Skip to content

Frelst

april 2, 2016

15230456734_25fbf26a2a_k
I går klarte eg å finna dokumentarserien «Frelst» frå VG- TV på nettet. Eg har hatt lyst til å sjå denne serien heilt sidan eg først høyrde om han, og det eg såg gjorde djupt inntrykk på meg. For dei som ikkje har sett, eller høyrd om denne serien, så er det Stavangerjenta Ruth Helen Gjævert frå Stavanger, som nå er blitt 36 år og jobbar som journalist i VG-TV, som har laga ein biografisk og svært personleg dokumentar om fortida si i Jesus Revolution.

Ho var med i organisasjonen i fleire år då ho var heilt ung, og fortel om ei svært radikal tid som misjonær og gateevangelist i Oslo. Dei sov på  felstsenger i ein leiligheit i ein bygard i hovudstaden, og stod opp klokka seks kvar morgon for å be og ha aleinetid med Gud. Resten av tida brukte dei på forkynning av ulike slag som å syngja på gata, halda gateteater eller danseoppvisning med bibelsk innhald eller på å snakka med menneske dei møtte om Jesus.

Til å begynna med opplevde ho ei intens glede over å få gjera dette. Ho kjende seg sikker på å vera på rett plass i Guds plan med livet hennar, og ho brann sterkt og oppriktig for det ho gjorde.

Etter fleire år med denne livsstilen, var ho totalt utslitt, deprimert og forvirra. Ho visste ikkje lenger kven ho var og kva ho ville med livet sitt. På eit punkt hadde ho fått nok. Ho forlot organisasjonen og det ho hadde stått for, utan heilt å vita kor ho skulle gå hen med seg sjølv. Etter å ha halde dette kapittelet i livet sitt meir eller mindre hemmeleg for dei ho sidan hadde møtt i meir enn ti år, bestemte ho seg for å vera ærleg og snakka ut. I TV-dokumentaren prøver ho å ta eit oppgjer med det ho ein gong brant så sterkt for, og prøver å finna ut kva som dreiv henne, kva som gjekk gale, kven ho var då, og kven ho er nå.

Etter å ha sett denne serien, sit eg att med ein del tankar, og eg kjende eg måtte skriva nokre av dei ned på bloggen min. Eg kjende og at eg måtte trø veldig varsomt fordi dette er eit minefelt av sterke kjensler for mange menneske, og til dels og for meg. Før eg begynte å skriva, sette eg meg ned og leitte etter bilete eg kunne illustrera innlegget mitt med, det kjendest som ein grei stad å begynna…

image

Eit av dei bileta eg kom over, er dette biletet av meg sjølv frå det eg trur må ha vore den sommaren eg var sytten år. På den tida hadde eg omtrent det same utgangspunktet som Ruth Helen Gjæver hadde då ho gjekk inn i Jesus Revolution, sjølv om ho er nesten tjue år yngre enn meg. Eg var sterkt og intenst overbevist om at Jesus var svaret på det meste, og eg ville svært gjerne bruka livet mitt i det eg såg for meg var teneste for Gud. For min del har eg vel i grunnen aldri lagt den tanken vekk, men ein er vel aldri så overbevist om noko som når ein er 17. Eg lytta til plater av Kari Hansa og Gregers Hes, hadde i to omgangar vore med i bibelgrupper arrangerte av Ungdom i oppdrag, og var tiltrukken av den litt frikete, hippiaktige og intense stilen som Jesus- bevegelsen stod for. Det kan ein med litt godvilje lesa inn i fanakofta i ulike lillanyansar som er under produksjon… På den tida strikka eg alltid… Eg vandra rundt med eit fargerikt og kaotisk strikketøy på gata med garnnøsta i eit nett eller ei korg over armen.

image

På veggen på rommet mitt hadde eg denne plakaten i staden for The Osmonds og David Cassidy som framleis pynta veggene hos nokre av venninnene mine. Heilt fanatisk vart eg nok forresten aldri. Ein gong sa Else, frå Molde, som var bibelgruppeleiaren min og reisande for Ungdom i oppdrag, at dei fleste som vart kristne etterkvart mista kontakten med dei tidlegare vennene som ikkje var det fordi dei etterkvart fekk lite til felles. Eg hugsar at eg tenkte at «Det kan du bare gløyma, det blir ikkje aktuelt for meg å skifta ut ei einaste av venninnene mine…»

Litt pysete var eg nok og om eg skal vera ærleg. Eg hugsar at eg  syntest at alt snakket om nådegavar var litt skummelt. Eg kjende at eg rett og slett var litt redd for at eg plutseleg skulle oppdaga at eg hadde profetisk gave og fekk i oppgåve å gå rundt i gatene og ropa ut domsprofetiar eller noko slikt… Eg bad intenst til Gud om å få kjærleiken sin nådegave, for den kunne vel ikkje skada verken meg sjølv eller andre…

Likevel var eg klar til å forsaka det meste om eg vart overbevist om at det var Guds vilje. Framleis er likninga om han som fann ei kostbar perle og selde alt han åtte for å ha råd til å kjøpa perla noko av det som for meg er det finaste og mest tydelege biletet på ei Gudstru. Mi tru er så kostbar for meg at mykje anna blir smått i forhold.
image

Det var for meg utruleg trist å høyra kor vanskeleg livet hadde blitt for Ruth Helen etter fortida i Jesus Revolution. Det var og utruleg trist å høyra at ho opplevde at identiteten hennar vart nesten viska ut fordi dei vart oppfordra til å fornekta seg sjølve for å gje betre plass til Jesus. Eg vart og forskrekka over å høyra at den store drivkrafta for dei var å berga folk frå djevelen og helvete. Å fokusera på denslags tankar har alltid vore meg uendeleg fjernt. For meg har det vore det å tilføra det gode som har vore tanken, ikkje det andre.

Nokre av barna mine har gode venner som med liv og sjel har gått inn i kristne trusgrupper som kanskje kan minna litt om Jesus Revolution. Eg har tenkt at det ville eg ha unna barna mine og, å oppleva ei så sterk og revolusjonerande tru at det vil toppa alle prioriteringslister. Etter å ha lytta til Ruth Helen ser eg at det kanskje ikkje utan vidare er det ein bør ynskja.

15852742005_e01ba99b85_k

Ein annan ting som faktisk gjorde inntrykk på meg var den nesten sjokkarta reaksjonen ein av kollegene til Ruth Helen fekk då ho fortalde om fortida si, som ho rett og slett hadde skamma seg over i mange år og vore engsteleg for at nokon skulle finna ut av. I min ungdom på Sørvestlandet var ikkje det å ha ei sterk kristen tru noko som fortona seg som spesielt merkeleg eller unormalt. Nå trur eg det er slik at dette for mange ungdomar, kanskje ,spesielt på austlandet er ein lukka verden som mange veit svært lite om. Det synest eg og er trist.

 

det-usynlige-barnet

Det alle me som trur må ta på største alvor er at Ruth Helen etterkvart følte ho var blitt utviska og usynleg. Ho opplevde at ho ved å bruka all sin oppriktige entusiasme for det ho trudde var det gode, vart heilt utslitt og ikkje lenger visste kven ho var.

I ein rørande episode besøkjer ho strålande, varme og unge Mina, også ho frå Stavanger som var misjonær for Jesu Kristi kirke av siste dagars hellige, eller mormonarane som dei ofte blir kalla. Ruth Helen kjenner seg att i Mina og møter henne med ein varm respekt, og til dels med medkjensle.

image

Då eg i si tid var kristenruss, hadde me ein gong eit stort festarrangement med middag og innleigd talar. Denne talaren, som eg ikkje hugsar kven var, sa med ei viss sorg i røysta at statistikken viste at ein ganske høg prosentdel av oss som var der om fem eller ti år fram i tida ikkje lenger ville ha nokon aktiv kristentru. Eg hugsar at fleira av oss såg bekymra på kvarandre, nesten som ein tenkjer at Jesu disiplar gjorde det under det siste måltidet. Det var nummeret før me mumla høgt: «Det er vel ikkje meg.» Nå, med fasiten i handa ser eg at han hadde rett…

17645949379_9ef727622c_o

I tida på vidaregåande skule hadde mange at dei eg kjende ei sterk og kompromisslaus tru. Folk eg kjende knuste LP- platene sine fordi dei var av ein art som drog tankane vekk frå Gud, og ei venninne av meg hengde ein lapp med «Sjå heller på Jesus» på spegelen, fordi ho opplevde å bli for fokusert på korleis ho såg ut. Me starta kvar morgon med eit eukumenisk bønnemøte i kjellaretasjen og kvar fredag fekk dei av oss som hadde tru for det, i vårt tilfelle sikkert ein tredjedel av klassen vera inne i matfriminuttet for å ha bønnemøte. Det virkar nesten litt merkeleg å skriva om det her, men for meg var det fint, og det kjendest heilt naturleg.

Og mange av oss er framleis aktive i kristne samanhangar. Nokre tok eit oppgjer med seg sjølve og har seinare teke avstand frå det brennande kompromisslause engasjementet dei hadde.

Sjølv var eg aldri skikkeleg insaidar i dei mest dedikerte karismatiske organisasjonane. Leif har ei fortid som langt overgår mi i så måte. Han har vore på team med Ungdom i oppdrag, hatt eit opphald i Tyskland som frivillig arbeidar i det eg trur var Operasjon Mobilisering ,og har ei fortid som brennande evangeliseringsungdom. Han seier nå at han ikkje er like glad for alt som skjedde. Me har ulike erfaringar som gjer oss til det me er på godt og vondt. Heldigvis held me aldri opp med å utvikla oss som menneske, og eg vil håpa eg kan føya til «som truande». Ikkje alt eg gjekk god for som 17-åring ville eg gått god for i dag, men kjernen i deg eg tenkjer og trur er nok likevel i stor grad den same. Eg har framleis ei oppfatning av at eg har funne perla som er meir verdfull enn noko anna.

Parallelt med serien «Frelst» går det ein dokumentar på NRK om ein ei gruppe ungdomar som går på Acta bibelskule i Stavanger, Guds lærlinger.» Eg tenkjer nok at menge av dei som ser serien vil oppfatta det dei ser som sært og som merkeleg. Eg ville nok ikkje direkte ha oppmuntra ungdomane til alt eg ser dei gjer, men eg blir rørt av den varmen dei har og det veldig oppriktige ynskjet om å gå ut i verda med noko som er godt og reint og viktig. Eg håpar dei ikkje svir vengene sine på den måten Ruth Helen opplevde å gjera det.

image

I eit samfunn der marknadskreftene rår, der idealet er å albua seg fram og prestera livet sitt og utsjånaden sin, så rører det meg at nokon går ut i gatene med den innstillinga til livet som ungdomane frå Acta gjer. Eg synest det er vakkert at nokon nærmar seg livet utan heile tida å stilla spørsmålet «What´s in it for me?» Det finaste med tru er kanskje at det kan gje motivasjon og frirom for å tenkja nestekjærleik. Faren med det meste er sjølvsagt fanatisme og sjølvgodheit.

26005695501_fa62d7b7ce_o

Eg fekk lyst til å skriva til Ruth Helen og takka for at ho delte. Kanskje eg gjer det ein dag, men eg reknar med at mange har same trongen til det som meg. Eg vil gjerne ynskja henne alt godt og at alle gode dører skal opne seg for henne. Eg vil slutta med nokre tankar eg skribla ned i notatboka mi i Stavanger i dag:

Velsigna vere du
som vil bera det gode ut i verda,
velsigna vere du
som i naken uskuld
ber eit brennande hjarte
i nakne handflater
utan baktankar.

Herren velsigne og bevare
den som ville bera oss alle i truog som ubeskytta står att
med brannsår på sjela.

Gud hjelpe oss som lite skjønar.

 

image

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: