Tenk om
april 2, 2016
I dag har eg lyst til å posta eit dikt som dotter mi, Sunniva, har skrive. Eg har fått lov…
Tenk om dei sa:
I morgon skal de ut i krig.
Men tenk om dei svarte:
Nei takk, eg har ein avtale med mora mi.
Eller:
Nei du, det passar ikkje så godt,
eg skal trilla det nyfødde barnet mitt.
Kanskje svarre dei:
Eg kan ikkje,
eg skal i ei graferd og takka adjø.
Eller:
Nei, i morgon vil eg plante eit tre.
Nei, i morgon vil eg male eit bilete.
Nei, i morgon vil eg finne ei plate og bare lytte.
Nei, i morgon vil eg bare vere.
Dei kunne ha blitt så konfronterande at dei svarte:
Nei takk, mitt liv vart ikkje skapt for å ta andre liv.
Mitt liv vart skapt for å glede.
Sunniva Lovise Harboe
Heidi
From → Barna mine, Poesi
Kommenter innlegget