Skip to content

Påsketekster 2016 -3- Påskemorgen slukker sorgen

mars 27, 2016

image

Det blir liksom ikkje heilt påske før eg har fått sunge «Påskemorgen slukker sorgen,» og i dag fekk eg heldigvis gjort akkurat det. Kyrkja var pynta med masse fine blomar, mellom anna med store mengder påskeliljer, og på galleriet øvde organisten med to trompetsolistar då eg kom med armane fulle av alt eg skulle bruka til påskevandring på sundagsskulen. Det var så fint.

På same måten er det med eit par andre songar. På 17. mai må eg få vera med og synga «Gud signe vårt dyre fedreland», og på julafta er det «Deilig er jorden» som er den magiske songen…

Alle som kom til kyrkja i dag fekk ei påskelilje i handa. Framme ved altaret stod det ein kross som var laga slik at ein kunne festa blomar på han. Gudstenesta begynte med at alle fekk gå fram og festa si lilje til krossen medan me song alle versa på denne gamle påskesongen. Det var til å få tårer i auga av.

image

Kyrkjeløva vår kjem kvar gong det er sundagsskule i kjellaren for å slå av ein prat med presten og for å ta barna med seg ned til barnesamlinga. I dag kom løva dansande i glede og plukka i smug ei lilje frå krossen for å ha noko fint å gje til presten på ein dag som denne. Saman festa dei lilja att slik at alle kunne ha glede av ho.

Nede i kjellaretasjen hadde me påskevandring for barn og for dei av dei vaksne som gjekk ned i lag med barna. Me fekk salve i hendene for å minnast salvinga i Betania, me svinga med palmegreiner, og ein fekk ri på eit provisorisk esel. Me hadde fotvasking, braut brød og drakk druejus til minne om det siste måltidet, me sovna i Getsemane, høyrde Peter fornekte Jesus og var bortom Golgata før me møtte engelen og fann grava tom. Til slutt feira me oppstandingsgleda med ballongar i gull og rosa, såpebobler som glitra i påskelyset og litt påskegodteri frå eit stort påskeegg. Det er aldri feil å vandra i bibelske historiar i lag med ungar.

image

Dagens formingsaktivitet var å laga fine sommarfuglar med følehorn av piperensarar og diverse pynt. For dei som ikkje måtte vita det, så er sommarfuglen eit gammalt symbol for oppstode.

image

Mest kvart einaste år skjer det same før eg går ut av kyrkjedøra første påskedag. Leif Andenes kjem og forærer meg påskeliljer som han har dyrka fram og pynta med i kyrkja denne dagen. Han seier kvart år at han har ikkje plass til alle heime hos seg sjølv. Dette er ein tradisjon det er lett å setja pris på. Eg synest det er rørande at nokon kvart einaste år dyrkar fram påskeliljer, gåsungar og forsythia i vekene før påske slik at den store påskedramaturgien i kyrkjeromet kan avsluttast med ein fargesterk og blømande påskedag med løfte om oppstode og nytt liv.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: