Gråbleike vårar…
Innunder yta finst moldmørke årer, blåveisen blømer i gråbleike vårer, livstrua bryt gjennom tela og tvang, danse mi vise, gråte min sang…
Slik står det skrive i den vakre visa til Einar Skjæråsen. Uttrykket «gråbleike vårer» har eg alltid tenkt er veldig treffande… Blåveis er det lite av her, men snøklokker er ikkje nokon dårleg erstatning. Ofte har me vel sett på fotografia av tidleg vår sånn ein gong utpå sommaren og tenkt at «Var det verkeleg så bleikt og fargelaust i mars?»
På denne årstida er det dei små teikna me ser etter og gler oss over… Gåsungar på eit tre, snøklokker i eit bed, den skarpe vårsola og det fine kveldslyset.
Eit eller anna udefinerbart med fargane og lyset seier at nå er det tidleg vår og ikkje bare snølaus vinter.
Etter ei ganske travel helg, smakte det ekstra godt å få ein skrivedag heime i dag. Utfordringa i dag morges var å klara å leggja frå seg Mona Levin si bok «Mors historie». Det er ei sterk og fargerik forteljing om det å vera jøde før og under andre verdskrigen, og korleis det var for jødar på flukt å finna fotfeste i Norge før katastrofen innhenta dei og oss. Eg trur det er ei historie me kan læra mykje av i dei tidene me opplever akkurat nå. Eg anbefalar boka. Eg anbefalar og boka eg lånte av Elisabeth sist helg: Jon Fosse sin trilogi «Andvake, Olavs draumar og Kveldssvevd.» Den hadde eg og problem med å leggja vekk når eg først var i gang.
Dikta eg har prøvd å skriva i dag er inspirerte av Knut Grønvik si bok «Alle dager». Han har tankar om eit liv i Gudstru som er verd å reflektera over.
Du som er foranderleg uforanderleg
Du som er i eldsøyla og skystøtta
Du som er overraskande annleis
vibrerande og levande
undervegs saman med meg
alltid i synsfeltet
Ver hos meg
uforanderleg i det foranderlege.
Dette er ikkje eit ferdig dikt trur eg, men noko Knut Grønvik skreiv skapte nye tankar i meg. Gud viste seg for israelsfolket på vandring i ørkenen som ei skysøyle om dagen og ei eldsøyle om natta som skulle visa dei vegen dei skulle gå. Eg har aldri tenkt over det før, men både eld og skyer er levande og på ein måte foranderlege substansar. Det er stor forskjell på ein stein og på flammande eld. Det gav meg mange tankar. Nå leitar eg etter dei rette orda…
Ha ein fin kveld
Ynskjer Heidi