Siste helga i april
Veret er trulaust i april. Det meste kan koma over oss. For to år sidan var det full sommar i april, i fjor var våren seinare, og i år har eg ikkje sett ei einaste bjørk med utsprungne grøne blad endå. I går fekk me med oss snø og haglbyger.
Men dei første lamma ute på markene er eit av dei finaste vårteikna eg veit om.
Og lyset over heia mellom Ålgård og Undheim var fantastisk fint.
I dag vakna me til sol, og sjølv om vinden er kald, var det fantastisk fint ute. Det passa oss veldig godt med sol, for me hadde tenkt oss på tur. Me lånte til og med med oss hund, for Oscar kan trenga å få gått litt av og til…
Det var skikkeleg skummelt for den vesle firbeinte å gå over denne litt hengebruaktige brua. Han sette seg rett ned, og prøvde å stritta i mot med alle fire beina då eg skulle lokka han med. Det ende med at han måtte berast over, og då han vart sett ned på den andre sida, var livet godt igjen.
Ein av dei finaste plassane eg veit å gå tur er med utgangspunkt frå Hå gamle prestegard. Der kan ein først gå eit stykke på små grusvegar, og så gå langs stranda nordover så langt ein har tid og lyst til å gå.
På plassar der det var «live» var det rett og slett deilig og varmt i sola. Det gjer godt med sol i ansiktet etter ein lang vinter… Med den armskada mannen i mitt liv går det mykje betre
Me gjekk ein liten runde langs stranda i og ein tur bortom Håtangen på tilbakevegen.
I horisonten såg me store skip, og langs strendene var det masse måkar. Ei einsleg vipe såg me og som flaug lågt over markene der ho kanskje har egg og reir. Eg veit ikkje heilt kor tidleg vipene hekkar. Det er gildt å observera at dei ikkje har blitt heilt borte for oss.
Framleis har me ikkje merka så mykje til sommarvarmen, men i april er det vel meir normalt enn unormalt med temperaturar på mellom fem og ti grader. Lyset har me fått tilbake, og snart blir det vel varmare og…
Heidi