Å halda ein kulturkveld i lag
På onsdag var eg og Torhild gjester på kulturkveld i Tjensvold menighet. Etter ein liten presentasjon og eit innleiingsintervju, skulle me bruka ca tre kvarter på dikt, song og forteljing/ foredrag. Utgangspunktet var at dei gjerne ville høyra meir om det å skriva salmar, bli litt kjende med eit par av salmane mine, og å få læra nokre melodiar. Då eg høyrde det siste, visste eg at dette ikkje var noko eg kunne få til aleine. Songar og musikar er eg på ingen måte, sjølv om eg skulle ynskja at eg var det. Eg vart kjempeglad då Torhild kunne melda tilbake at den datoen eg hadde lova å koma passa for henne og. Etterkvart har me gjort ganske mange slike ting i lag, og me er begge veldig trygge på samarbeidet mellom oss.
Eg er så heldig at eg har mange venninner som eg har kjent sidan før eg vart vaksen. Eg og Torhild har kjend kvarandre frå me var fem og seks, og har opplevd veldig mykje både paralellt og saman. Det er eit godt utgangspunkt når me lagar kulturkveldar saman. Eg måtte ta med eit meir enn tretti år gammalt bilete akkurat her. Me synest sjølv at me er omtrent akkurat dei same som me var då.
Men sjølv om me er ganske ukompliserte i lag, så er det alltid greitt å få øvd litt. Me snakka litt om kvelden i boblebadet i påsken, men fann ut at me hadde god tid til slikt sånn etterkvart. På måndag var tida inne, me starta med felles middag heime på Bryne og så gjekk me laus på arbeidet, og for å vera ærleg så brukte me minst halvparten av tida på samtalar om andre ting.
Men framleis var me to dagar frå onsdag, for å gjera mest mogleg ut av det heile avtalte me å møtast rett etter jobb den aktuelle dagen, for å eta litt i lag og foreta siste finpussen.
Eg vart plukka opp på toget på Sandnes og så reiste me av alle ting til Lura turistheim for å eta middag, me tok med oss ein av sønene våre, det var koseleg å få ein prat med Martin. Fødde og oppvaksne på landet som me er, så er det alltid stas med ein kafémiddag. Me hadde framleis god tid og då me hadde leita oss fram til den rette kyrkja, fann Torhild ut at me skulle drikka kaffi i høgda. Me gjekk inn på hotellet ved IMI- kyrkja og tok heisen opp til 21. etasje der det var restaurant. Det var nesten som å vera i TV-tårnet i Berlin. Eg måtte venna meg litt til høgda før eg slutta å svimla…
Då det var nesten halvannan time att til arrangementet starta, reiste me opp til kyrkja. Det var før avtalt tid, men me fann ei ulåst dør, og gjekk straks i gang med øvinga. Eg har vore Tjensvoldkyrkja før, det er eit godt rom å vera i. Lyden i pianoet var og veldig fin.
Altarpartiet er så fint. Altartavla er laga slik at det er eit lite stille rom på baksida med fine Taizé- ikon og plass til å setja seg stille ned i bøn eller ettertanke og meditasjon.
Kyrkjeromet er ope og vidt, og orgelet står nede i romet, ved sida av pianoet, nesten framme i koret.
Det såg litt heimsleg ut at eit par svarte sko, truleg organisten sine stod lett henslengte under ein stol like ved orgelet.
Den siste timen før ein opptreden er alltid litt spennande. Vil det koma folk i det heile tatt, vil eg klara å halda meg avslappa, fokuseformidla.rt og konsentrert? Vil eg klara å formidla det eg gjerne vil formidla?
Konseptet for kulturkveldane i Tjensvold er slik at den siste timen før programmet begynner blir det servert kaffi og vaflar i kafeteriadelen, veldig koseleg. Etter litt strev fekk me den trådlause myggen til å virka og.
Då eg skulle finna stoff til denne kvelden slo det meg kor store mengdar med tekstar eg etterkvart har skrive eller oversatt. Det er ei utfordring å vera selektiv nok… Eg er slik at eg kan snakka i nesten det uendelege når eg først er i gang, så det gjeld å ha vit og sjølvinnsikt nok til å stansa seg sjølv i tide. Alle andre er som regel for høflege til å gjera akkurat det…
Når ein først er i gang, så går tida utruleg fort, og eg må nesten alltid prioritera vekk ein del dei siste ti minutta. Så er det over…
Me fekk gilde tilbakemeldingar og fine blomar. Det gjekk bra denne gongen og…
Heidi