Skip to content

Påsketekstar 2016-5-2.påskedag

mars 28, 2016

image

Det er ikkje så ofte eg må hoppa i badekaret for å få varmen i meg, men nå i ettermiddag gjorde eg akkurat det. Eg har latt meg verva til styret i Vennelaget for Hå gamle prestegard, og i dag har eg vore med på å arrangera den tradisjonelle familiedagen på annan påskedag. Konseptet er kjempekoseleg. Det er tenning av bål og koking av egg og pølser nede i fjøra, og det er gøymt over hundre påskeegg i papp på området rundt prestegarden og nede i fjøresteinane. Dei som finn eit slikt egg kan få det fylt med godteri.

I hovudhuset er det sal av lefser, lappar, kaffi, brus og annan god mat, og eg hadde to forteljarstunder for barn der eg fortalde legender.

Det som ikkje gjekk etter planen i dag var veret. Det har blåse kraftig og regna mest heile dagen. Mykje av programmet vart flytta innomhus, men det å vera i den uisolerte delen av det gamle fjoset var kaldt nok det og. Ganske mange lot seg nok skremma av veret, likevel var det mange regntøykledde  barn med iskalde kinn og fingrar som kom stolte inn med påskeegg dei hadde funne. Den siste forteljarøkta mi skulle vera det siste som skjedde, og nesten alle valde å putta dei våte kalde ungane i bilen og få dei heim. Derfor møtte det ikkje opp fleire enn to små jenter som ville høyra legenden om korleis snøen fekk farge. Dei var så interesserte og entusiastiske at det faktisk vart ei stor oppleving å fortelja for dei.

image

Etterpå var det deilig å koma inn i det godt oppvarma hovudhuset for evaluering og varm kaffi. Eg hadde tenkt å kanskje få gått ein tur langs stranda når eg først var der, men akkurat då frista det mest å koma seg heim til husvarmen.

I går ettermiddag fekk eg lokka livskameraten min med ut på tur. I mitt hovud skulle den turen gå langs stranda. Det er då eg verkeleg får opplevinga av natur. Det er noko med havet som får noko i meg til å falla heilt på plass. Eg må innrømma at eg ofte får mast meg ned til sjølufta når me skal gå tur, men i går hadde Leif andre planar. Han hadde tenkt på at me aldri går tur på Lyefjell og at det skal vera så fine turløyper der.

image

Eg hadde ikkje så mykje å stilla opp mot det argumentet, så me la i veg. Eg måtte innrømma at det var ganske fint på Lyefjell og. Det liknar veldig på det terrenget eg vaks opp i på Ålgård, spesielt området rundt Flassavatnet og Kodlitjødnå der me både leika og gjekk på skeiser.

Me gjekk ikkje så  langt, for det var blitt ganske seint på ettermiddagen og det var ganske vått og myrete utanom den store grusvegen.

image

Fargane, halmgult, mosegrønt og grått viser at me ikkje er kome så veldig langt på vår endå. Men fargane i mars har sin sjarm dei og.

image

Etterkvart har eg blitt veldig knytta til naturen på låg- Jæren, men dette minde meg på at det er veldig lenge sidan eg har vore ute og gått i naturen i Ålgårdsområdet der eg faktisk høyrde til størsteparten av oppveksten min. Kanskje me må dit neste gong?

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: