Gå til innhald

Collage over ei fin helg

april 10, 2016

Ein veit aldri heilt når våren kjem. Det viste seg å vera nå. Helga starta nesten litt i klasseromet denne fredagen. Heilt utan at elevane fekk vita noko kom det inn tre syngande menn med banjo og gitar og fleirstemd song. Eg er litt usikker på sjangeren, men noko litt nostalgisk amerikansk. Kanskje det var bluegras? Flott var det i alle fall.

På fredag var me på eit veldig fint arrangement. Staben i kyrkja arrangerte fest for alle frivillige medarbeidarar. Det var nydeleg pynta og lyssett, og me fekk kjempegod mat frå kjøkkenet. Høgdepunktet var kanskje ein minikonsert med Hilde Svela. Ho song mellom anna to av mine tekstar som ho har sett melodi til, og ho gjer det så nydeleg.

I går stilde livet opp med den flottaste blå vårhimmelen og dei første verkeleg varme solstrålene. Ingrid og eg møttest på Bryne og åt lunsj saman før me gjekk tur med Oscar og observerte både utsprungne løvetann og diverse slag knoppar på trea. Det lukta godt av bål og dei første grillane.

Om kvelden var me i lag med gode gamle venner på Hundvåg. Det er noko eige med å vera i lag med folk me har kjend lenge, alt ein veit om kvarandre frå før av gjer at ein har eit fundament av vennskap. Så kan ein utfordra kvarandre, ta diskusjonar, snakka om dei store spørsmåla eller bare rett og slett slappa av og vera saman.

I dag hadde eg sundagsskule for sånn omtrent femte gongen på rad, nå er det nesten ein del av sundagsrutinen… Nå trur eg det er ei stund til neste gong, men eg merkar at etter ein intensiv serie så går det meir og meir av seg sjølv både å førebu seg, bli vekt av vekkjerklokka sjølv om det er sundag, og koma seg i veg i titida for å gjera alt klar.

Min flinke svigerson hadde bygd ny platting i hagen og kjøpt nytt hagebord. Eg skunda meg heim for å baka eplekake, som eg pakka inn i tevarmarar og kjøkkenhandkle og la i sykkelkorga og sykla fort til Ingrid for å halda kaka varm.  Så vart me plutseleg ti til sundagskaffi i hagen til Ingrid og Oddvar. Fuglane song som bare det ,og dei av oss som hadde teke på seg nok varme klær syntest nesten at det hadde blitt sommar.

Det er så fine lyse kveldar nå, så me tok oss ein ekstra liten sykkelturrunde på veg heim. For dei som ikkje har vore der på ei stund, så kan eg avsløra at snart er det bare den påhengde sperringa i opninga som hindrar oss i å kryssa Frøylandsvatnet via Midgardsormen.

Våren overraskar kvart år med å vera sterk og overveldande. Plutseleg blir me så tørste og svoltne på liv, og så må me ut og leva…

Eg kostar på meg å avslutta med ein av songane eg har laga til Hilde Svela og som ho song på festen på fredag. Eg synest han passar nå om våren. Ho fortalde på fredag at teksten plutseleg passa perfekt til ein melodi ho hadde laga som var utan tekst… Av og til passar det bare…

Eg kjem med takk

Tekst: Heidi Strand Harboe
Melodi: Hilde Svela

Eg kjem med takk og tonar
eg kjem med songen min,
eg  kjem til deg min Skapar,
eit barn av lengt og vind.

Eg strekker meg mot lyset,
eit barn av  bøn og song.
Eg famlar og eg leitar,
eg gjer det gong på gong

Eg kjem hit for å takka deg Gud
med tonar og med ord
Eg kjem hit med min lovsong til deg
eit barn av pust og jord.

Finn fram til dette livet
det som eg kallar mitt,
og finn ein heilag kvardag
som femnar høgt og vidt.

Må alle mine vegar
få føra meg til deg,
og må eg alltid skjøna
mitt liv er heilag veg.

Eg kjem hit for å takka deg
med tonar og med ord.
Eg kjem hit med min lovsong til deg,
eit barn av pust og jord.

Heidi

 

 

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: