste
kan eg roleg setja meg ned
kvar gong eg verkeleg treng det
og dingla leikent med bare føter
over den svimlande avgrunnen.

***

Av og til  blir eg overmanna
av denne tåpelege trongen
til å leggja meg flatt på ryggen
midt i kyrkja
med armane rett ut
og la meg løfta av musikk og lovsong.

Det skulle vel ha teke seg ut…

***
Kom, Guds fred.
Overgå all forstand.

Bevar hjarta våre…

***

Heidi

 

 

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Inger permalink

    Takk for vakre ord, Heidi!
    Og dei sauene! – skulle eg gjerne hatt 🐐
    Henter deg i mårå til velsignelsen på
    Kleppe😊

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: