Skip to content

Om å smugkikka inn i andre sine liv og erfaringar…

april 17, 2016

Sjølv om mitt eige liv rullar i relativt høgt tempo, så har eg klart å få litt tid til andre sine liv og erfaringar og. Denne boka bergtok meg. I løpet av ei vekes tid var eg innom Ketil Bjørnstad så ofte eg bare kunne få det til, og pløya gjennom bortimot tusen sider i rekordfart. Eg oppdaga denne måten å skriva på i boka Ketil Bjørnstad skreiv om seg sjølv og Mozart, og her dreg han sjølvbiografien endå lengre. Boka er skriven slik at han vekselsvis tek oss gjennom aktuelle hendingar nasjonalt og internasjonalt frå år til år på sekstitalet og vekselsvis fortel om sitt eige liv og sine eigne erfaringar i det same tidsromet.

Eg er gammal nok til å hugsa ein del av hendingane på sekstitalet, sjølv om eg hugsar ein del av det som skjedde best frå historiebøker og filmar. Ketil Bjørnstad er ærleg når han fortel frå barndomen og ungdomen sin, og mykje går det an å kjenna seg att i. Skildringane hans er i slekt med Knausgård sine, men Ketil Bjørnstad sin barndom var nok på mange måtar tryggare og meir harmonisk enn Carl Ove Knausgård sin. Likevel skriv dei begge veldig godt om det angstfylde og skremmande som og er ein del av barndomen. For Ketil Bjørnstad sin del er dette nær knytta opp til verda sin haltande og farefylde vandring gjennom den kalde krigen, men og til tankar om angsten for at ein av foreldra skal døy eller at foreldra plutseleg skal gå frå kvarandre. Samanlikna med Knausgård, så har eg ei kjensle av at Ketil Bjørnstad i litt større grad beskyttar sine næraste, me får likevel sjanse til å bli godt kjende med dei.

På mange måtar er Ketil Bjørnstad si forteljing om det å vera barn litt avvikande frå det me trur om ein barndom. Det synest eg er interessant. Sjølv tenkjer eg og at ein del av mine barndomserfaringar ikkje er fragment frå ein A-4 oppvekst. Kanskje slike oppvekster rett og slett ikkje finst? Han tek oss med inn i passasjar av opplevingar der eg som lesar ser det heile svært tydeleg for meg.

Som femten-seksten-åring og «nesten-vidunderbarn» som pianist opplever han ting som kjennest nokså uoppnåelege for dei fleste av oss. Når kronprins Harald skal feira forlovinga med Sonja Haraldsen blir han invitert til å halda ein liten konsert under gallamiddagen. Han beskriv seg sjølv som ein nokså overvektig tenåring på den tida, og fortel historia om korleis han  må ut for å leiga «kjole og hvitt» fordi det er det som blir forventa at ein pianist skal ha på seg i slike høve. Han fortel om opplevinga til å bli forandra til ein pingvinliknande skikkelse som nesten gir foreldra latterkrampe når han skal visa seg fram, og me kjenner med han når han i rein nervøsitet skvettar urin på den dyrt innleigde buksa når han skal tissa. Vel framme på slottet ,handhelsar han på Sonja, med eit så opprømt og fast handttrykk at Sonja vrir seg i smerte og dreg handa til seg. Så får han gå i inngangsprosesjon inn til middagen, der han til si overrasking oppdagar at han skal sitja til bords og eta middag med resten av selskapet. Under måltidet blir det slått stadig nye vinar i glasa hans, som han ikkje synest han kan la vera å skåla med, og tømma i seg takt med dei andre gjestene, sjølv om han er så godt som heilt ukjend med alkohol. Som leser blir ein nesten sveitt på hans vegner og anar skandalen koma. Heldigvis opplever han at hendene hans spelar nesten av seg sjølve sjølv om han er lettare susete i hovudet. Etterpå får han gode tilbakemeldingar, mellom anna frå Kong Olav som han får snakka aleine med for at kongen skal takka for konserten.

Eg har sett dokumentaren om «Guds lærlinger» frå Acta bibelskule. Her og kjenner eg att tankar og erfaringar frå min eigen ungdom. Det forundrar meg litt kor eksotisk og ukjend dette med levd tru ser ut til å vera for mange. Eg blir sjarmert av varmen deira, og av det genuine ynskjet om å bera ut kjærleiken frå Gud og gjera verda til ein betre og varmare plass.

Jeg mot meg

Eg har og sett alle episodane i dokumentarserien «Jeg mot meg» om åtte ungdomar som verkeleg slit med liva sine, og om gruppeterapitimane med ein flink og varmhjarta psykolog, Peder Kjøs, som verkeleg ynskjer å hjelpa dei. Ein blir verkeleg glad i desse ungdomane som strevar for å finna fotfeste i seg sjølve. Mange av dei har opplevingar med seg som får det til å gå kaldt nedover ryggen min og tenkja at me veit lite om korleis det er å vera andre. Det minner meg og om kor utruleg samansette skapningar me menneske er.

Eg beundrar desse ungdomane sitt mot, og openheita deira  om eigne vanskar. Eg diskuterer likevel med meg sjølv kor vidt det er klokt at dei blir oppmuntra til å eksponera sine såraste opplevingar og erfaringar for heile det norske folket. Fleire av dei fortel ting som dei ikkje har våga å snakka med foreldra sine eller vennene sine om. Eg har tru på openheit, men eg er usikker på om det burde gå ei grense ein stad som nokon burde beskytta dei mot å gå over. Blir det for belastande seinare, for eksempel når dei skal søka seg jobb at «alle veit»? Eller er me så opne og storsinna at me tenkjer at erfaring med depresjon og psykisk sjukdom er noko som gjer menneske klokara og gir dei erfaringar dei kan få bruk for i ein arbeidssituasjon i møte med andre menneske?

Fleire av dei eg kjenner har sett på Team Ingebriktsen, og tipsa meg om at det bør eg sjå på. Då Odd Christian var innom som snarast på fredag, så sette han på første episode for at eg skulle få eit inntrykk. Det ende med at eg vart sitjande og sjå på alle episodane i eitt strekk, eg vart til og med skuffa då siste episoden ikkje var sendingsklar endå.

Eg hadde tankar om at eg ikkje kom til å lika det eg såg, men eg ende med å bli grundig sjarmert… Eg er ikkje så vanskeleg slik…

Og nå går tida farleg fort. Det er viss kvelden, ja…

Ketil Bjørnstad har forresten lova oss bok både om sytti-talet. åtti- talet, nitti-talet og to tusen- talet. Eg har den same kjensla som då eg som barn fekk sjå «Familien Ashton». I det ein episode rulla ut med vignetten med sandslottet med engelsk flagg og den vemodige musikken som fulgte… _ Korleis skal eg orka å venta til neste episode?…
Heidi

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: