Gå til innhald

Gripa det gode i dagane

april 9, 2016

image

Det har skjedd så mykje den siste veka at det er blitt lite skriving her. Nå er formidlingstrongen stor, og eg veit ikkje kor eg skal begynna. Eg trur eg begynner stykkevis og delt, og tek dei som har lyst til å henga med, ei veke tilbake i tid. I motsetning til i dag, så vakna me sist laurdag til regn og gråver. Eg og Leif hadde planlagd ein tur til Stavanger for å sjå kva dagen kunne ha å by på, og me valde å ikkje la oss skremma av veret. Gråver og regn er fint fotover, og det kjem nok tydelegare fram på hans bilete enn på mine mobilfotografi. Eg får sjå om eg får snike meg til noke av hans etterkvart. Men det er altså noko med slikt ver som får fargane til å bli så fine. Dersom det då ikkje er min hang til vemod, mollstemde tonar og melankoli som slår gjennom…

image

Leif fortsatte jakta på street-art til temabyvandringa han skal arrangera med Comeniusgjestene som kjem til skulen i neste veke. Jammen er det slik at eg faktisk blir litt hekta eg og på bileta som finst på veggene rundt i byen. Dei fortel historiar.

image

Historiar er noko eg aldri kan la vera å høyra på, kjenna på og fortelja, Både menneska, dagane og livet er for meg vovne etter Matrjuska- prinsippet, det finst alltid eit lag med liv under det du ser.

image

Og det meste kan tolkast.

image

På ein uventa plass traff eg «kånå». Ho stod då på torget før? Er det eit bilete på at me undertrykkjer «kånå» i oss så godt me kan? Det er lenge sidan folk på min alder gjekk rundt og såg ut som «kåne». Det ordet er forsvunne frå språket og, forresten, nå brukest det vel bare i betydningen «kånå» mi, og knapt nok der. Me veit nesten ikkje kva me skal kalla oss sjølve… Kvinnfolk høyrest nedsetjande ut, damer høyrest litt jålete ut,  jenter er me kanskje nesten ikkje lenger, og kvinner er ikkje eit bruktbart ord i dette hjørnet av verda. Men fri og bevare meg for å vera kånete… Det er vel noko av det siste  eg vil… Det er ein smule komisk det heile…

image

Så ende me til slutt på kulturhuset i Stavanger der dei hadde god suppe på kafeterien. Eg fekk mast meg til ein time med skriving inne i den avdelinga som er ei blanding av bibliotek og sosial møteplass. Akkurat der elsker eg å sitja mellom alle menneska og bøkene med penn og notisbok. Eg liker atmosfæren der så godt. Det er stille og fredeleg samtidig som det summar av menneskestemmar og til ei kvar tid kan det meste skje. Og som framgår av det tåpelege biletet, eg er framleis verken dame eller kåne…

«Men livet er ikke det verste man har», og det held i grunnen lenge å vera menneske.
Og til slutt var «kaffen klar». Me tok han i vår eiga stove og inviterte Odd Christian på restane av påskegjærbaksten.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: