Skip to content

Påsketekstar 2016-4- Katt på tastaturet

mars 27, 2016

image

Nå spaserer det ein katt på tastaturet igjen. Meir eller mindre bestemt dyttar eg henne vekk, men ho skriv sjutal og t-ar og let seg ikkje avvisa. Eg raderer meir eller mindre tålmodig og begynner på ny. Ho har gått emjende gjennom stova og leita etter Sunniva, men nå har Sunniva reist. Ho reiste i dag morges og Halvard reiste alt på torsdag.

Eg trudde at eg hadde vent meg til at dei kom og reiste, men eg blir like overraska kvar gong over kor tomt det blir i huset. Det er akkurat som eg bare delvis har forstått at dei er vaksne heile gjengen og på veg ut i det store livet der huset vårt for lengst har slutta å vera «heilt heime».

I går var eg og Sunniva ute og handla litt, me gjekk på kafe og drakk kakao og me kjøpte inn mat til felles familiekveld og fyll til dei fire gjenverande påskeegga. Me har alltid opna dei første påskedag, men Halvard måtte få sitt før han reiste og dei andre fekk sitt i går kveld. Me kjøpte buntar med påskeliljer fordi tulipanane var i ferd med å visna og rakk akkurat å betala før butikkane skulle stengja.

I går kveld var me mange rundt bordet att og etter måltidet spelte me risk, jentene mot gutane og tinte kanelrullar og skulebollar og kokte kaffi. Jentelaget vann ein knepen siger begge omgangane, og det er blitt bestemt at det ikkje bør vera meg som nynnar songar som dei andre skal gjetta på. Eg for min del kan ikkje forstå at dei ikkje straks høyrer kva eg syng…

Eg og Sunniva hadde tenkt oss på midnattsmesse i Timekyrkja, men det ende med at me ombestemte oss. Me oppdaga at denne natta var ein time kortare enn alle andre, Sunniva skulle grytidleg opp for å nå eit fly neste dag, og ute var det kuling og piskande regn. Eg sa at det kan vera me angrar etterpå at me ikkje har gått, men me vart heime likevel.

Me vart plutseleg litt usikre på kva for nokre klokker og mobilar som stiller seg sjølv når me går over til sommartid og skal hoppa over ein time. Kunne me stola på det, og korleis kunne me vita heilt sikkert kva klokka var når mobilklokka ringde klokka seks? Me fann ut at det tryggaste var å stilla det me hadde av alarmar for å sikra ein oppstandelse i sekstida slik at Sunniva skulle rekkja flyet sitt og nå fram til ettermiddagsvakta si i Oslo.

I dag kjenner eg på at det hadde vore fint å fått midnattsmessa med seg. Det er noko heilt spesielt med å sitja i den mørke kyrkja nattestid med kvart sitt stearinlys som blir tend frå det store lyset etter at presten har forkynt at «Kristus er sanneleg oppstanden». Det er og veldig fint å stå ute på kyrkjegarden framfor kyrkja, i sirkel mellom gravene og syngja «Deg være ære, Herre over dødens makt». Det spørst nok om den siste delen lot seg gjennomføra i år med det regnet og den vinden me hadde i går kveld. Eg håpar me kan få det med oss eit anna år. Me får seia som jødane: Til neste år i Jerusalem.»

I morgon har eg ei ny oppgåve. Eg skal vera med og arrangera aktivitetsdag 2. påskedag på Hå gamle prestegard. Eg vart spurd om eg var komfortabel med å fortelja for barn, det sa eg at eg var. Eg skal fortelja ei eller to legender til barn som er der med familiane sine for å laga påskepynt og leita etter egg. Eg har fortald dei før, men det er vel på tide å finna fram tekstane og øva litt.
I dag er veret ganske bra igjen, så me får få oss ein tur ut etterkvart. Akkurat nå lagar nokon middag til meg, så heilt aleine med katten er eg ikkje.

Heidi

 

One Comment
  1. Herlige glimt 🙂

    God Påske!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: